Lillian Haddal Hans Olav Rovde foto Marius
JOBBMESSE: HR-sjef Lillian Haddal og produkjonssjef Hans Olav Rovde ved Green Yard Kleven var mellom drygt 30 bedrifter på jobbmesse i Ulsteinvik fredag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Har møtt fleire aktuelle kandidatar

Ulsteinvik trekte fleire bedrifter til jobbmesse enn Molde og Ålesund. Green Yard håpar å finne nye verftsarbeidarar.

Marius Rosbach
07.11.2025

Fredag var det klart for tredje runde med Fabelaktig Fredag i Møre og Romsdal på nokre få veker. Drygt 30 bedrifter møtte opp i Ulsteinvik saman med fleire hundre jobbsøkjarar. 

Mellom dei som deltok var Green Yard Kleven, som snart ventar eit nybygg til kai ved verftet.

–  Vi treng først og fremst operatørar på ulike felt i produksjonen, mellom anna industrimekanikarar, platearbeidarar og sveisarar, seier HR-sjef Lillian Haddal til Nett No. 

Vi har møtt fleire aktuelle kandidatar som vi absolutt vil snakke meir med
Hans Olav Rovde

Møtte fleire aktuelle kandidatar
Haddal fortel at fleire av dei som kjem innom på jobbmessa berre lurar på kva verftet driv med. Men i løpet av dagen møtte ho og kollega Hans Olav Rovde fleire som kan vere aktuelt på tilsette. 

– Vi har møtt fleire aktuelle kandidatar som vi absolutt vil snakke meir med. Arbeidsmarknaden er så sprengt at vi må sjå på alle moglegheiter, seier Rovde som er produksjonssjef.

Verftet i Ulsteinvik er kring 85 tilsette i dag, i tillegg til innleigde. Dei har også seks lærlingar i arbeid. 

Fabelaktig frdag ulsteinvik jobbmesse foto Marius
FLEIRE HUNDRE DELTOK: Fabelaktig Fredag er eit lågterskeltilbod for jobbsøkjarar som er gratis og ope for alle. Drygt 30 bedrifter og fleire hundre jobbsøkjarar deltok i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Fleire bedrifter enn i Molde og Ålesund
I løpet av dei siste vekene er det arrangert tilsvarande opplegg i Molde og Ålesund. Begge plassar deltok færre bedrifter, enn under fredagens opplegg i Ulsteinvik. I Molde stilte 24 bedrifter, medan 21 deltok i Ålesund. 

Elin Christine Melby hos Nav Møre og Romsdal fortel at det er spesielt stort behov for arbeidskraft blant den maritime industrien på søre Sunnmøre. 

– Det har vore eit ekstra trykk her i Ulsteinvik frå industribedrifter, der fleire opplever stort vekst for augneblinken, seier Melby til Nett No. 

Etter jobbmessa var over kunne ho fortelje at nær samtlege bedrifter hadde møtt folk dei ville følgje opp. Fleire av bedriftene har også avtalt å gjere intervju med kandidatar dei møtte i løpet av dagen. 

Blir avslutta med prisutdeling 
Fabelaktig Fredag-konseptet starta for over ti år sidan i Larvik og har spreia seg til andre plassar i landet. I tillegg til en jobbmesse på ettermiddagen, starta dagen med underhaldning og foredrag for jobbsøkjarane.

Etter arbeidstid er det opplegg for bedriftene der det mellom anna blir delt ut prisar. Dette er dei nominerte: 

«Ungdomssatsaren 2025» - Hareid Group, Green Yard Kleven og Vartdal Plast.

«Nyskaparen 2025» - Ode Vartdal, Metizport og Volti.

«Årets Eldsjel» - Åse Pilskog fra NAV, Ann Turid Egset fra Møre og Romsdal fylkeskommune og Olav Stokke fra Furene. 

Publisert: 07.11.2025 14:32

Sist oppdatert: 07.11.2025 17:39

Mer om