Groenne GIEK garantier til 5 6 milliarder f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328 1
TYRKIA: Fjord1-ferje før overlevering frå tyrkisk verft i 2021. Norske reiarar er ein viktig kunde for tyrkiske skipsbyggingsindustri. Illustrasjonsfoto.
Analyser

Ei hjelpande hand frå Tyrkia

Verftsbransjen såg ut til å snakke for døve øyrer om kritikkverdige tilhøve på tyrkiske verft.

28.01.2024
ANALYSE:

Utfordringa for bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft har vore å få gjennomslag for sitt syn. No har organisasjonen fått ein sjanse til å bli lytta til, etter Aftenposten sine artiklar om tilhøva i Tyrkia. (Artiklane har og vore publisert i E24).

Bransjeorganisasjonen vil at stat, fylke og offentlege etatar ikkje byggjer skip i Tyrkia, og argumenterer med at arbeids- og lønsvilkår i Tyrkia ikkje samsvarar med krav norske verft må følgje.

"Vi etterlever selvsagt norske lønns- og arbeidsvilkår i vår prissetting og så opplever vi at Staten selv går til et land med helt andre holdninger til Åpenhetsloven, arbeidsforhold, HMS og bærekraftig produksjon med sine kontraheringer.", skreiv Norske Skipsverft i ei pressemelding etter årsmøtet sitt våren 2023.

Norske Skipsverft vil heller ikkje at privateigde reiarlag som byggjer i Tyrkia skal få nyte godt av norske støtte-, garanti- og finansieringsordningar.

"Velger man skipsbyggingsnasjoner hvor arbeidsforholdene er lavere prioritert enn hva man etterlever i Norge, og aksepterer høyere politisk og økonomisk risiko, da må man også si fra seg støtte, garantier og finansiering fra det norske virkemiddelapparatet", skreiv organisasjonen i årsmelding.

I gjennomsnitt har 22 verftsarbeidarar mista livet årleg ved tyrkiske verft i åra 2013-2022, skriv Aftenposten.

"Offentlig finansiering av norske fartøy i utlandet skal ikke bidra til dårlige arbeidsvilkår og sosial dumping", skriv statssekretær Tore O. Sandvik (Ap) i Næringsdepartementet i ein e-post til Aftenposten, der han kommenterer kritikken mot tyrkiske verft i Aftenposten sine artiklar.

Stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård frå SV fekk denne veka svar frå arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna om kva staten vil gjere for å sikre at norske selskap kjøper ferjer frå verft med gode arbeidsvilkår. Grunngjevinga for spørsmålet var nettopp innhaldet i Aftenposten-artiklane.

Korkje Brenna eller Sandvik svarar på ein slik måte at Norske Skipsverft kan innkassere eit politisk gjennomslag. Det er uro, kontroll, oppfølging og arbeid gjennom internasjonale avtalar og organ som er gjennomgangsmelodien. Norske Skipsverft er framleis langt unna målet sitt, som mellom anna er at det offentlege virkemiddelapparatet skal avgrense seg til EU/EØS-området.

Utstyrsbedriftene, som også leverer utstyr til skip som blir bygd i utlandet, har ikkje nødvendigvis samanfallande interesser med verfta i Noreg.

Her gjeld det å skaffe seg fleire allierte.

SV er det første politiske partiet Norske Skipsverft har hatt møte med i år. Der var mellom anna "virkemiddelsapparatets geografiske operasjonsområder" tema, ifølgje nettsida til Norske Skipsverft.

SV (og Raudt) på laget er neppe nok. Truleg må Norske Skipsverft få med LO for å ha den tyngda som må til for å få regjeringa til å foreslå endringar som har reelle konsekvensar.

Om LO skal engasjere seg meir, kjem det truleg til å skje i samarbeid med tyrkisk fagrørsle. Då er det ikkje sikkert målet blir at norske kundar byggjer minst mogleg i Tyrkia, men heller å bidra til at krav om betre arbeidstilhøve og løn i Tyrkia blir innfridd.

Det i seg sjølv vil uansett bidra til å jamne ut konkurranseskilnadane mellom norske og tyrkiske verft, som er ein fordel, sett frå norske verft si side.

Publisert: 28.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 28.01.2024 01:38

Mer om