Generasjonsskifte og hotellopning for Ervik
HOTELLOPNING: Om ein dryg månad er det klart for opning av «nye» Stad hotell på Leikanger. Far og son, Stig og Robert (t.v.) Ervik, gler seg.
Nytt

Generasjonsskifte og hotellopning for Ervik

Linebåtreiarlaget på Stadlandet har fått råd for korleis dei skal unngå strid ved generasjonsskifte. Snart opnar dei også hotell - og døyper nye båtar.

Marius Rosbach
19.10.2019

Stig og Kjell Magne Ervik, som eig Ervik Havfiske, er klare til å dele på eigarskapen i konsernet. No i oktober blir første steg av generasjonsskiftet gjennomført ved at dei to tremenningane tek kvart sitt selskap inn i Ervik Havfiske Holding.

– No delar vi opp slik at Kjell Magne og eg får kvart vårt selskap som vi tek inn i holdingselskapet. Då kan vi ta inn dei nye generasjonane inn der. Det første trinnet blir ferdig i oktober, og så kjem trinn nummer to neste år, fortel Stig Ervik til NETT NO.

I Brønnøysundregistera kan ein sjå er det er gjort vedtak i september om fusjon i Ervik Havfiske Holding, med selskapet EHH Ervik som overtakande selskap og KMS Ervik som eigarselskap.

Vil redusere sjansane for strid
Stig og Kjell Magne Ervik har sidan slutten av 1980-talet bygd opp eit av verdas største linebåtreiarlag, som i dag har 18 båtar i flåten. Dei har lagt bak seg nokre svært gode økonomiske år med fleire rekordresultat.

Stig Ervik fortel at dei har fått råd om korleis dei kan gjere generasjonsskiftet oversikteleg og redusere sjansane for at neste generasjon ryk uklare med kvarandre.

– Vi vil eige 50 prosent kvar i holdingselskapet, via kvar våre selskap, så avgjer vi sjølv korleis vi delar det opp vidare, fortel Stig Ervik.

Les også: Stad-reiarar kåra til årets sjømat-namn

Glede over ny designkontrakt

Lokale firma i hotellsatsing
Kjell Magne og Stig har sju barn til saman. Fleire av sonene har allereie vore på sjøen i ein del år, men har no også kome meir inn i drifta ved kontoret. Robert Ervik, yngstesonen til Stig, har no tittelen driftsansvarleg.

nettnohalf

– Men vi er likestilte, skundar han seg å legge til då NETT NO møter han og faren på Leikanger.

I sentrum av bygda er siste tilskott i Ervik-konsernet i ferd med å reise seg: Eit hotell med til saman 32 rom. Det er ei investering på til samen 80 millionar kroner, som gir mykje arbeid lokalt.

– Det er stort sett berre lokale firma på alt frå byggherre til røyrleggjararbeid, fortel Robert Ervik.

Opning med skipsdåp
Til no har det vore 12 rom for overnatting i den restaurerte Furebuda som stod klar i 2017.

I desse dagar jobbar dei med å gjere ferdig den nye Hoddevikbuda ved sidan av – som får 20 rom. I tillegg kjem det fest- og møtesal på 240 kvadratmeter, restaurant og pub. Til saman blir nybygga på kring 1500 kvadratmeter.

nettnohalf

Alt skal vere klart til opning 24. november, og då satsar reiarlaget på at dei samtidig kan døype sine to nyaste båtar som er under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Båtane skal få namna MS Frøyanes Junior og MS Vestkapp og skal fiske i norske farvatn. Stig Ervik har tidlegare fortald til NETT NO at dei sel båtar for å sikre kvoter til nybygga.

Les også: Sal sikrar kvoter til nybygga

Ervik Havfiske og Carisma Fish går saman


Publisert: 19.10.2019 05:55

Sist oppdatert: 02.10.2021 16:51