Tital millionar til omstilling i Geiranger
BÅTTURAR: Geiranger Fjordservice er mellom bedriftene som har vore avhengig av støtteordningar denne sesongen. Verdsarv-direktør Katrin Blomvik har trua på omstillingsprosjektet. 
Nytt

Tital millionar til omstilling i Geiranger

I verdsarvfjorden håpar dei friske penger set fart på korleis dei verkelege store utfordringane skal løysast. 

Marius Rosbach
27.11.2020
I løpet av dei neste åra planlegg Møre og Romsdal fylkeskommune å bruke ni millionar kroner på omstilling i Geiranger. Mange bedrifter i turistbygda har hatt stor svikt i inntektene som følgje av koronapandemien – og hadde frå før utfordringar med masseturisme.
Direktør Katrin Blomvik ved Fjordsenteret Geirangerfjorden verdsarv er glad for at prosjektmidlane til bygda ligg an til å bli prioritert dei neste åra.
– Det er utruleg positivt at fylkeskommunen tek ei slik leiarrolle om utvikling og omstilling av Geiranger og verdsarvområdet, fortel ho til NETT NO.
I forslaget til økonomiplan i fylkeskommunen heiter det at målet er ei «heilskapleg utvikling av både næring og lokalsamfunn».

– Store uløyste oppgåver

Blomvik håpar satsinga kan få fart på fleire av dei store utfordringane som Geiranger har – i tillegg til ein reiselivsbransje der mange er avhengige av krisehjelp for å overleve.
– Vi har nokre store uløyste oppgåver i Geiranger. Det gjeld manglande infrastruktur, ein ferdig reguleringsplan i sentrum, parkering og gangvegar. Dette er store økonomiske prosjekt som kommunen heilt klart ikkje kan ta åleine, seier verdsarvdirektøren.

Vil ha privat-offentleg samarbeid

Blomvik meiner innfallsportane er viktige og sett pris på at dei omkringliggande plassane som Hellesylt og Eidsdal og Norddal i Fjord kommune er med i arbeidet.
– Om vi skal klare å finne ei løysing på desse store prosjekta, så må det på plass eit samarbeid mellom det offentlege og det private. Men også eit samarbeid mellom kommune, fylke og stat er viktig, meiner ho.
Komande veke møtast fleire næringsdrivande for å diskutere prosjektet. Blomvik fortel at dei har vorte utfordra på både langsiktige og meir kortsiktige mål med arbeidet.
– Det må vere ein kombinasjon, trur Blomvik.

Millionstøtte til bedrifter

Ein rekke av reiselivsbedriftene i Geiranger har vore mellom dei som har fått støtte frå kompensasjonsordninga, og andre krisetiltak. Ifølgje nettstaden har bedrifter i Geiranger motteke til saman 11 millionar kroner i omstillingsstøtte frå Innovasjon Norge.
Allereie då NETT No , var det klart at dei ville ha jobb til langt færre i 2020-sesongen. På tampen av året kan dagleg leiar Helle Firhøj Jensen fortelje at dei har vore «heilt avhengige av støtteordningane».
Ho fortel om ein knalltøff sesong og at dei ligg kring 30 millionar under budsjett på omsetninga for året.
– No handlar alt om å sikre arbeidsplassar og halde på kompetansen slik at vi kan kome sterkt tilbake. Vi prøvar å kome ut av 2020 utan underskot, men det ligg an til eit minusresultat, fortel ho.
Jensen fortel at dei har mange tilsette som har vore i selskapet i mange år og ho har troa på at dei får halde på dei fleste.

Vil utvide aktiviteten

No bur bedrifta seg på ein sesong der nordmenn vil stå for mykje av besøket.
– Vi fekk bygd ein ny og meir miljøvenleg båt i 2018 og hovudproduktet vårt er turar på Geirangerfjorden, i tillegg til turane frå Ålesund. Vi veit at nordmenn er glade i å ha eit skikkeleg mål om dei går på tur. Difor forsøker vi mellom anna å få moglegheit til å legge til ved ein plass som Skageflå, fortel ho.
Turen opp til den kjende fjellgarden er populær blant dei tilreisande. Det trur Jensen også at kajakkpadling, elsyklar og Sup-brett kan vere.
– Vi tenkjer på utvide tilbodet med utdanna guidar, og ha meir utstyr og drakter. Då er det mogleg å gjere slike aktivitetar større delar av året, seier Jensen.

Trur på 2021-sesongen

I år har dei berre vore kring 15 tilsette på jobb, medan til vanleg er 30-40 i sving på heiltid. Sjølv om det er umogleg å gardere seg, trur ho at ei Covid-19-vaksine kan gjere at 2021 blir ein ok sesong.
– No handlar det om å stå over krisa, og forsøke omstille seg. Dette prosjektet i regi av fylket, saman med midlar frå Innovasjon Norge, gjer at vi skal stå det over og kome sterkare tilbake, avsluttar fjordservice-sjefen.

Les også:



Mjelva:



Hotel-vert på Øye:


Om vi skal klare å finne ei løysing på desse store prosjekta, så må det på plass eit samarbeid mellom det offentlege og det private. Men også eit samarbeid mellom kommune, fylke og stat er viktig

Publisert: 27.11.2020 09:09

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:59