Vard skal vere utsett for datavirus
Verftskonsernet skal vere utsett for eit alvorleg angrep.
Natt til måndag, 2. pinsedag, skal Vard-systemet ha blitt utsett for eit dataangrep som gjer at dei aller fleste serverar hos selskapet har blitt kryptert, skriv lokalavisa onsdag.
Måndag blei det ifølge avisa sendt ut ei åtvaring om at eit stort selskap på Sunnmøre var utsett for kryptovirus.
«Natt til i dag ble et stort selskap på Sunnmøre utsatt for kryptovirus. De aller fleste klientmaskiner og servere hos selskapet ble kryptert. Dermed er det full driftsstans og ingen ansatte får jobbe», står det i meldinga. Det blir oppfordra til å vise varsemd ved opning av e-postar.
- Møre og Romsdal Politidistrikt ønskjer ikkje å kommentere denne saka no, seier kommunikasjonsjef Olav Sindre Rise til NETT NO.
Avisa Nordre skriv at fleire kjelder stadfestar at det dreiar seg om Vard.
Nordre har siste døgnet gjort gjentatte forsøk på å få kontakt med sentrale personar i Vard med uttalerett for å få vite meir om konsekvensane av angrepet, men ingen har svart verken på telefon eller SMS.
Heller ikke NETT NO sine førespurnader til Vard har gitt noe stadfesting om saka.
Ekspert: - Motivet er oftast økonomisk
Vigleik Hustadnes i Tussa er leiar for informasjonssikkerheit hos Tussa, og ekspert på området. Han påpeiker at han ikkje vil kommentere den konkrete saka – eller har kjennskap til den.
På generelt grunnlag forklarar han at eit kryptovirus er et ondsinna programvare som krypterer data, eller dokument.
– Motivet er gjerne utpressing og økonomisk vinning, der offeret får eit krav om løysepengar, seier Hustadnes til NETT NO.
Ofte blir slike angrep gjennomført ved at nokon får tilsendt ein e-post, der vedkommande klikkar på ei lenke. Men Hustadnes påpeiker at det like gjerne kan skje via ei nettside, eller på sosiale media.
– Det spreiast på mange måtar. Det varierer også kven som står bak. Ein treng lite kompetanse for å utføre eit enkelt slik angrep, men avanserte kryptovirus vert også brukt av ressurssterke aktørar som til dømes organiserte kriminelle, seier Hustadnes.
Etter det NETT NO erfarer er også politiet sentralt, ved Kripos, kobla inn i saka.
Tre skipsverft i Norge
Den italienske verftsgruppa Fincantieri eig Vard-konsernet. Vard eig tre skipsverft i Norge, eitt i Brasil, to i Romania og eitt i Vietnam.
Dei norske verfta er Vard Brattvaag, Vard Langsten og Vard Søviknes.
Hovudkontoret ligg i Ålesund. Der er også Vard Design.
Ein talsperson for Fincantieri seier selskapet ikkje har nokon kommentar, og har heller ikkje sendt ut noko børsmelding.
Publisert: 11.06.2020 12:09
Sist oppdatert: 04.01.2022 16:50