Dramatisk ved Havila Kystrutens spanske verft
BARRERAS: Store problem ved Barreras-verftet, der Havila Kystruten byggjer to skip. Ved kaia skroget til eit ekspedisjoncruiseskip til Ritz-Carlton, eit skip som er kraftig forseinka.
Nytt

Dramatisk ved Havila Kystrutens spanske verft

Store forseinkingar, økonomiske problem og toppleiinga fjerna ved Barreras-verftet i Vigo. Havila Kystruten-leiinga i møter i Madrid.

02.10.2019

Ifølgje dei spanske avisene Faro de Vigo og La Voz de Galicia er toppleiinga ved skipsverftet Barreras i Vigo no fjerna.

Det er her Havila Kystruten byggjer to av sine fire skip, men der arbeidet vart stoppa i midten av august på grunn av vektproblem og djupgangen på skipa.

Les her: Forseinka Kystrute-skip

Havila Kystruten byggjer også to skip ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Møter i Madrid
Ifølgje avisa La Voz de Galicia skal Havila Kystruten ha planar om å flytte ferdiggjeringa av Barreras-skipa også til Tyrkia, i tillegg til at det er fremma økonomisk krav på 20 millionar Euro mot det hardt pressa spanske verftet.

Desse rykta vert ikkje stadfesta av Havila Kystruten, men NETT NO kjenner til at leiinga i lengre tid arbeidd for å finne løysingar, og har ikkje ønska å gi kommentarar før løysinga var på plass.

Onsdag får NETT NO opplyst at Havila Kystruten-leiinga sit i møter om situasjonen i Madrid.

Misnøye frå Ritz-Carlton
Ifølgje fleire spanske aviser var det etter eit aksjonærmøte torsdag at hovedaksjonæren Premex kravde endringar i verftsleiinga. Premex eig 51 prosent av verftet.

Konsekvensen er at verftspresident Jose García Costas går av. Det same med dagleg leiar Alfonso López Loureiro og finansdirektør Juan Manuel González.

Årsaka skal blant anna vere sterk misnøye frå cruiseselskapet Ritz-Carlton som har under bygging eit ekspedisjonscruiseskip ved verftet.

Stadfesta utsetjing
Fleire aviser har skrive at skipet er seks månader forseinka, i tillegg til at det er overskridingar på meir enn 50 millionar euro.

Det har også vore store økonomiske problem, med blant anna manglande betaling til underleverandørar.

Tysdag gjekk Ritz-Carlton offisielt ut og opplyste at skipet Evrima vert fire månader forseinka, og første turen med det nye skipet er utsett til 13. juni neste år.

Ifølgje Cruisenews gjekk bygginga av Ritz-Carlton skipet greit heilt til verftet starta på arbeidet med dei to skipa til Havila Kystruten.

- Enorm batterivekt
Nettstaden opplyser at det først vart finansielle problem, deretter problem knytta til designet av skipa frå Havyard Design.

Det vert opplyst at dei to skipa må forlengast på grunn av den enorme vekta på batteria ettersom desse skipa skal vere hybridskip.

Vektproblema er knytt til djupgangen på skipa ettersom det er sett vilkår om maks djupgang for at skipa skal kunne gå innom alle hamnene på Kystrute-strekninga mellom Bergen og Kirkenes.

Skipa er i utgangspunktet 122,7 meter lange og 22 meter breie.

Redningsplan
Cruisenews opplyser at dramatikken for Vigo-verftet skjer samstundes som verftet har historias største ordrebok på 900 millionar euro, og der Ritz-Carlton i utgangspunktet planla å byggje tre ekspedisjonscruiseskip med plass til 298 passasjerar i kvar.

Fleire spanske aviser melder at det no vert arbeidd med ein redningsplan der både aksjonærar, bankar og garantistar bidreg, slik at arbeidet med prosjekta kan halde fram.

Dei fire skipa skal etter planen starte å trafikkere Kystruta 1. januar 2021, men Havila Kystruten har opplyst at det kan kome til å verte forseinkingar.


Publisert: 02.10.2019 10:01

Sist oppdatert: 06.07.2022 13:16