Analyser
Dragkamp om Vard
Må Fincantieri auke bodet til minoritetsaksjonærane i Vard?
15.01.2017
ANALYSEDet italienske verftskonsernet Fincantieri og storaksjonæren i Vard nådde i første omgang ikkje fram i forsøket på å ta full kontroll i Vard.Fincantieri eig 55,63 prosent av aksjane i Vard og varsla i november i fjor at det ville by på alle aksjane, ta Vard av børs og gjere selskapet til eit heileigd datterselskap i Fincantieri.Vard er ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet, med verft i Aukra, Tomrefjord, Brattvåg og Søviknes, og med hovudkontor og designavdeling i Ålesund.Då den forlenga fristen til å takke ja til tilbodet om å kjøpe ut resten av eigarane gjekk ut denne veka hadde berre eigarane av 17,1 prosent av aksjane takka ja. Saman med aksjane Fincantieri eigde frå før utgjer det 72,73 prosent. Opphavleg stilte Fincantieri som vilkår at selskapet måtte passere 90 prosent eigarskap i Vard for at bodet skulle vere gjeldande. No er vilkåret endra til minst 50 prosent - som Fincantieri allereie er over.Men nye vilkår gjer at dei aksjonærane som alt har sagt ja ikkje lenger er forplikta til å selje. No kan dei tenkje seg om ein gong til, og den nye bodfristen er 2. februar.Sett frå skipshallen eller ingeniørkontoret har kanskje ikkje utfallet all verda å seie. Fincantieri er allereie den dominerande eigaren, og etter oljeprisfallet har Vard og Fincantieri samordna drifta og samarbeidd tettare enn før. Det har truleg Vard-aksjonærane og dei tilsette tent på etter at oljeprisfallet slo beina unna marknaden for bygging av offshorefarty. Fincantieri kan bygge cruiseskip, og har truleg vore ein døropnar for Vard inn i denne marknaden.For Fincantieri er det uansett fornuftig å trekkje Vard tettare inn i drifta av Fincantieri for å få meir ut av ressursane i Vard. Går det bra for Vard er det bra for Fincantieri, sjølv om Vard må delast med andre aksjonærar.Men med eit tettare samordning av drifta er det lett å forstå av Fincantieri søkjer full kontroll. Det vil forenkle administrasjonsarbeidet i høve til aksjonærane, børsen og mellom selskapa i Fincantieri-konsernet om alt er styrt frå Italia og Vard er ein del av Fincantieri, som er børsnotert i i Milano.Den moglege ulempa, sett frå Nordvestlandet, er at meir makt blir flytta frå Vard-hovudkontoret i Ålesund til Fincantieri-hovudkontoret i Milano.Forlenginga av bodfristen som kom i romjula var ingen stor suksess. Då første bodfrist gjekk ut hadde eigarane av 16,32 prosent av Vard-aksjane takka ja, når andre bodfrist gjekk ut denne veka var posten berre auka til 17,1 prosent.Det er altså eit godt stykke att til Fincantieri passerer 90 prosent og kan tvangsutløyse resten av eigarane. Med responsen på det bodet som ligg på bordet er det grunn til å tru at det vil ta tid før situasjonen er avklart, sjølv om meldinga frå Fincantieri er at selskapet uansett vil arbeide vidare med mål om å stryke Vard frå notering på børsen i Singapore og gjere selskapet om til eit heileigd datterselskap.Truleg er det prisen det står på. Dei siste dagane har aksjekursen i Vard tidvis hoppa høgare enn bodet frå Fincantieri på 0,24 Singapore-dollar, som verdset Vard til 1,7 milliardar kroner.Då Fincantieri fullførte kjøpet av aksjemajoriteten i Vard i desember 2012 var kursen 1,3 Singapore-dollar pr.aksje. Etterpå har det gått i rykk og napp nedover fram til februar i fjor og ein ny botn i september, med ein aksjekurs rundt 0,13 Singapore-dollar pr. aksje. Deretter har det gått oppover, men ein førebels topp på 0,28 Singapore-dollar 10. november, rett før Fincantieri kom med tilbodet om å kjøpe alle aksjane. Fredag i denne veka var aksjen handla til 0,25 Singapore-dollar.Aksjekursen tyder på at i alle fall nokre aksjonærar håpar at Fincantieri til slutt vil kome med eit betre tilbod for kome heilt i mål. Aksjonærstrukturen i Vard tyder og på at det først og fremst er eit prisspørsmål. Av dei 20 største aksjonærane er det berre seks som sit med større aksjepostar enn ein prosent i Vard. Aksjonærlista er dominert av såkalte nominee-kontorar, altså det dei reelle eigarane eig aksjane gjennom ein bank eller meklarhus, men det er ingen flaggingar om at det er andre enn Fincantieri som er ute og prøver å samle opp større postar. Vard-sjef Roy Reite er nyleg av magasinet Offshore Support Journal, blant anna på grunn av Vard sin suksess i å skaffe seg oppdrag i nye marknadar etter at marknaden for bygging av offshore-farty kollapsa.Ved utløpet av tredje kvartal i fjor hadde Vard hanka inn nye oppdrag for over 10 milliardar kroner. Det er meir enn i heile 2014 og heile 2015.2017 starta også godt, med to ferjekontrakter på tilsaman rundt 600 millionar kroner.Det er fine greier, men kan få ein del av Vard-aksjonærane til å lure på om bodet frå Fincantieri kan bli litt høgare.
Publisert: 15.01.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59