Nytt
I pluss etter tre minusår
I åra 2016-2018 hadde Ulstein Design & Solutions til saman minus 150 millionar kroner i resultat før skatt. I fjor blei det eit lite overskot.
09.10.2020
Ulstein Design & Solutions leverer skipsdesign og utstyrspakkar til Ulstein Group sitt eige verft - Ulstein Verft - og til verft verda over.
Ved inngangen til 2020 hadde selskapet design- og utstyrspakkar på åtte skip i arbeid, tre av dei for bygging ved Ulstein Verft. Tre av skipa er eller skal bli levert i år, tre neste år og to i 2022.
Selskapet hadde 64 tilsette ved årsskiftet.
Konsekvensen av koronaepidemien og priskrigen i oljemarknaden skapte ny uvisse, men styreleiar Tore Ulstein held fast ved at håpet framleis er at konsernet skal kunne legge fram eit overskot i år.
Ved inngangen til 2020 hadde selskapet design- og utstyrspakkar på åtte skip i arbeid, tre av dei for bygging ved Ulstein Verft. Tre av skipa er eller skal bli levert i år, tre neste år og to i 2022.
Selskapet hadde 64 tilsette ved årsskiftet.
Tøff konkurranse
Sjølv om selskapet kom i pluss i 2019 er marknaden framleis prega av tøff konkurranse. Det er fortsatt lav ordreinngang, skriv styret om 2019, og selskapet skal styrke konkurranseevna ved å kutte kostnadar gjennom betre samarbeid i forretningsområdet design & solutions, som selskapet er ein del av. Målet er mellom anna å utnytte fordelane ved å ha verksemd i lavkostland, som engineeringverksemd i Ulstein Poland, og produksjons-, sals- og serviceaktivitet selskapet sine tre selskap i Kina, i følgje dagleg leiar Runar Muren.Håpar på pluss
Ulstein Design & Solutions er ein del Ulstein Group, som før koronaepidemine kom venta av 2020 skulle bli det første året sidan 2014 med overskot for konsernet.Konsekvensen av koronaepidemien og priskrigen i oljemarknaden skapte ny uvisse, men styreleiar Tore Ulstein held fast ved at håpet framleis er at konsernet skal kunne legge fram eit overskot i år.
Publisert: 09.10.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03