Industrigjenreisaren
NY FABRIKK: Store deler av Hjellegjerde har stått tomt etter at møbelproduksjonen blei lagt ned. Lars Einar Riksheim (biletet) og medinvestorane i Innovern as leigde ein del av  bygget og starta produksjon av munnbind frå sommaren 2020. 
Nytt

Industrigjenreisaren

Han mista alle kundane då norsk klesproduksjon flytta ut. Etterpå reiste mange kundar i møbelindustrien. No er Lars Einar Riksheim med i laget som vil bygge ny - og få utflytta industriproduksjon tilbake.

28.12.2020
I eit lokale i bygget som opphavleg husa møbelfabrikken Hjellegjerde i Sykkylven står Lars Einar Riksheim i kvit frakk og hette på hovudet.
Produksjonen av 20 millionar kirurgiske munnbind starta i sommar, og har allereie sikra selskapet Innovern og dei åtte tilsette der over eitt års arbeid.
Smittevernutstyr er varer som Noreg og norske kundar i årevis har basert seg på å kjøpe frå Kina, men som i starten av koronaepidemien viste seg svært vanskelege å få tak i.
  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 () som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.


Automatisert

Kirurgiske munnbind er eit komplisert produkt å lage. Det består av tre lag spesialtekstil som skal brettast for å forme seg etter ansiktet og deretter syast saman, ein bøyle som skal forme seg etter naserota skal monterast og strekk til å feste munnbindet bak øyrene må på. Når dette er gjort, skal binda pakkast flatt i emballasjen.
Ei vare som norske styresmakter av tryggleiksomsyn bør sikre at vi har kapasitet for å vere sjølvforsynt med, meiner Riksheim.

Med dagens teknologi og ein automatisert produksjon er det også mogleg å produsere munnbind i Noreg, utan at det blir urimeleg mykje dyrare enn å kjøpe frå Kina.
- Vi ser kor avhengige vi er av Kina, og kva grep Kina har på oss, seier Riksheim.
Riksheim trur automatisering er avgjerande for å halde på den industriproduksjonen vi har, og at automatisering og robotar gjer det råd å reindustrialisere Noreg - og flytte produksjon heim - så sant vi også utviklar og tek vare på kompetansen som må til.
- Eg trur det. Vi har mange moglegheiter for å drive produksjon i Noreg, viss vi tek i bruk den teknologien som er naudsynt, seier han.

Symaskiner

Riksheim har vore i Hjellegjerde-bygget før.
- Eg gjekk her i fabrikken då det var 360 tilsette, og der var 16 møbelfabrikkar berre rundt Sykkylvsfjorden, seier han.
Riksheim starta Amatec i 1984 og leverte og dreiv service på symaskiner og utstyr til tekstil- og konfeksjonsindustri, til syavdelingane i møbelindustrien og etterkvart også til fiskevegnprodusentane.
Amatec kunne krympa i takt med at dei tradisjonelle kundane flytta produksjonen sin til utlandet, men Riksheim, medeigarane og kollegaene endra gradvis drifta til å jobbe meir og meir med automatisering.

Syrobot hos Ekornes

Eitt av dei mest kjende prosjekta er å robotisere syoperasjonar hos Ekornes. Den første kontakten mellom Amatec og Ekornes om automatisering kom alt i 2005 og omfatta fleire prosjekt. Først i 2016 var syrobotane i gang.

Eit anna døme er strikkemaskiner som strikkar heile plagg i eitt stykke – klar til å ta på rett ut av maskina. Slike maskiner såg Riksheim allereie for 20 år sidan, men det er først i dei alle siste åra teknologien er blitt god og enkel nok til at mange kan ta den i bruk.
Den strikketeknologien ligg bak etableringa av 3D Knitting & Technology i Sykkylven, eit selskap som arbeider med å hjelpe bedriftene til å ta i bruk den nye teknologien, mellom anna i møbelindustrien.

Miljøvenleg

Med 3D-strikking kan strikkeplagg som i dag blir laga i utlandet like gjerne lagast her.
I tillegg til å skape arbeidsplassar i Noreg opnar teknologien og for ein vesentleg meir miljøvenleg produksjon. Kortare leveringstider, både på grunn av kortare veg og fordi den nye produksjonsmetoden ikkje treng store seriar for å løne seg, gjer at klesprodusentane kan supplere produksjonen etter behov i staden for å produsere i store seriar og risikere å kaste mykje.

- Eg trur framtidas kjøparar, som er unge og miljøbevisste folk, vil stille spørsmål ved å produsere i Østen, frakte til Europa og kaste halvparten, seier Riksheim.

Les fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:











Vi ser kor avhengig vi er av Kina, og kva grep Kina har på oss 

Publisert: 28.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 05.03.2021 10:48

Mer om