Hellesylt hydrogen faar Pilot E status
FÅR STØTTE: Knut Flakk i Flakkgruppen håpar at anlegg for produksjon og levering av hydrogen på Hellesylt er klart seinast i 2023.
Nytt

Hellesylt-hydrogen får Pilot E-status

Flakkgruppen i spissen for konsortium som skal produserere og levere hydrogen i Hellesylt.

13.12.2019
Konsortiet har fått ja til støtte gjennom den såkalla Pilot-E-ordninga, som er oppretta for å få fram og utvikle idear innan miljøvenleg teknologi. Ordninga blir finansiert av Enova, Forskningsrådet og Innovasjon Norge.
Søknaden gjeld ei totalinvestering på 80 millionar kroner, sa Knut Flakk i Flakkgruppen til NETT NO i oktober i år.

Nesten 50 prosent

Støtta gjennom Pilot-E-ordinga er på 37,6 millionar kroner, neste halvparten av den prosjektet skal koste. Knappe 30 millionar av støtta kjem frå Innovasjon Norge.
Målet er eit hydrogenproduksjonsanlegg ved eitt av kraftverka på Hellesylt, eit system for distribusjon av hydrogen til kaia, der hydrogendrivne ferjer og andre fartøy får fylt opp tankane og kan trafikkere Geirangerfjorden utan andre utslipp enn vatn.

Fleire samarbeidspartnare

I tillegg til Flakkgruppen er mellom andre Hexagon Composites (der Flakkgruppen er stor aksjonær), Tafjord Kraft, Stranda kommune og Fiskestrand Verft med i konsortiet.

I alt deltok 12 konsortier i konkurransen om Pilot-E-status. Dei hadde til saman 79 partnarar, derav 67 bedrifter og seks forskningsinstitusjonar.
I tillegg til hydrogen-satsinga på Hellesylt fekk eit konsortium med BKK i spissen støtte til utvikling av storskala forsyning av hydrogen. To prosjekt retta mot byggebransjen fekk og støtte. I alt er det delt ut 95 millionar kroner.

Publisert: 13.12.2019 12:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47