Analyser
Dette er sørlendingen som berga Kleven
Han var tidlegare produksjonssjef på konkursråka Simek. No overtar Hans Jørgen Fedog og sørlands-partnerane konkursråka Kleven Verft.
19.07.2020
KOMMENTAR:
Det er den siste produksjonssjefen på det som var eitt av norges mest tradisjonsrike verft som no overtar endå meir tradisjonsrike Kleven Verft i Ulsteinvik.Det var i juni 2018 at Simek gjekk konkurs, etter at verftet tidlegare var eigd av herøyværingen Per Sævik. Dei siste 150 miste jobben, medan Hans Jørgen Fedog slutta ei kort tid før og fekk jobb som prosjektleiar for Farsund Fortøyingsselskap.
Men i mars i fjor overtok Fedog tidlegare Flekkefjord Slip i Kvinesdal etter at han allierte seg med lokale aksjonærar rundt Lista og starta Green Yard Group.
Verftet ligg på Angholmen i Fedafjorden, midt mellom Lyngdal og Flekkefjord.
39-åringen marknadsførde verftet som eit ‘grønt verft’, og satsa på ei rekke ulike verftstenester som reparasjonar, ombygging, klassing og i tillegg opphogging av skip og riggar.
Green Yard har EU-godkjenning for opphogging, og marknadsfører seg sjølv som eitt av dei fremste verfta på såkalla resirkulering av skip.
Dei andre norske selskapa med slik godkjenning er ADRS Decom Gulen, AF Offshore Decom, Lutelandet Industrihamn, Norscrap West og Kværner Stord, og med ei lang rekkje riggar og offshoreskip i langvarig opplag, kan det verte mange oppdrag for desse aktørane framover, spesielt om det kjem på plass ei statleg tilskotsordning.
Det siste veit nok GIEK og Innovasjon Norge meir om, som har vore av partane som siste vekene har trekt i trådane, saman med bankane Nordea, Sparebank1 SMN og Sparebanken Sogn og Fjordane.
Green Yard har hatt raskt vekst etter oppstarten, og fått ei rekkje oppdrag, og ved verftet på Angholmen i Kvinesdal ligg det no både skip og riggar.
I samarbeid med lokale transportørar tilbyr Green Yard også henting av jern og metall samt konteinarar for lagring inntil opphenting, og tar i tillegg imot spesialavfall som transformatorar, elektriske motorar og kablar.
No vert det spennande å sjå kva som vert det primære satsingsområdet for Kleven, men på Kleven lovar Green Yard at det også vidare skal satsast på bygging av skip. Dette er viktig for å behalde skipsbyggingskompetansen i regionen, men også svært viktig for dei mange underleverandørane som er avhengige av at det er skipsbyggingsaktvitet ved Kleven.
Som kjent gir ein arbeidsplass på eit skipsbyggingsverft fire-fem arbeidsplassar utanfor verftet.
Men i tillegg vil Green Yard satse på nye forretningsområde, som kan vere med på å sikre meir stabilt med arbeid. Det er utan tvil fornuftig, for det viser seg å vere svært vanskeleg for reine norske nybyggingsverft å gå i pluss. Til det trengst også ein solid porsjon eigenkapital, og det er uklart kor mykje friske pengar dei nye eigarane tar med seg inn i Kleven.
Dei norske verfta som har klart seg best siste åra, er dei verfta som har satsa breiare, ikkje minst på ombyggingar og reparasjonar.
Det er heller ikkje mange som ønskjer å eige eit norsk verft som er fokusert på nybygging, og Ståle Rasmussen, den tidlegare konsernsjefen på Kleven, oppsummerte det også presist med å seie at 'skipsbygging er av dei mest avanserte måtane å tape pengar på'.
Nye tap kan det no også verte etter at det slett ikkje sikkert at kanadiske Atlantic Towing ønskjer å overta offshoreskipet som er under bygging ved Kleven, slik offshoremarknaden i dag ser ut.
Men no vert det uansett satsa på meir enn rein skipsbyggingsaktivitet på Kleven, og at Green Yard er ein kjærkomen eigar av det som no vert Green Yard Kleven, vert ikkje minst illustrert av at den tidlegare verftsdirektøren Kjetil Bollestad no er tilbake som toppsjef etter å ha opplevd korleis det var å vere styrt av ein kroatisk verftseigar. Det gav tydelegvis ikkje meirsmak.
Bollestad er sjølv frå Rogaland, men bur no i Son, slik at det er sørlendingar med ein rogalending som sjef som no overtar verftet på Dimnøya. Det treng slett ikkje å vere ein dårleg kombinasjon.
Publisert: 19.07.2020 18:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59