Fiskeridirektoratet hovudkontor berben foto Wikimedia Commons
FÅR KRITIKK: Fiskeridirektoratet har hovudkontor i Bergen (biletet) og 19 lokalkontor langs kysten, frå Vardø i nordaust til Fredrikstad i søraust. Foto: Wikimedia Commons
Analyser

Direktorat på etterskot

Det er ikkje berre fiskeridirektøren som er forklaringa på at direktoratet han styrer haustar kritikk.

22.02.2026

I løpet av ei veke retta både Norges Kystfiskarlag, Pelagisk Forening og Fiskebåt sterk kritikk mot Fiskeridirektoratet for sein sakshandsaming og for å vere lite tilgjengleg. Begge deler kosta fiskarane pengar, i form av tapte inntekter og arbeidstid.

Fiskeridirektoratet vedgår at sakshandsaminga tek for lang tid, og lovar rask betring.

Denne veka gjorde også direktoratet ubedd om på sitt berre få veker gamle vedtak om trekkje attende oppdrettsselskapet Ode sitt løyve til drive torskeoppdrett ved Dysjaneset i Sande kommune, og vedgjekk feil i eiga sakshandsaming.

Det fiskeridirektøren (tidlegare Forsvarsminister Frank Bakke Jensen frå Høgre) får kritikk for er å ha gjennomført ei omorganisering som har gått ut over både fart, kvalitet og tilgjenglegheit.

Regiondirektørane er vekke, og folk på dei ulike kontora er organisert etter oppgåver, der sjefen må reise mellom ulike lokalkontor for å få ein samtale andlet til andlet. Kombiner det med ei rekkje nye sjefar som ikkje kjenner folk  og organisasjon. Det må bli krevande.

Men slikt kan gå seg til. Om ikkje det skjer med dagens leiing, så med ei anna.

Det som kanskje ikkje går seg til like lett er straumen av nye eller endra lov- og regelendringa som kjem frå politisk hald. I åra 2021-2025 kom det over 70 endringar i gjeldande nye reguleringer samt påbud, forbud og forskrifter innan ansvarsområdet til fiskeriministeren, som har Fiskeridirektoraret som ein underliggande etat. Det kjem fram i eit svar frå fiskeriministeren til stortingsrepresentanten Bengt Rune Strifeldt (Frp) tidlegare i vinter. Han fekk også vite at  det var 449 tilsette i direktoratet i 2024. I 2017 var det 447. 

Det er dei som har som oppgåve å halde seg orientert og handheve alle desse regelendringane.

Fiskerinæringer delvis er svært detaljregulert næring, og med mange og hyppige regelendringar på toppen blir det lett mange arbeidsoppgåver for byråkratane. Detaljreguleringa i fiskerinæringa har historiske årsaker, som skal sikre at alle grupper fiskarar skal få sin del av kaka. Å oppretthalde slike reguleringar har også ein pris, og det er ei politisk vurdering om den er verdt å betale.

Frå oppdrettsnæringa er dei såkalla utviklingstillatelsane eit døme på politiske framlegg som skaper mykje arbeid i byråkratiet. EIn utviklingsløyve var eit løyve til å drive oppdrett så sant det vart prøvd ut ny teknologi og metodar for å dempe negative miljøpåverknadar. Om ein mislukkast komme løyvet gjerast om dei eit vanleg løyve - til langt høgare verdi. Riskoen var med andre ord liten, og mange ville prøve seg.  Fristen for å søke var i november 2017. Først i mai 2019 var førstegangsbehandlinga av alle søknadane ferdig. Deretter kom klagesakene. 

Advokatar er neste stikkord. Det er store verdiar både i fiske og oppdrett og dei verdiane er samla på færre hender enn om vi går berre eitt ti-år eller to attende i tida. Kvart einskild vedtak frå Fiskeridirektoratet eller departenentet har dermed potensiell større betydning enn i tidlegare. Dermed blir også gevinsten ved å vinne fram med ein klage på eit vedtak som går ein i mot større. Bra for advokatane og bra for den som vinn fram med ein klage, men også tidkrevande.

Når marknaden for advoktatenester inn mot Fiskeridirektoratet og tilhøyrande styresmakter veks, veks også verdien av å ha den kunnskapen som må til for å bli ein god advokat på feltet. Ein god plass å finne den, er nettopp blant juristane som er sakshandsamarar i direktoratet, som då må fylle på med nye og gjerne mindre erfarne folk. Det medverkar og til auka tidsbruk.

Nærings og fiskeridepartementet er kanskje ikkje det beste føredømet for direktoratet heller.

Sidan august 2024 har departementet vurdert handelen som gjorde American Industrials Partner til medeigar i norsk krillfiske. Bakgrunnen var at eit fond sett opp av det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, blei eigar i Aker Qrill Company - eit selskap skilt ut frå Aker Biomarine. 

Fiskebåt ville vite om den reelle kontrollen over krillkonsesjonene etter denne transaksjonen ble eigd av utlendinger - og om det er i strid med deltakarloven, som krev at kontrollen skal være på norske hender. 

– Eg har ikkje noko nytt å melde i den saka, sa fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss til Nett No på landsmøtet til Fiskebåt i 10 februar i år.

Publisert: 22.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 26.02.2026 10:21

Mer om