Nytt
Politiet meiner Hurtigruten bryt lova
Meiner mannskapet må ha arbeidsløyve for å jobbe medan skipet ligg til kai.
Marius Rosbach
04.09.2020
Fredag tok striden kring Hurtigruten sin bruk av filippinske arbeidarar på MS Fritjof Nansen ei ny vending. Då gjekk politiet i Møre og Romsdal ut og sa at dei meiner reiarlaget bryt lova slik dei no opererer.
– Per no er politiet si oppfatning at mannskapet må ha løyve for å jobbe i denne aktiviteten. Politiet har ikkje funne noko unntak frå hovudregelen om at dei må ha løyve for å jobbe, seier seksjonsleiar Svein Rike for Utlendings- og grensekontroll i Møre og Romsdal politidistrikt til VG.
Han legg til at politiet ikkje har konkludert i saka enno. Ifølgje avisa er det to alternative reaksjonar som er aktuelle: Utvisning eller førelegg.
Organisasjonane har også levert ei bekymringsmelding til Sjøfartsdirektoratet, men dei konkluderte tidlegare i veka at reiarlaget haldt seg innafor regelverket som gjeld for NIS-skip.
Næringsminister Iselin Nybø (V) var ikkje nøgd med den konklusjonen og har bedt om eit oppvaskmøte med Hurtigruten.
Departementet si pressevakt opplyser til NETT NO at det enno ikkje er bestemt når møtet skal skje, men at det er eit ønske om at det skal skje raskt.
Hurtigruten har påpeika at det ikkje er snakk om hotellverksemd i vanleg forstand, fordi det ikkje er mogleg for nokon å booke seg inn for å bu på skipet.
Direktør Anne Marit Bjørnflaten for myndighetskontakt i Hurtigruten opplyser fredag til VG at dei filippinske arbeidarane vil få betalt norsk lønn i samband med filminnspelinga. Ho vil ikkje svare på kva filippinarane tener i dag, og kva dei vil tene med norsk løn.
NETT NO har ikkje fått kontakt med kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten fredag.
– Per no er politiet si oppfatning at mannskapet må ha løyve for å jobbe i denne aktiviteten. Politiet har ikkje funne noko unntak frå hovudregelen om at dei må ha løyve for å jobbe, seier seksjonsleiar Svein Rike for Utlendings- og grensekontroll i Møre og Romsdal politidistrikt til VG.
Han legg til at politiet ikkje har konkludert i saka enno. Ifølgje avisa er det to alternative reaksjonar som er aktuelle: Utvisning eller førelegg.
Næringsministeren vil møte reiarlaget
Det var Fellesforbundet og Sjømannsforbundet som melde Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova, for bruken av ekspedisjonsskipet, og det filippinske mannskapet om bord.Organisasjonane har også levert ei bekymringsmelding til Sjøfartsdirektoratet, men dei konkluderte tidlegare i veka at reiarlaget haldt seg innafor regelverket som gjeld for NIS-skip.
Næringsminister Iselin Nybø (V) var ikkje nøgd med den konklusjonen og har bedt om eit oppvaskmøte med Hurtigruten.
Departementet si pressevakt opplyser til NETT NO at det enno ikkje er bestemt når møtet skal skje, men at det er eit ønske om at det skal skje raskt.
Vil endre NIS-reglane
Næringsminister Nybø har også som følgje av den konkrete saka. Statsråden ønskjer ikkje at NIS-skip kan liggje i norske hamner og utøve hotellverksemd.Hurtigruten har påpeika at det ikkje er snakk om hotellverksemd i vanleg forstand, fordi det ikkje er mogleg for nokon å booke seg inn for å bu på skipet.
Direktør Anne Marit Bjørnflaten for myndighetskontakt i Hurtigruten opplyser fredag til VG at dei filippinske arbeidarane vil få betalt norsk lønn i samband med filminnspelinga. Ho vil ikkje svare på kva filippinarane tener i dag, og kva dei vil tene med norsk løn.
NETT NO har ikkje fått kontakt med kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten fredag.
Publisert: 04.09.2020 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02