Traff godt med oppdrettsatsing
I 2017 bestemte Even T. Remøy seg for å bestille skip og satse på oppdrettsbransjen. Det har lønt seg.
Reknskapen for Volt Service og Volt Collector, dei to driftsselskap i Remøy si oppdrettsatsing, viser eit resultat før skatt som tilsvarte høvesvis over 30 og over 50 prosent av driftsinntektene (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
Les også: Remøy inn i oppdrettsbransjen
Godt betalt
- Vi har fått fleire båtar og auka aktivitet, seier medeigar og dagleg leiar Even T. Remøy om resultatet for 2019 samanlikna med 2018.
Oppdraga var også godt betalt, og sjølv om selskapa så langt i år ligg an til høgare driftsinntekter i år enn i fjor, er Remøy uviss på om overskotet vil bli relativt like stort som i 2019.
Utvidar flåten
I dag driv selskap to såkalla bløggebåtar og ein arbeidsbåt som driv med avlusing av oppdrettsfisk. I ein bløggbåt får fisken strupen kutta over og blir frakta død fram til slakteri/foredlingsbedrift - ein metode som gjer transporten mindre plasskrevande enn å frakte fisken levande i brønnbåt.
I løpet av neste år er planen å få eitt fartøy til, men det er førebels ikkje avgjort om det blir nybygg eller eit brukt fartøy.
Største aksjonær i Volt Service er skipsmanagement-konsernet Remøy Management Holding as (52,6 prosent), nest størst er Volt Shipping as (26,3 prosent). Even T. Remøy er medeigar og dagleg leiar i Remøy Management Holding og medeigar i Volt Shipping.
Tredje størst eigar i Volt Service er Robert Søviknes sitt selskap Søsand Standard as (15,8 prosent). Volt Service eig 95 prosent av aksjane i Volt Collector.
Volt Service as | ||
Tal i mill. kroner | 2019 | 2018 |
Driftsinntekter | 58,9 | 27,1 |
Driftsresultat | 25,9 | 11,4 |
Resultat før skatt | 18,7 | 5,1 |
Volt Collector as | ||
Tal i mill. kroner | 2019 | 2018 |
Driftsinntekter | 11,3 | |
Driftsresultat | 6,2 | |
Resultat før skatt | 5,9 |
Publisert: 16.09.2020 11:03
Sist oppdatert: 08.07.2022 12:26