Nytt
Prestisjeskipet leverast innan få veker
Yara Birkeland skulle bli verdas første autonome konteinerskip, men det er uklart når skipet kan segle på eiga hand.
Marius Rosbach
04.11.2020
Når Yara Birkeland seglar frå Vard-verftet i Brattvåg i løpet av få veker, skjer det med mannskap om bord. Ferda til Horten ville nok uansett gått med mannskap, men tidspunktet for når skipet blir heilautonomt, er usikkert.
Likevel var det ein nøgd statsminister som tysdag fekk sjå det heilelektriske skipet då det kom inn frå prøvetur framfor kaia til Kongsberg Maritime.
Kommunikasjonsdirektør Kristin Nordal i Yara opplyser til NETT NO at skipet blir levert frå Vard i slutten av november. Då skal skipet segle til Horten «for vidare arbeider for å førebu autonom operasjon», skriv ho i ein e-post.
– Vi må kome tilbake til ein meir detaljert tidslinje seinare, svarer Nordal.
Kongsberg Maritime skal levere teknologien og systema som skal gjere at skipet kan segle autonomt. Nordal fortel at det framleis er eit stykke igjen før dei kjem til at utstyret skal om bord.
– Det er no den autonome reisa startar. Vi har levert tradisjonelle system for framdrift og styring, og batteripakka om bord. Seinare skal det installerast autonome system både om bord og på land, fortel ho til NETT NO.
Det arbeidet vil det vere tilsette i Kongsberg Maritime i Horten og Kongsberg som står for.
Samtidig som Yara-prosjektet dreg ut i tid, jobbar Kongsberg-selskapet med ein leveranse til Asko. Også her skal dei levere det autonome styringssystemet som etter planen skal vere i drift over Oslofjorden innan 2024.
– Gitt kompleksiteten ved Yara Birkeland og behovet for å få inn ekspertise som støtte, har vi senka farta på dette for en stund, sa han.
Holsether viste til at selskapet prioriterer tre ting høgst i «pandemi-tida», tryggleik for tilsette, smittevern der dei operer og å halde leveringskjedene oppe.
Bakgrunnen for prosjektet er at Yara kvart år fraktar mineralgjødsel 1 million kilometer på distansen mellom Brevik og Larvik, for å senda produktet vidare med konteinarskip. Transporten med Yara Birkeland vil erstatta 40.000 turar årleg med dieseldrivne lastebilar på lokalvegane her.
Likevel var det ein nøgd statsminister som tysdag fekk sjå det heilelektriske skipet då det kom inn frå prøvetur framfor kaia til Kongsberg Maritime.
Kommunikasjonsdirektør Kristin Nordal i Yara opplyser til NETT NO at skipet blir levert frå Vard i slutten av november. Då skal skipet segle til Horten «for vidare arbeider for å førebu autonom operasjon», skriv ho i ein e-post.
– Vi må kome tilbake til ein meir detaljert tidslinje seinare, svarer Nordal.
Kongsberg Maritime skal levere teknologien og systema som skal gjere at skipet kan segle autonomt. Nordal fortel at det framleis er eit stykke igjen før dei kjem til at utstyret skal om bord.
Meir frå statsministerbesøket:
Autonome system frå Kongsberg
Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime var med på besøket med Erna Solberg tysdag, som også fekk ein presentasjon av verksemda i Brattvåg.– Det er no den autonome reisa startar. Vi har levert tradisjonelle system for framdrift og styring, og batteripakka om bord. Seinare skal det installerast autonome system både om bord og på land, fortel ho til NETT NO.
Det arbeidet vil det vere tilsette i Kongsberg Maritime i Horten og Kongsberg som står for.
Samtidig som Yara-prosjektet dreg ut i tid, jobbar Kongsberg-selskapet med ein leveranse til Asko. Også her skal dei levere det autonome styringssystemet som etter planen skal vere i drift over Oslofjorden innan 2024.
Komplekst og behov for ekspertstøtte
Då Yara-sjef Tore Holsether nyleg la fram kvartalstal fortalde han at dei framleis har planar om å fullføre prosjektet. Han forklarte følgjande om årsaka til at ting har teke lengre tid.– Gitt kompleksiteten ved Yara Birkeland og behovet for å få inn ekspertise som støtte, har vi senka farta på dette for en stund, sa han.
Holsether viste til at selskapet prioriterer tre ting høgst i «pandemi-tida», tryggleik for tilsette, smittevern der dei operer og å halde leveringskjedene oppe.
Skal erstatte 40.000 lastebilturar årleg
Skipet, som i utanlandske medium har blitt omtalt som «Tesla of the seas», skulle etter planen ha vore sjølvkøyrande innan 2022. Sjølv om skipet framleis skal segle autonomt på sikt, er planen førebels å ha mannskap om bord grunna internasjonale sjøfartsreglar.Bakgrunnen for prosjektet er at Yara kvart år fraktar mineralgjødsel 1 million kilometer på distansen mellom Brevik og Larvik, for å senda produktet vidare med konteinarskip. Transporten med Yara Birkeland vil erstatta 40.000 turar årleg med dieseldrivne lastebilar på lokalvegane her.
Les også:
Det er no den autonome reisa startar
Publisert: 04.11.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04