Ervik Havfiske byggjer to linebaatar i Tyrkia
TYRKISK VERFT: Ervik Havfiske skal bygge to nye linebåtar hos tyrkisk verft.
Nytt

Ervik Havfiske byggjer to linebåtar i Tyrkia

Marin Teknikk skal teikne skipa for Ervik-selskapet Frøyanes. 

13.02.2018
Frøyanes as, eit selskap i Ervik Havfiske-konsernet, skal bygge to 50 meter lange linebåtar.
Skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy står for konstruksjonen, og designet har fått betegnelsen MT1111.
Linebåtane skal byggast hos Tersan Shipyard i Tyrkia og leverast i høvesvis desember 2019 og februar 2020.
Artikkelen blir oppdatert

Isklasse

Båtane blir bygd for norske farvatn, men blir utrusta med høg isklasse slik at dei også kan gå område med is.
Dette er det niande og tiande fartyet som Marint Teknikk teikar for Ervik Havfiske med Stig og Kjell Magne Ervik i leiinga.
MT gruppen er svært takknemleg for den tilliten som igjen er vist gjennom disse kontraktene, skriv designselskapet i ei pressemelding.
Båtane har plass til ein mannskap på 18 og blir utrustet med autoline linesystem og automatisk line-hale system, fabrikk til prossesering av fisk og fryselager.

Nedturen over

Det kjem høgst sannsynleg til å bli offentlegjort fleire skipsbyggingskontrakter der skipsdesignselskapet Marin Teknikk står for designet i løpet av året, fortald styreleiar og medeigar Svein Rune Gjerde til NETT NO i slutten av november.
Etter at offshoremarknaden tørka inn blei det færre på lønningslista og tynnare ordrebok. Men i førre månad offentleggjorde Marin Teknikk ein ny kontrakt for konstruksjon av eit diamantutvinningsskip som skal byggast hos Kleven, og varsla at meir var i kjømda.

Publisert: 13.02.2018 19:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16