Heilt fantastisk om dette gaar i orden
KJEMPEKONTRAKT: Kjetil Bollestad (innfelt) kryssar fingrane for at Triumph-kontraktane går i orden. Det vil gje mykje arbeid til Kleven, Kleven sine underleverandørar og store deler av den maritime klynga.
Nytt

- Heilt fantastisk om dette går i orden

Kleven-direktør Kjetil Bollestad seier at Triumph-kontraktane vil gi godt med arbeid framover for Kleven og mange i den maritime klynga.

11.06.2020
- Vi kryssar fingrane for at dette no går i orden. Det vil vere heilt fantastisk, seier Kleven-direktør Kjetil Bollestad.
Han stadfestar at den kroatiske Kleven-eigaren DIV Group har skrive intensjonsavtale med selskapet om bygging av inntil fire 200 meter lange spesialskip for utvikling av vindkraftfelt.
- No vert det jobba vidare med konseptutvikling og endeleg kontraktsinngåing, seier Bollestad.

Tre milliardar per skip

Dei Skipsteknisk-designa skipa er 200,2 meter lange og 35,0 meter breie. Kvart skip skal innreiast for 240 personar, og er fullspekka med avansert utstyr.

Etter det NETT NO har grunn til å tru ligg prisen per skip på i overkant av tre milliardar kroner, men endeleg finansiering skal enno ikkje vere på plass for Triumph Subsea Services.
Partane er uansett komne så langt at Triumph opplyser at planen er å starte stålarbeidet ved Brodosplit på det første skipet i mars-april neste år, og deretter på skip nummer to seks månader seinare.
Intensjonsavtalen gjeld to skip, med opsjon på ytterlegare to skip.

- Viktig for heile klynga

Kjetil Bollestad seier at skroget på første skipet er venta til Kleven våren 2022, om alt no går etter planen.
- Dette prosjektet vil gi massevis av arbeidstimar til Kleven og til Kleven sine underleverandørar.
- Dette er prosjekt som vil vere viktige for heile den maritime klynga.

Jobbar med nye kontraktar

Kleven skal i løpet av hausten overlevere den ombygde trålaren Nordnes og ein PSV til Atlantic Towing Shipping.

I tillegg ligg ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen ved verftet i påvente av at det igjen skal vere muleg å dra på cruise.
- Vi gjer litt garantiarbeid og litt modifiseringsarbeid på desse skipa, seier Bollestad.
Han har god tru på at verftet snart kan melde om nye kontraktar.
- Ja, vi arbeider med fleire prosjekt, både i eigen regi og saman med Brodosplit.
- Dette gjeld både nybygg og ombyggingsoppdrag, og eg har god tru på at vi skal ha noko på plass til hausten/vinteren.
Dette prosjektet vil gi massevis av arbeidstimar til Kleven og til Kleven sine underleverandørar

Publisert: 11.06.2020 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58