Powersave As er eigd 55/45 av Metizoft/Susteni og er ei felles satsing for Ulstein- og Herøy-selskapa.
Dei skal tilby kundar i maritim bransje med å finne, og innføre, effektive tiltak for energi- og utsleppsreduksjon gjennom programvareløysingar og ingeniørtenester.
Powersafe blei opphavleg utvikla av Susteni som eit digitalt analyseverktøy for energisparing og utsleppsreduksjon.
Med Metizoft som medeigar og største aksjonær er selskapet betydelge styrka når det gjeld kapital, programvarekompetanse og marknadsadgang, skriv dei Metizoft og Systemi i ei pressemelding.
Sjølvstendig selskap
Powersave skal nytte erfaringene og nettverka til både Susteni og Metizoft, men vil drive som eit sjølvstendig og uavhengig selskap.
Jan Ove Kleppe, no COO i Susteni, har ansvaret for å bygge selskapet og løysningene i åra som kjem, heiter det i pressemeldinga.
Metizoft leverer miljørapporteringsløsningar for reiarlag. Frå hovudkontor i Fosnavåg styrer Metiozoft ei verksemd med kundar og aktivitet over heile Europa, i Sør-Amerika og Asia.
Susteni leverer ingeniørtenester og produktutvikling-teneste retta innovasjon og energieffektive løsninger for akvakultur og maritim industri. Susteni har hovedkontor i Ulsteinvik og eit salskontor på Karmøy.
Publisert: 07.04.2025 12:42
Sist oppdatert: 30.05.2025 10:14