Nye eigarar av Petrines Gjestgiveri
Hotelleigarar i Stordal har kjøpt overnattingsstaden i Dalsbygda.
Petrines Gjestgiveri i Dalsbygda har fått nye eigarar etter at dei tidlegare drivarane melde oppbod i fjor.
- Det er inngått avtale om sal av gjestgiveriet til eigarane av Blåtind i Stordal, opplyser bustyrar Mari Vik-Slettvoll til NETT NO.
Har behov for meir kapasitet
Dagleg leiar Ole Stavdal Vikenes i Blåtind Boutique Hotel i Stordal stadfestar kjøpet.
- Vi ser potensialet i Petrines og ettersom vi har behov for meir kapasitet på Blåtind Boutique Hotel var timinga bra. Bygget har ei lang og fin historie og vi kjem til å halde på namnet Petrines, fortel han til NETT NO.
Les også: Fleire er interesserte i Fjellro og Petrines
Pensjonatet og spisestaden har ti rom i det meir enn 100 år gamle bygget – som tidlegare var aldersheim i bygda. Bygningen stod ferdig i 1916, og er sist renovert for ti år sidan.
Saman med sambuaren Christine Olsvik tok Vikenes over drifta ved Blåtind i 2018. Vikenes er 2. generasjon i familiebedrifta som tradisjonelt har satsa på kurs, konferansar og selskap.
Vellukka heilårsdrift
Etter ei vellukka prøveprosjekt med sommarope på Blåtind i 2017, satsa paret på heilårsdrift i 2018. Det enda med ei omsetning på 3,5 millionar og eit resultat i balanse.
Blåtind ligg øvst i Røysetdalen i Stordal 200 meter frå vegen og er knapt nok skilta. Likevel har det kome turistar frå Kina, Sør-Korea, Dubai, Kuwait, Saudi-Arabia, Europa og USA hit.
Blåtind har overnatting til kring 60 personar fordelt på ulike suiter og leilegheiter. Dei har også eigen restaurant som er bygd som ei gammal vikingløe.
Vikenes har dei siste åra også jobba med å utvikle nettportalane Fiskeriportalen og Vessel Plus.
Les også: Blåtind satsar på heilårsdrift
Feira fem år og heilårssatsing i Valldal
Kvinnene leder an i hotellbransjen lokalt
Vi ser potensialet i Petrines og ettersom vi har behov for meir kapasitet på Blåtind Boutique Hotel var timinga bra. Bygget har ei lang og fin historie og vi kjem til å halde på namnet Petrines
Publisert: 04.05.2020 08:19
Sist oppdatert: 23.01.2023 11:49