Nytt
Taper terreng i byggebransjen
Fagrørsla taper terreng i private bedrifter, og blant anna på grunn av nedgang i bygg og anlegg.
01.05.2019
I 2001 var 54 prosent av alle som arbeidde i privat vareproduserande sektor - industrien og bygg og anlegg - medlemer i ei fagforeining. Organisasjonsgraden fall under 50 prosent for første gang i 2013 og i 2016 var organisasjonsgraden nede i 46 prosent.
Det viser den siste Fafo-rapporten om organisasjonsgraden i norsk arbeidsliv, som har oppdaterte tal til og med 2017/2016. Fafo er ei forskingstifting som mellom anna arbeider med arbeidslivsforsking. Rapporten er skriven av Kristine Nergaard.
Til saman har fagforeiningane greidd å oppretthalde ein stabil organisasjonsandel på rundt 50 prosent gjennom heile 2000-talet. Gjennom 90-talet fall organisasjonsgraden frå ein topp på rundt 55 prosent fram til rundt 2000. Deretter har fagforeiningane i stor grad klart å bremse fallet.
LO har tapt terreng sidan rundt 1975. Då var nesten tre av fire fagorganiserte med i ei fagforeining i LO. No har LO berre rett under halvparten av dei organiserte under sine venger, medan resten er spreidd på hovudorganisasjonane Akademikerne, Unio, Ys og andre mindre organisasjonar.
Mellom 1995 og 2016 har organisasjonsgraden variert mellom 36 og 33 prosent, og var 35 prosent i 2016.
Det er fallet i andelen organiserte i privateigde vareproduserande bedrifter, som industribedrifter og bygge- og anleggsfirma, som er grunnen til at andelen fagorganiserte går ned i privat sektor. I tillegg er det blitt fleire arbeidstakarar i bransjar med færre organiserte.
I 1995 var 44 prosent av alle tilsette i privat sektor fagorganisert. I 2016 var andelen organiserte i private bedrifter samla sett nede i 38 prosent. Det er først og fremst i bygg- og anlegg det sviktar, ikkje i industrien. At den sysselsetttinga i bygg og anlegg går opp medan den går ned i industrien er også ugunstig for organisasjonsandelen.
"Organisasjonsgraden i bygg er klart lavere enn i industri, og bygg- og anlegg er en av bransjene med en klar nedgang i organisasjonsgrad over tid.", heiter det i Fafo-rapporten.
78 prosent av dei tilsette i kommunane er fagorganisert, 83 prosent i statleg sektor.
Nederst, med 23 prosent organiserte, kjem varehandelen. På topp ligg tilsette i offentleg administrasjon, med 81 prosent. Bygg- og anlegg her ein organisasjonsandel på 37 prosent, industrien 57 prosent.
Det viser den siste Fafo-rapporten om organisasjonsgraden i norsk arbeidsliv, som har oppdaterte tal til og med 2017/2016. Fafo er ei forskingstifting som mellom anna arbeider med arbeidslivsforsking. Rapporten er skriven av Kristine Nergaard.
Til saman har fagforeiningane greidd å oppretthalde ein stabil organisasjonsandel på rundt 50 prosent gjennom heile 2000-talet. Gjennom 90-talet fall organisasjonsgraden frå ein topp på rundt 55 prosent fram til rundt 2000. Deretter har fagforeiningane i stor grad klart å bremse fallet.
Store skilnadar
Men bak stabiliteten samla sett er det stor ulikskap mellom dei ulike hovudorganisasjonane, mellom offentleg og privat sektor og innad i privat sektor.LO har tapt terreng sidan rundt 1975. Då var nesten tre av fire fagorganiserte med i ei fagforeining i LO. No har LO berre rett under halvparten av dei organiserte under sine venger, medan resten er spreidd på hovudorganisasjonane Akademikerne, Unio, Ys og andre mindre organisasjonar.
Tilbakegang for industri
Organisasjonsgraden i mange private tenesteytande bedrifter, som til dømes butikkar og restaurantar, har alltid vore lav.Mellom 1995 og 2016 har organisasjonsgraden variert mellom 36 og 33 prosent, og var 35 prosent i 2016.
Det er fallet i andelen organiserte i privateigde vareproduserande bedrifter, som industribedrifter og bygge- og anleggsfirma, som er grunnen til at andelen fagorganiserte går ned i privat sektor. I tillegg er det blitt fleire arbeidstakarar i bransjar med færre organiserte.
I 1995 var 44 prosent av alle tilsette i privat sektor fagorganisert. I 2016 var andelen organiserte i private bedrifter samla sett nede i 38 prosent. Det er først og fremst i bygg- og anlegg det sviktar, ikkje i industrien. At den sysselsetttinga i bygg og anlegg går opp medan den går ned i industrien er også ugunstig for organisasjonsandelen.
"Organisasjonsgraden i bygg er klart lavere enn i industri, og bygg- og anlegg er en av bransjene med en klar nedgang i organisasjonsgrad over tid.", heiter det i Fafo-rapporten.
Godt grep om offentleg sektor
I offentleg sektor har fagforeiningane høg og stabil oppslutning.78 prosent av dei tilsette i kommunane er fagorganisert, 83 prosent i statleg sektor.
Handel på botnen
Fafo har også rangert organisasjonsgraden for bransjar/verksemder meir detaljert.Nederst, med 23 prosent organiserte, kjem varehandelen. På topp ligg tilsette i offentleg administrasjon, med 81 prosent. Bygg- og anlegg her ein organisasjonsandel på 37 prosent, industrien 57 prosent.
Organisasjonsgraden i bygg er klart lavere enn i industri, og bygg- og anlegg er en av bransjene med en klar nedgang i organisasjonsgrad over tid
Publisert: 01.05.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34