Nytt
På veg frå Istanbul til Stad
Autonlinebåtane Frøyanes Junior og Vestkapp har starta på reisa frå Istanbul til Stad. 14. desember er det dobbeldåp.
28.11.2019
- Vi inviterer til opne båtar og stor feiring, seier Stig Ervik i Ervik-reiarlaget.
Dei to båtane går saman frå Tersan-verftet utanfor Istanbul og heile vegen til Leikanger, der dåpen skal skje.
Torsdag ettermiddag passerte Stad-duoen vest for den greske øya Lesvos.
- Dei skal etter planen vere heime 10. desember, seier Stig Ervik.
Han rosar arbeidet på Tersan, der dei to 51 meter lange autolinefartøya er ferdig utrusta.
- Her vart dei faktisk ferdige før tida. Eine båten skulle vere ferdig i løpet av desember, den andre i februar neste år.
- Denne båten skal vere ferdig i 2021 og skal fiske tannfisk i Sørishavet.
Ervik-reiarlaget har seld dei eldre fartøya Kamaro og Keltic.
- Det kan verte til at vi sel endå eitt av dei eldre fartøya vi har, seier Ervik.
- På nyebåtane skal vi ha to fulle skift, så vi har allereie tilsett nokre fleire fiskarar.
- Det er ikkje problem å få tak i mannskap, seier Ervik.
Kvar av dei nye faryøya kostar rundt 175 millionar kroner.
- Vi har hittil bygt fem fartøy ved Tersan, og vi er godt fornøgde med pris og kvalitet, seier Stig Ervik.
Skipa er designa av Herøy-selskapet Marin Teknik.
Dei to båtane går saman frå Tersan-verftet utanfor Istanbul og heile vegen til Leikanger, der dåpen skal skje.
Torsdag ettermiddag passerte Stad-duoen vest for den greske øya Lesvos.
- Dei skal etter planen vere heime 10. desember, seier Stig Ervik.
Han rosar arbeidet på Tersan, der dei to 51 meter lange autolinefartøya er ferdig utrusta.
- Her vart dei faktisk ferdige før tida. Eine båten skulle vere ferdig i løpet av desember, den andre i februar neste år.
Endå eit nybygg
Frøyanes Junior og Vestkapp skal i hovudsak fiske torsk og hyse i nordområda. I tillegg har selskapet bestilt ein 60,5 meter langt linebåt få Tersan.- Denne båten skal vere ferdig i 2021 og skal fiske tannfisk i Sørishavet.
Ervik-reiarlaget har seld dei eldre fartøya Kamaro og Keltic.
- Det kan verte til at vi sel endå eitt av dei eldre fartøya vi har, seier Ervik.
Fleire fiskarar
Han opplyser at det trengst litt ekstra mannskap.- På nyebåtane skal vi ha to fulle skift, så vi har allereie tilsett nokre fleire fiskarar.
- Det er ikkje problem å få tak i mannskap, seier Ervik.
Kvar av dei nye faryøya kostar rundt 175 millionar kroner.
- Vi har hittil bygt fem fartøy ved Tersan, og vi er godt fornøgde med pris og kvalitet, seier Stig Ervik.
Skipa er designa av Herøy-selskapet Marin Teknik.
Les også:
Det er ikkje problem å få tak i mannskap
Publisert: 28.11.2019 16:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46