10 prosent fleire rom med nytt hotell
TRANGT OM PLASSEN: Dei ekstreme svingingane i Geiranger gjer at nesten alle overnattingsbedriftene har basert seg på sesongdrift, og stengjer i vintersesongen. 
Analyser

10 prosent fleire rom med nytt hotell

I Geiranger har familien Haldorsen suksess med ei reindyrka sesonghotell-satsing. Blir det sesonghotell også i Ålesund?

16.06.2019

ANALYSE


Familieigde Geiranger Hoteldrift, selskapet bak Hotell Geiranger, har auka driftsinntektene med over 50 prosent på fem år, og hadde rekordlønsemd i fjor.
Når våren kjem opnar dørene, og i det lauvet gulnar blir det stengt.

Geiranger er ekstremvarianten av sesongsvingingar i reiselivet, men Ålesund har ein god del av det same: Fulle hus i toppsesongen om sommaren - god plass om vinteren.
Eit belegg på 58 prosent på årsbasis for Ålesundshotella i 2017, og fullt hus i toppsesongen viser kor skeivt besøket er fordelt.

Det er rett nok tal for 2017, men det er ikkje grunn til å tru at det har vore ei vesentleg endring på det eitt og eit halvt år.
Difor blir det interessant å sjå korleis hotelldrivarane i Ålesund sentrum vil reagere om det blir 10 prosent auke i hotellkapasiteten i byen. Det er det det kan bli snakk om dersom det blir nytt hotell ved Nørvasundet.
Iinvestorane bak NMK ved Nørvasundet ligg an til å få tommelen opp for eit hotell ved sidan av dagen NMK-bygningar, med NTNU og Fagskolen som naboar rett over vegen. I framlegget til områdeplan som Ålesund kommune sende ut på høyring i førre veke er klarsignal for hotell eitt av alternativa som blir foreslått vurdert. Det er nytt, og forslaget legg dessutan meir vekt på argumenta for enn mot hotellbygging.

Draumen om eit hotell der har ligge der lenge - innretta spesielt mot bedriftene, undervisnings- og forskingsinstitusjonane ved Nørvasundet - men dei naudsynte reguleringane har mangla.
Minst 100 rom er det snakk om. Dei åtte hotella i sentrum har tilsaman 1080 rom.

Geiranger Hotell-modellen viser at reindyrka sesonghotell kan vere ein lønsam strategi. Kostnadane i vintermånadane blir små og om sommaren er det fullt hus.
Ulempa med å drive slik er at du må klare å rekruttere sesongarbeidarar. For å redusere opplæringsbehovet bør i alle fall ein del kome att frå år til år.
Men ved å stenge om vinteren gir du samstundes ei hjelpande hand til konkurrentane, heilt gratis.
I og med at dei fleste hotella i Ålesund er kjedehotell betyr også eit stengt hotell at du stenger for kundar med kjedeavtalar. På den andre sida er det kjeder med to hotell i byen, som dermed uansett vil kunne ha eit tilbod, sjølv om det eine hotellet blir sesonghotell.
Likevel sit truleg ei omlegging til sesonghotell svært langt inne for aktørane i hotellmarknaden, i alle fall førebels.
Å protestere på hotellplanane ved ved Nørvasundet og håpe at politikarane vender tommelen ned blir neppe strategien. Innvendingar blir sikkert lagt på bordet, men det er alltid vanskeleg for aktørar i næringslivet å protestere mot konkurranse - i alle fall offentleg. Eit nytt hotell kan og gjere marknaden større, alle gjestane treng ikkje bli tatt frå andre hotell i Ålesund.
Strategien blir sannsynlegvis heller å sjå mot Tromsø, der turismen har gjort vinteren til høgsesong. Draumen om å få sjå nordlyset har fått utanlandske turistar til å fylle opp hotellromma i byen i mørketida.
Slik var det ikkje for 10-15 år sidan. Reiselivsnæringa i nord hadde ikkje heilt klart for seg kva som skulle til heller. om turistutvikling i Troms brukte til dømes minst like stor plass på hyttemarknaden som nordlysmarknaden, og det var ein viss tvil om næringa i Troms greidde å kopiere den suksessen finsk reiselivsnæring hadde fått om vinteren.
Det greidde dei, men det tok fleire år før det lukkast. Då tok det imidlertid av i slik grad at det no .

Publisert: 16.06.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59