Fekk paa plass avtale om krisepakke
FRP-TOPPAR: Sylvi Listhaug har leia forhandlingane på vegner av Frp. Her er ho med partileiar Siv Jensen og partifelle Jon Georg Dale på Hareid nyleg. 
Nytt

Fekk på plass avtale om krisepakke

Frp og regjeringspartia er samde om dei nye krisetiltaka for næringslivet.

16.11.2020
Frp har fått plussa på 4,4 milliardar kroner på den siste koronakrisepakken til regjeringa. No får bedriftene meir, og flypassasjeravgifta blir skrota neste år.
Seint måndag ettermiddag kom partane til einigheit om ein avtale, som Sylvi Listhaug (Frp) seier ho vil anbefale, ifølgje .
– Det ser veldig bra ut no, så vi kjem til å innkalle stortingsgruppa vår og gjennomgå det som no ligg på bordet, seier Frps nestleiar Sylvi Listhaug til NPK.
Ho er godt fornøgd med resultatet og seier ho vil tilrå å seie ja til avtalen. Mellom anna har Frp fått inn betydelege forbetringar for dei koronaramma bedriftene og for luftfarten.

Plussa på 4,4 mrd.

Totalt er den nye krisepakken på 22,1 milliardar kroner, samanlikna med dei .
– No er Noreg i ei krise. Vi må sikre arbeidsplassar og vi må sikre òg at folk har ein jobb å gå til når denne krisa er over, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug, som har leidd forhandlingane for partiet.

Auka koronakompensasjon

Krisepakken, som no har fleirtal i Stortinget, har mellom anna vorte «oppgradert» på desse punkta:
  • Bedrifter med stor omsetningssvikt får auka koronakompensasjonen. For november og desember blir dekninga på 85 prosent, mot 70 prosent som regjeringa foreslo. Deretter vil ho vere på 80 prosent i januar og februar. For september og oktober blir kompensasjonen sett til 70 prosent, mot 60 som regjeringa foreslo.
  • Makstaket for utbetalingar blir òg heva frå 50 til 80 millionar kroner.
  • Flypassasjeravgifta blir fjerna ut 2021. I tillegg skal regjeringa vurdere ei eiga kompensasjonsordning for luftfarten.
  • Den låge satsen på den såkalla lågmomsen på 6 prosent blir halde oppe i første halvår. Dette gjeld mellom anna kultur, reiseliv og transport.
  • 400 millionar kroner for å hjelpe mot einsemd for eldre.

(ekstern lenke)
Avtalen inneber òg at ein på nyåret skal vurdere å vidareføre kompensasjonsordninga for dei kriseramma bedriftene dersom det er behov for det.
– Vi ønskjer at regjeringa skal vere i forkant, ikkje på etterskot slik dei har vore til no, seier Listhaug.

Statsbudsjettet står att

No som det er semje om krisepakken, skal Frp og regjeringspartia for alvor i gang med å forhandle om statsbudsjettet.
– Denne pakken er ein liten del av statsbudsjettet for 2021. Det ventar no tøffe forhandlingar for å komme til semje om resten, seier Listhaug.

NHO-sjefen er nøgd

NHO-sjef Ole Erik Almlid meiner regjeringa og Frp har kom næringslivet i møte med tiltaka.
– Vi står i ei veldig alvorleg krise, og mange bedrifter har ein krevjande og mørk vinter føre seg, påpeikar NHO-sjefen.
Han uttrykkjer glede over forbetringar i krisepakken. NHO har kjempa for å auke kompensasjonsgrada, understrekar Almlid. Den blir no på 70 prosent i september og oktober, så 85 prosent i november og desember og deretter 80 prosent for januar og februar.
– Dette viser at Frp og regjeringa forstår at bedriftene treng ordentleg hjelp for å unngå at koronapandemien blir ei unødvendig stor krise for norsk næringsliv, seier Almlid.

Les også:





(©NPK)

Publisert: 16.11.2020 23:02

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:32