Fiskerirevolusjon paa Faeroeyane
NYE TIDER: Lossing av fangst på Færøyane. Frå og med i år skal opptil 25 prosent av fiskekvotane på Færøyane seljast på auksjon, ein del av det for berre eitt år i slengen. 
Analyser

Fiskerirevolusjon på Færøyane

Medan norske politikarar endrar fiskeripolitikken i sneglefart gjennomfører Færøyane ein revolusjon.

04.02.2018

ANALYSE


Omlegginga av fiskeripolitikken på Færøyane kan vere eit varsel om kva som skjer om retten til fiskeressursane blir alt for konsentrert og fortenesta blir samla på få hender.
Frå årsskiftet starta eit heilt nytt regime i færøysk fiskeri. Regjeringa er i full gang med å få på plass forskrifter med alle detaljane, men hovudtrekka er klare.

Mellom 15 og 25 prosent av alle fiskekvotane skal seljast på auksjon, for eitt, tre eller åtte år i slengen.
Ingen skal rå over meir enn 20 prosent av dei samla fiskekvotane til Færøyane, og ikkje meir enn 35 prosent av kvotane innan éi gruppe fiskeslag (til dømes torskefisk). Om reiarlag som i dag har meir kvote enn maksimlagrensa sel kvotar, skal die kvotane på auksjon, og reiarlaget har ikkje høve til å kjøpe seg opp over taket etterpå.
Skulle fiskebestandane ta seg kraftig opp, nye artar kome til, eller Færøyane får forhandla seg fram til å ta ein større del av fiskeslag som blir forvalta i samarbeid med andre nasjonar, skal auken i kvotane leggast ut på auksjon.
Utanlandske medeigarar i fiskebåtreiarlag på Færøyane har 7-8 år på seg på å selje seg ut.
Eit nytt system for skattlegging av retten til å drive fiske skal vere klart i 2019/2020. Det er snakk om ei såkalla ressursrente, ein skatt på den ekstraordinærer profitten som kjem av retten til å hauste naturressursar.

I tillegg har Fiskeriministeren på Færøyane fullmakt til å avgrense - gjennom direktiv - kor mykje fisk færøyske fiskarar får lov til å levere til fiskeindustrien i andre land.
Hovudregelen i følgje fiskeridepartementet på Færøyane er at fisk skal landast på Færøyane, ein praksis som har fått bransjeorganisasjonen for norsk fiskeindustri til å varsle Fiskeridepartementet her heime om at dette er fæle greier.
"For Sjømat Norges medlemmer er det en stor utfordring at statene vi deler fiskeressurser med i økende grad innfører proteksjonistiske tiltak for å verne sin egen industri mot konkurranse. Færøyene har nå innført landingspåbud for all fisk, og vi registrerer at det diskuteres tilsvarende bestemmelser både i Skottland og Irland. Slike begrensninger i råvarehandelen gjør det stadig vanskeligere for fiskeindustrien i Norge å kjøpe råstoff, og vi kan ikke akseptere at det innføres sterke begrensninger i handelen med råstoff fra våre naboland uten at det treffes mottiltak fra norsk side.", heiter det i eit brev Sjømat Norge sende departementet denne veka.
Dersom Færøyane står på sitt må Noreg vurdere mottiltak, som å nekte norske farty å lande fisk på Færøyane, skriv Sjømat Norge i brevet.
Fiskeriminister Per Sandberg har denne kommentaren i ein epost til NETT NO: "Sjømat Norge har informert departementet om at Færøyenes nylig vedtatte fiskerireform skal inneholde et forbud for færøyske fartøy mot å lande fisk i utlandet. Departementet har igangsatt undersøkelser for å få klarhet i hva denne reformen innebærer, og om den er i overensstemmelse med Færøyenes internasjonale forpliktelser. Saken vil nå bli tatt opp med færøyske myndigheter."
Ideen bak den færøyske politikken er enkel; verdiane som ligg i fiskeressursane skal spreiast på fleire og fiskeria må gi fleire arbeidsplassar på Færøyane - også på land.
På kort sikt er det sjølvsagt begrensingane som er sett på færøyske fiskarar sin rett til å levere fisk til norsk fiskeindustri, som har størst effekt på norske interesser.
Sett frå norsk side er det ikkje gunstig om norsk industri - først og fremst industrien som kjøper sild, makrell og andre pelagiske artar - ikkje får høve til å konkurrere om fangsten til færøyske fiskarar.
Men mottiltaka Sjømat Norge gjer framlegg om, mellom anna å forby norske fiskarar å levere til fiskeindustrianlegg på Færøyane, vil garantert ikkje falle i god jord hos norske fiskarar.
Konflikten mellom Sjømat Norge og Fiskebåt blussa opp på slutten av 2017 og har halde fram mellom anna gjennom debattinnlegg hos NETT NO.

Skulle Noreg finne på å svare Færøyane med same mynt vil det utløyse kraftige protestar frå norske fiskarar, som då ville få færre kundar som konkurrerte om fangsten deira, og lengre transportveg for fangstar som er tatt i nærleiken av Færøyane.
Om omlegginga av kvotepolitikken på Færøyane får konsekvensar for Noreg er meir usikkert.

Det er verdt å hugse at utgangspunktet er forskjellig, der fiskekvotane og dermed rikdomen som følgje med, er meir konsentrert på Færøyane enn i Noreg.
Det som politisk er mest sannsynleg at Noreg kopiere Færøyane i, er å innføre ei ressursrente - ein ekstra skatt på å hauste av fisken i havet. Fungerer det regelverket for ressursrenteskattlegging som Færøyane skal ha klart i 2019/2020, kan det bli ein modell som også Noreg kopierer.

Publisert: 04.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59