Flest skuffelsar etter soeknadsboom
NYTT ANLEGG: Salmar var blant dei første som fekk oppdrettskonsesjonar for å teste ut ny teknologi og arbeider med planar om å bygge eit nytt og større anlegg enn det som er i drift utanfor Trøndelagskysten (biletet). 
Analyser

Flest skuffelsar etter søknadsboom

Flesteparten som satsa på innpass i oppdrettsnæringa gjennom ny teknologi og nyskapande løysingar, sit skuffa tilbake. Berre eit fåtal fekk ja.

05.05.2019
ANALYSEOppslutninga om ordninga med såkalla utviklingstillatelsar i oppdrettsnæringa både overvelda og overraska.Då fristen for å søke gjekk ut i november 2017, hadde Fiskeridirektoratet fått inn 104 søknadar. No har direktoratet gjort unna førstegangs behandling av alle saman.Oppdrettsnæringa har i fleire år langt på veg nesten hatt full stopp i tildelinga av nye tillatelsar/konsesjonar til å drive oppdrett i sjøen. Det har gjort tillatelsane svært ettertrakta og då Nærings- og fiskeridepartementet auksjonerte ut eit mindre antal nye tillatelsar/konsesjonar i fjor, varierte prisen på ein standard tillatelse frå 196 til 103 millionar kroner. Ein standard tillatelse er eit anlegg med 780 tonn slakteklar laks.Utviklingstillatelsar er derimot gratis. Målet med ordninga er å stimulere til utvikling av ny teknologi og metodar i oppdrettsnæringa for å få ned problem som lakselus, rømming og lokal forurensing. Skulle den nye teknologien vise seg å vere mislykka kan utviklingstillatelsane - etter vurdering - gjerast om til vanlege oppdrettstillatelsar - for 10 millionar kroner. Det er ein brøkdel av marknadsverdien. Investeringa i teknologiutvikling og bygging av anlegg må eigarane som får tillatelsen bere sjølve, men det å kunne få gjort utviklingstillatelsane om til vanlege oppdrettstillatelsar inneber ei stor risikoavlasting. Etter at Fiskeridirektoratet no er ferdig med førstegangsbehandlinga av alle søknadane, er status at 11 søknadar har fått ja. Åtte har fått delvis ja, men det endelege vedtaket er ikkje gjort.Dei som har fått ja har fått tillatelsar som omfattar cirka 65 standard tillatelsar. Det utgjer ein vekst på seks-sju prosent samanlikna med nivået før utviklingstillatelsane blei delt ut. Det er ein bra vekst for bransjen, men småtteri samanlikna med kor mykje det ville blitt om alle som søkte hadde fått ja. I så fall kunne produksjonskapasiteten i norsk oppdrett gått opp med rundt 85 prosent, i følgje direktoratet.Mange som har fått avslag har klaga. 30 klager ligg til behandling i Fiskeridirektoratet. 18 saker ligg til behandling i Nærings- og fiskeridepartementet, som er siste klageinstans.Det betyr at fleire kan få ja, men praksisen så langt tyder på at det ikkje blir så mange.Blant dei som har fått endeleg nei er Norsk Sjømat/Aqua Gen, som ville ta i bruk tome møbelfabrikkar i Stordal og bygge eit kombinerte landbasert/sjøbasert oppdrettsanlegg der. Planen var å investere 400-500 millionar kroner og skape 50-60 nye arbeidsplassar i Stordal.- Du kan skrive at eg er fly forbanna, seier Per Magne Grøndahl, dagleg leiar og medeigar i fiskeindustriselskapet Norsk Sjømat på Stranda etter at departementet gav endeleg avslag i fjor.(Det kan likevel bli investeringar i Stordal, dersom initiativtakarane får tildelt såkalla visningskonsesjon, der oppdrettsanlegget er ope for publikum. Søknaden om visningskonsesjon er ikkje avgjort).Selskapet Marad i Herøy fekk også nei på sin søknad, eit flytande lukka oppdrettsanlegg. Den klagen ligg til behandling i Fiskeridirektoratet.Den relativt beskjedne søknadsbunken frå Nordvestlandet forundra regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal Fylkeskommune. I tillegg til Norsk Sjømat/Aqua Gen og Marad kom det berre fem søknadar frå selskap i Møre og Romsdal.Ho meinte den maritime næringa gjekk glipp av ein sjanse til å vinne innpass i ein ny marknad.- Det at det er så få frå leverandørindustrien i fylket som er involvert som utviklingspartnar i søknadane, overraskar oss. Men strukturen i oppdrettsnæringa, med få aktørar, som ikkje har hovudkontor eller utviklingsavdelingar i vårt fylke, kan vere ei utfordring og kan også vere ei forklaring på få søknadar frå Møre og Romsdal, sa ho i 2017.Også sjansen til å få bygge eitt av dei store oppdrettsanlegga til eit av oppdrettsselskapa som fekk utviklingstillatelse, glapp for industrien på Nordvestlandet. Det største og mest kjente anlegget som har fått ja er oppdrettsselskapet Salmar sitt havbaserte anlegg, der kunnskap om offshoreinstallasjonar er brukt til å bygge eit oppdrettsanlegg som er på plass utanfor Trøndelag.– Det er en god blanding av større og mindre prosjekter, og en fordeling av børsnoterte selskap, mellomstore og til dels familieeide aktører og noen nye små gründerselskaper uten akvakulturtillatelser fra før. Alle med fellesnevneren at de har som mål å løse noen av næringens miljø- og arealutfordringer og at de oppfyller de sentrale kriteriene om betydelig innovasjon og betydelige investeringer,Om nokre år ser vi i kor stor grad den nye teknologien og metodane som no blir testa ut, har lukkast. Suksess opnar for ny produksjonsvekst i norsk oppdrett.Men samstundes kan fullstendig ny teknologi - der heile produksjonen foregår i lukka anlegg på land - endre vilkåra for heile bransjen. Landbaserte anlegg treng ikkje tillatelse til å drive oppdrett, så lenge vanlege miljøkrav og fiskehelsekrav er oppfylt. Selskapet Salmon Evolution på Nordvestlandet er blant dei som satsar på land, med planar om å starte bygging av eit anlegg ved Bud i år. Det kan bli eit kappløp om kven som vinn fram, landbasert satsing eller nye typar sjøanlegg, fordi suksess for det eine kan gjere det andre alternativet mindre interessant.

Publisert: 05.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59