Dobbel smell for norsk oekonomi
MOTOR: Utbygginga av Johan Sverdrup-feltet var ein motor som dempa den økonomiske nedturen i leverandørindustrien etter oljeprisfallet som starta i 2014. Under koronakrisa har oljeprisen falle under nivået frå fallet etter 2014 og no vil oljebransjen ha nye reglar for å stimulere aktiviteten.
Analyser

Dobbel smell for norsk økonomi

Koronaviruset forsterkar og forlenger oljenedturen. Ein tredjepart av oljeetterspørselen er borte.

14.04.2020
I en artikkelserie ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er sjuande artikkel.

ANALYSE


Akkurat i det ein svak optimisme var i ferd med å spreie seg hos offshorereiarane på Nordvestlandet, snudde det brått og brutalt. Saudi-Arabia starta ein priskrig med Russland som sende oljeproduksjonen opp og prisen ned. Koronaepidemien feiar over verda og har sendt oljeforbruket rett ned.
Analyseselskapet Rystad Energy om dagen på verdsbasis. Til saman var oljeforbruket i følgje selskapet gjennomsnitt 99 millionar fat om dagen i fjor.
Det er eit så stort etterspørselsfall at det nett no ikkje spelar så stor rolle at Saudi-Arabia og Russland, saman med andre produsentar, er blitt samde om å kutte produksjonen. Produksjonskuttet er på 9,7 millionar fat om dagen i mai og juni, Også blant andre Noreg og USA, som ikkje er med i Opec/Russland-alliansen, vil kutte produksjonen. I beste fall, sett frå produsentane si side, kan det bli eit kutt på 20 millionar fat om dagen.
Men dei største kutta skal berre gjelde for mai og juni. Sjølv om draumen om 20 millionar fat færre om dagen blir nådd er det ikkje nok til å hindre overproduksjon. Dermed ligg det an til at oljeprisen vil halde seg låg. Det får, og har allereie fått, konsekvensar.
har varsla milliardkutt i investeringane og offshorereiarar på grunn av ordretørke.
Offshorereiarlaget DOF ber om ekstra tid i refinansieringsplanane fordi grunnen er riven vekk under refinansieringsløysinga. Hos Solstad Offshore ligg det an til at långivarane overtek majoritetseigarskapet i selskapet.
Banksjef for maritime næringer i Sparebank 1 SMN, Henning Mostue, oppsummerte status kort og presist i eit intervju med NETT NO like før påske.
- og anslo at dei de fleste reiarlag må gjennom ei ny refinansieringrunde.
For kvar dag som går no, aukar sjansen for at alle reiarlaga må sette seg ned med kreditorane på nytt.
Hadde det ikkje vore for koronaepidemien hadde oljeprisfallet vore det store diskusjonstemaet hos politikarar og næringsliv. 30. mars fall prisen for Nordsjøolje heilt ned under 23 dollar fatet, den lågaste prisen sidan 2002/2001.
Oljeprisfallet frå 2014 til 2016 utløyste stor arbeidsløyse - spesielt på Vestlandet - der alle selskap i oljebransjen vart råka. Mellom dei var offshorereiarlaga, som både er store arbeidsgivarar og i fleire år hadde gitt skipsverfta på Nordvestlandet oppdrag for milliardar med bygging av offshoreskip.
Forventingane om at offshorereiarlaga no var på veg ut av den langvarige nedturen er broten. Koronaepideminen er også skadeleg for skipsverfta, sjølv om dei langt på veg er ferdig med å bygge offshorefarty i denne omgang.
Problemet er at marknaden både Kleven, Ulstein Verft og Vard satsa på for å få ny oppdrag - cruise- og ekspedisjonsskip - også er hardt råka av epidemien og tiltaka mot den. Det skjer då verfta var klare for å hauste av dyrekjøpte erfaringar frå første runde med cruise- og ekspedisjonsskipsbygging. No risikerer dei ordretørke fordi cruiseskispreiarar set seg på gjerdet på grunn av koronaepidemien.
Sjølv om Rystad Energy trur tiltaka for å bremse koronasmittespreiinga blir letta på i løpet av våren og sommaren, vil etterverknadane på oljeetterspørselen vare ut 2020 og sannsynlegvis inn i 2021. Det tek tid å få hjula til å spinne igjen - og før dei gjer det, treng verda mindre olje enn før koronakrisa.

Fredag 3. april kom bransjeorganisasjonen Norsk Olje & Gass med sitt framlegg for å få ny fart i oljeaktiviteten.
Det går ut på å endre skattereglane, slik at skattefrådrag for investeringar på norsk sokkel kjem straks i staden for etter seks år.

No kan styresmaktene kome oljebransjen i møte, sjølv om det vil rokke ved reglar som har vore stabile i lang tid.
Før koronaepidemien ville den sjansen vere liten, rett og slett fordi storparten av parti og stortingspolitikarar var opptekne av å framstå som ivrige forkjemparar for tiltak som skal redusere CO2-utslepp. Over 300.000 arbeidslause registrert hos NAV ved utløpet av mars i år. Saman med milliardkostnadar for å dempe skadeverknadane av korontiltaka, er det sannsynleg at merksemda om klimapolitikk og CO2-utslepp får mindre vekt - i alle fall i ei periode.
Dersom det politiske fleirtalet trur oljeprisen berre har ein mellombels nedtur, og at ein oljepris på nivået før koronakrisa (over 60 dollar fatet) er meir sannsynleg - vil det politiske fleirtalet rett og slett ikkje ta seg råd til å avstå frå den positive effekten av oljeinvesteringane i norsk økonomi.
Dersom vurderinga blir at ein oljepris på i overkant av 30 dollar fatet er den nye normalen, blir reknestykket eit anna.
I en artikkelserie ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er sjuande artikkel.







I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei. Podcasten er eit annonseprodukt.

Publisert: 14.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59