Nytt
Meiner Kystverket skuldar å gjere ferdig deponi
Kystverket og Sande kommune er usamde om korleis hamna i Gjerdsvika skal etterlatast. På sørsida er eit stort næringsareal snart klart, medan nordsida langt frå er ferdig utfylt.
Marius Rosbach
31.05.2019
Kystverket skal i løpet av sommaren gjere ferdig 100-millionarjobben med Gjerdsvika-hamna. Meir enn 50 nye mål med næringsareal skulle mellom anna bli resultatet av utbygginga, etter at massane vart nytta til to store deponi nord og sør i hamna.
No ser det ut til at det vil ta lengre tid før heile næringsarealet kjem på plass. På sørsida er det nye arealet snart klart. Men deponiet på nordsida består av nokre sanddungar og er langt frå fylt opp. Sande kommune meiner Kystverket må gjere ferdig jobben, medan Kystverket peiker på kommunen.
– Det er meininga at vi skal vere ferdig i slutten av august, og det ser greitt ut, fortel han til NETT NO.
Djupna i innseglinga vert 7,3 meter under sjøkart-null. Inne i hamnebassenget vert det ein meter grunnare. Målet med utbygginga var å gi plass til større skip til bygda med både fiskemat- og maritim industri, oppdrett og reiarlag. Til no har det i stor grad berre vore fritidsbåtar og mindre sjarkar som kunne nytte hamna.
I desse dagar held entreprenøren på å legge toppdekke på sjetéen (deponiet, journ. anm.) på sørsida av hamna. Her vert det kring 35 mål med nytt næringsareal og plastringa er snart ferdig.
På nordsida er det planar om nytt næringsareal på drygt 16 mål. Her har . Også her skal det plastrast rundt deponiet, men per i dag manglar om lag halvparten av massane som trengst for å fylle ut heile område.
– Det vi har lova kommunen er å fylle opp deponiet på sørsida og gjere det klart. Dei massane vi ikkje fekk plass til der, skulle vi legge på nordsida. No ser det ut til at vi ikkje har meir masse enn det som ligg der allereie, seier Thom og viser til ein intensjonsavtale om prosjektet.
Les meir:
– Vi må alltid ta høgde for at det kan vere meir masse enn venta. Denne gongen inneheldt massane såpass mykje sand at det er stor komprimeringsgrad. Vi manglar truleg kring 20.000 kubikk for å fylle ut heile, seier Thom.
– Vi meiner Kystverket må halde seg til det som er byggemeldt, og fylle opp til kotehøgda det er søkt om, seier han til NETT NO.
Han viser til at det er søkt om mudring på om lag 202.000 kubikkmeter og at vesentlige avvik i må søkjast om og godkjennast. Vikene seier det har vore fleire møter og at det framleis er dialog om saka.
– Vi rekna ut at vi skulle få 14.000 kubikk med fjell herifrå då vi gjorde grunnundersøkingar, men det viste seg å vere litt mindre. Noko av fjellet var så oppsprekt at vi kunne grave det opp, seier Thom.
Sidan februar har det er ikkje vore sprengt på havbotnen fordi ein må ta omsyn til fiskegyting. Frå juli kan dei sette i gong att med den delen av arbeidet.
– Det er teke opp kring 1500 av totalt 10.000 kubikk, så på den delen av jobben står det att ganske mykje, seier han.
Les meir:
No ser det ut til at det vil ta lengre tid før heile næringsarealet kjem på plass. På sørsida er det nye arealet snart klart. Men deponiet på nordsida består av nokre sanddungar og er langt frå fylt opp. Sande kommune meiner Kystverket må gjere ferdig jobben, medan Kystverket peiker på kommunen.
Djupare innsegling
Det meste har likevel gått ifølgje skjema og byggeleiar Per Helge Thom i Kystverket reknar med at dei er ferdig når dei har planlagt.– Det er meininga at vi skal vere ferdig i slutten av august, og det ser greitt ut, fortel han til NETT NO.
Djupna i innseglinga vert 7,3 meter under sjøkart-null. Inne i hamnebassenget vert det ein meter grunnare. Målet med utbygginga var å gi plass til større skip til bygda med både fiskemat- og maritim industri, oppdrett og reiarlag. Til no har det i stor grad berre vore fritidsbåtar og mindre sjarkar som kunne nytte hamna.
Uferdig areal på nordsida
Men kva det vil seie å vere ferdig, er no Kystverket og Sande kommune råka uklare om.I desse dagar held entreprenøren på å legge toppdekke på sjetéen (deponiet, journ. anm.) på sørsida av hamna. Her vert det kring 35 mål med nytt næringsareal og plastringa er snart ferdig.
På nordsida er det planar om nytt næringsareal på drygt 16 mål. Her har . Også her skal det plastrast rundt deponiet, men per i dag manglar om lag halvparten av massane som trengst for å fylle ut heile område.
– Det vi har lova kommunen er å fylle opp deponiet på sørsida og gjere det klart. Dei massane vi ikkje fekk plass til der, skulle vi legge på nordsida. No ser det ut til at vi ikkje har meir masse enn det som ligg der allereie, seier Thom og viser til ein intensjonsavtale om prosjektet.
Les meir:
Treng «slingringsmonn»
Byggeleiaren meiner det ikkje er rett å seie at Kystverket har rekna feil, og at det snarare er eit slikt «slingringsmonn» ein treng i eit slikt prosjekt. På førehand veit ein ikkje sikkert kor mykje volum massen dei tek opp frå sjøbotnen vil utgjere.– Vi må alltid ta høgde for at det kan vere meir masse enn venta. Denne gongen inneheldt massane såpass mykje sand at det er stor komprimeringsgrad. Vi manglar truleg kring 20.000 kubikk for å fylle ut heile, seier Thom.
Viser til byggemeldinga
Teknisk sjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune er ikkje samd i at Kystverket kan «løpe frå» ansvaret med å fylle heile deponiet.– Vi meiner Kystverket må halde seg til det som er byggemeldt, og fylle opp til kotehøgda det er søkt om, seier han til NETT NO.
Han viser til at det er søkt om mudring på om lag 202.000 kubikkmeter og at vesentlige avvik i må søkjast om og godkjennast. Vikene seier det har vore fleire møter og at det framleis er dialog om saka.
Utfordrande sprengingsarbeid
I hovudsak har arbeidet med hamna elles gått etter planen, men grunnen på havbotnen har vore meir porøs enn venta. Det har skapt utfordringar med sprengingsarbeidet i innseglinga.– Vi rekna ut at vi skulle få 14.000 kubikk med fjell herifrå då vi gjorde grunnundersøkingar, men det viste seg å vere litt mindre. Noko av fjellet var så oppsprekt at vi kunne grave det opp, seier Thom.
Sidan februar har det er ikkje vore sprengt på havbotnen fordi ein må ta omsyn til fiskegyting. Frå juli kan dei sette i gong att med den delen av arbeidet.
– Det er teke opp kring 1500 av totalt 10.000 kubikk, så på den delen av jobben står det att ganske mykje, seier han.
Les meir:
Vi må alltid ta høgde for at det kan vere meir masse enn venta
Publisert: 31.05.2019 05:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35