Hallvard Slettevoll satsar paa vindskip
VIND: Forma på skroget gjer at skipet kan utnytte vinden for å få framdrift og redusere bruken av fossilt drivstoff.
Nytt

Hallvard Slettevoll satsar på vindskip

Går saman med Terje Lade for å bygge bilskip med plass til over 6000 bilar, og med vinden som viktig drivstoff.

17.01.2020
- Dette prosjektet treng ein hybrid framdriftstekonologi, som vi kan bidra med, seier dagleg leiar og storaksjonær Hallvard Slettevoll i skipselektro-selskapet Stadt i Gjerdsvika.
Saman med Høglund Marine i Tønsberg har Stadt blitt medeigar i selskapet Vindskip as, som skal bygge eit 199 meter langt og 49 meter breitt bilskip utvikla av selskapet Lade as i Ålesund, der Terje Lade er dagleg leiar og hovudaksjonær.


Lade har arbeidd i mange år for å utvikle og realisere ideen om eit skip forma som ein flyvenge på høgkant, der heile skroget fungere som eit segl. Skrogforma gjer at skipet kan utnytte vinden til å få framdrift. Skrogforma gir også ekstra framdrift når skipet blir drive fram av elektriske motorar som får straum frå LNG/diesel.

Signering i år

Alliansen med Stadt og Høglund - som levere LNG-tankteknologi, skal løfte prosjektet fram. I beste fall kan det bli signert byggekontrakt i slutten av 2020, i følgje Lade og Slettevoll.
- Eit spennande prosjekt som har veldig stort potensiale for meir miljøvennlege skip, seier Slettevoll.
Dei to viktigaste oppgåvene for Vindskip as blir å få på plass finansiering av bygging av det første skipet, og ein avtale med eit lasteigar om å bruke skipet.

Meir kapital

Kapitalutviding no er på 130.000 kroner, og dei tre partane eig ein tredjepart kvar i Vindskip as, som har ein lisensavtale med Lade as om å bygge skip.
Får Vindskip finansieringa på plass og skipsbygginga startar må det langt meir kapital til i ei ny kapitalutviding.
I fjor haust fekk Lade vite at han får pris for skipet under German Design Award 2020 i februar i år. Skipet er ein av fleire vinnarar i klassa «Excellent Product Design, Conceptual Transport» - eller framståande designprodukt.

Publisert: 17.01.2020 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50