ABB Ronny Barslett Gunnar Hide Sindre Saetre foto Marius
HØG AKTIVITET: Ronny Bårslett (f.v.), Gunnar Hide og Sindre Sætre i fabrikken til ABB i Ulsteinvik. Aktiviteten på forsvarsmarknaden gjer at avdelinga treng fliere tilsette. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sterk vekst for ABB si Ulstein-avdeling

Boom i marknaden for skip til forsvarsindustrien er viktigaste årsaka til bemanningsauke.

Marius Rosbach
07.04.2025

For knappe to år sidan opna ABB ein ny fabrikk i Ulsteinvik retta mot marknaden for kystvakt- og marineskip.

I dag kan Sindre Sætre, som leiar marineverksemda til ABB, trygt slå fast at den fyller eit behov. 

– I dag teller ABB kring 130 personar som jobbar her på Borgstein, og aktiviteten i dette segmentet er sterkt aukande, fortel han til Nett No. 

Talet på tilsette betyr at avdelinga har auka bemanninga med kring 30 prosent dei siste par åra. 

ABB leverer grovt sagt alt ein treng for å drive eit skip framover av propellar, system og elektronikk – med unntak av diselmotorar.

I Ulsteinvik er det avansert elektronikk som gjeld. Nyleg kunne dei fortelje om ei ny kontrakt på utstyr til seks patruljefartøy den portugisiske marinen. 

Då Nett No er på besøk er heile golvet i fabrikken fylt av skap fulle av elektronikk, som står på rad og rekke. 

Abb Gunnar Hide foto Marius
ALLSIDIG LEVERANDØR: Salsleiar Gunnar Hide fortel at ABB leverer det meste som trengst til å drive eit skip framover. Foto: Marius Rosbach

– Heilt klart den store drivaren
Kort sagt er det ei meir uroleg verd som er drivaren for den auka aktiviteten med å bygge forsvarsskip.

Og mykje meir er det venta å bli, ettersom både Norge og fleire andre land planlegg ei storstilt flåtefornying. 

– Dette er heilt klart den store drivaren for det vi jobbar med om dagen, og det som skapar nye arbeidsplassar her i Ulsteinvik, fortel Sætre. 

Han anslår at det som blir omtala som «navy»-segmentet, utgjer storparten av veksten i ABB si marineverksemd i Norge dei siste par åra. 

Sindre Saetre foto marius
TRENG FLEIRE TILSETTE: Sindre Sætre fortel at dei treng fleire folk ved Ulsteinvik-avdelinga framover. Foto: Marius Rosbach

Treng både tilsette og lærlingar
ABB ventar også at dei skal bli fleire ved Ulsteinvik-avdelinga framover. Dei har nyleg tilsette fleire nye, og ventar behov for fleire i dei fleste fagdisiplinane framover.   

– Vi har nettopp tilsett ein planleggar, lagerfolk og elektrikarar, og reknar med ei jamn auke framover, fortel produksjonsleiar Ronny Bårslett. 

Frå sommaren vil dei også ta inn lærlingar. 

– Det er ein veldig god måte å rekruttere på, og ein får vere med å utvikle folk, påpeiker Bårslett. 

Fleire skilnader frå sivile fartøy 
Ved Ulsteinvik-avdelinga blir det i hovudsak laga frekvensomformarar som skal om bord på kystvakt- og marineskip. Dei leverer også systemløysingar for elektrisk framdrift og kraftdistribusjon til skipa.

Gunnar Hide er salsleiar for denne marknaden og fortel at den største skilnaden mellom leveringar til sokalla «grå skip» og sivile fartøy, er krava til dokumentasjon. 

– Sjølve utforminga av systema kan vere ganske lik på eit skip til forsvaret og eit offshoreskip, men krava til at utstyret skal tole sjokk og vibrasjonar - og samtidig vere støysvakt - er noko eit heilt anna i denne marknaden, seier Hide. 

Investeringar i trygge nettverk og datasystem må også naturleg nok vere på plass når ein leverer til forsvarsindustrien.  

– Det er betydelege midlar som skal til berre for å lage den infrastrukturen som trengst med sikkerheitsklareringar, it- og systemkontroll, seier Hide. 

Mindre klima-merksemd – same løysingane
Forholdet til klimakrav er ein annan skilnad frå anna skipsindustri. 

I den sivile skipsfarten har klimakrav vore ein stor drivar dei siste åra, medan det framleis er driftstryggleik og framdrift som blir prioritert på militære fartøy.

– Det er nok lite fokus på det grøne skiftet i marknaden for marinefartøy. Men løysingane som vi har utvikla for den kommersielle marknaden, har den same måten å løyse utfordringane på ved at utstyret er meir effektivitet og reduserer forbruket av drivstoff, seier Sindre Sætre. 

– Det er løysingar som gjer det grøne skiftet mogleg. Elektrisk framdrift og kraftdistribusjon er eigentleg det vi har jobba med heile vegen, legg han til. 

Publisert: 07.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.04.2025 23:45

Mer om