Prodtex Fiskaholmen mai 2021 11
KONKURS: Den avanserte robotsveisen som Prodtex-selskapet utvikla blei gjort her på Fiskåholmen i Vanylven. Både produksjonsselskapet og morselskapet gjekk konkurs - men eigarane har starta ny verksemd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Berre smular att til kreditorane etter Prodtex-konkurs

Bubehandlinga er avslutta.

Marius Rosbach
07.11.2025

Det vart ikkje pengar att til nokon av kreditorane etter konkursen i Prodtex AS. Det kjem fram i sluttberetninga til bustyrar Øystein Remme.

– Det blei tidleg klart at det ikkje var midlar til usikra kreditorar i buet, seier advokaten til Nett No.

I oktober blei bubehandlinga avslutta i Sunnmøre tingrett og selskapet sletta frå foretaksregisteret. Det sette punktum for ei av dei mest ambisiøse industrisatsingane i regionen dei siste åra.

Eit erstatningskrav frå Statsbygg var utløysande for at Prodtex AS melde oppbod i april.

Driftsutstyr og varelager selt 
Til saman var det krav i buet på drygt 174 millionar kroner. Storparten skreiv seg til Statsbygg sitt erstatningskrav på 78,3 millionar og eit pant Sparebank 1 SMN hadde på 82,5 millionar. 

Alt gjekk tapt, forutan at banken fekk 1,25 millionar kroner for driftsutstyr og varelager då dette blei selt til eit nytt selskap Prodtex Norge AS.

Forsøkte berge vidare drift
Bustyrar Øystein Remme i Prodtex-konkursen har ingenting å utsette på forretningsførselen – eller bergingsforsøket Prodtex-leiinga gjorde i forkant av oppbodet.  

Bustyrar meiner styret hadde god oversikt og kontroll over selskapet sin løpande finansielle situasjon, og at dei oppfylte sin handleplikt då dei med ein gong sette i gong prosessen med å melde oppbod då kravet kom frå Statsbygg. 

Prodtex-satsinga bestod av fleire selskap - morselskapet Prodtex AS i Ulstein som laga programvare og leverte ingeniørtenester, og Prodtex Industri AS i Vanylven som utførte oppdrag med robotsveising på Fiskåholmen.

Oppdrettsoppdrag velta dotterselskap 
Stordelen av krava i konkursen i morselskapet Prodtex, stamma frå konkursen i dotterselskapet Prodtex Industri i juni 2024. I burapportane kjem det fram at selskapet over lengre tid hadde slite økonomisk. 

Oppdraget med å lage fem fiskemerdar i stål til Lerøy var den utløysande årsaka til konkursen i dotterselskapet.

– Trist for eit lite samfunn, sa Vanylven-ordføraren etterpå.

Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
Ei gangbru i Åfjorden var den første Prodtex leverte til Statens vegvesen. Brua blei frakta i tre delar på 22 meter på lekter frå Fiskåholmen. Foto: Prodtex

Betydeleg støtte frå Innovasjon Norge
Historia om Prodtex starta i 2018 då Tore Roppen etablerte firmaet etter å ha slutta som innkjøp- og produksjonssjef i dåverande Kleven Verft. 

Våren 2020 kunne selskapet fortelje at dei hadde motteke støtte og lån på til saman 27 millionar kroner frå Innovasjon Norge. 

I løpet av dei neste åra jobba Prodtex med alt frå bruer til Statens vegvesen, oppdrettsmerdar  og hydrogentankar til skip

Selskapet sin spesialitet var automatisert robotsveising og sørga mellom anna for at vegvesenet kunne lage bruer med halvert karbonavtrykk. Teknologien deira blei anslått å kunne kutte kostnadene på brukryssingane på ferjefri E39 med fleire milliardar. 

Starta opp på nytt
I mai blei det klart at gründerane startar opp på nytt med selskapet Prodtex Norge.

– Vi har starta med mange av dei tilsette vi hadde tidlegare. Dermed har vi bevart mykje av kompetansen i selskapet og har med oss mykje erfaring, fortalde dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand til Nett No etter oppstarten.

Publisert: 07.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.11.2025 20:39

Mer om