Spaar reiselivsvekst paa vilkaar
SJOKK: Dette var korttidsverknaden av koronaepidemien, eit stille Geiranger etter at den norske fellesferien var over og utlendingane som tradisjonelt skulle fylle gatar og plassar held seg heime. Kva som blir langtidsverknadane er med på å skape uvisse for reiselivsutviklinga, meiner Menon Economics.
Nytt

Spår reiselivsvekst - på vilkår

Den verdsomspennande pandemien og miljøkrav har gjort vekstutsiktene for reiselivsnæringa meir usikker, ifølgje ny rapport om eksportnæringane i Møre og Romsdal.

13.01.2021
Reiselivsbedriftene i fylket sysselset 5700 personar og er den tredje største eksportnæringa i Møre og Romsdal målt i sysselsetting.
Berre maritime bedrifter (verft, utstyrsleverandørar, designselskap og reiarlag) og sjømatnæringa er større, med høvesvis 11.000 og 4900 tilsette i følgje Menon Economics-rapporten som er presentert på Møre og Romsdal fylke sin Nyttårskonferanse i dag.
Turistbesøket frå utlandet har vore høgt og stabilt veksande i fleire tiår. Menon Economics trur det er råd auke inntekten frå utlandske besøkande med 50 prosent fram til 2030, men åtvarar samstundes om at det er blitt meir uvisst om det er råd å få innfridd dei forventningar.


Korona- og miljø

Det som skaper uvisse er langtidsverknadane av koronaepidemien. Det andre som skaper uvisse er strengar miljøkrav generelt. Det tredje er strengare krav til kva lokalsamfunn og natur skal tole av forureining og andre belastningar på grunn av store besøksmengder.
Menon Economics peikar mellom anna på at nesten 60 prosent av turistane frå utlandet kjem med fly, og flytrafikk utgjør om lag to prosent av de globale CO2-utslippa Det er grunn til å tro at veksten i lokal flytrafikk vil avta i årene som kommer, både som følge av CO2-avgifter og av politiske reguleringer, skriv Menon Economics..
Skal forventningane om 50 prosent inntektsvekst frå utanlandske turistar i Møre og Romsdal bli oppnådd må reiselivsnæringa lukkast med å spreie besøket ut over heile året, trekke til seg og halde på dyktige folk og sikre at det blir det Menon Economics kallar ei "bærekraftig besøksforvaltning".

Sjømateksporten størst

Målt i kroner er det sjømatnæringa som er den største eksportnæringa i Møre og Romsdal, med ein eksport på 22,2 milliardar kroner i 2019. Her er dei andre næringane med eksportverdien milliardar kroner i parantes: Maritim (18), Prosessindustri (13,2), petroleumsnæringa (8,6), ferdigvareindustri - først og fremst møbel (3) og til slutt reiselivet med to milliardar kroner.
Samanlikna med andre fylke er Møre og Romsdal det fjerde største eksportfylket, men samanlikna med talet på sysselsette er det klart størst.
Eksportinntektene per sysselsett i Møre og Romsdal var nesten ei million kroenri 2019, meir enn det dobbelte av landsgjennomsnittet. Vestland fylke (Hordaland og Sogn og Fjordane) ligg på andreplass, med ein eksport per sysselsett på i underkant av 600.000 kroner i året.

Publisert: 13.01.2021 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11