Geiranger vestlandske ferje turister reiseliv foto M Arius
GEIRANGER: Turistar på veg om bord i Vestlandske-ferja MF Jotunheim. I bakgrunnen ei av Fjord1-ferjene ute på fjorden. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Fjord1-gambling på Geirangerfjorden

Historia fortel at selskapet kan vinne på å sjå bort frå nullutsleppskravet, men Fjord1 har kanskje gambla for høgt.

19.04.2026

Trass i eit vedtak om at at ferjene på Geirangerfjorden frå og med i år ikkje skal sleppe ut CO2, har Fjord1 korkje bygd nytt eller leigd inn ferjer som kan innfri kravet.

Selskapet har i staden satsa på at vernestatusen til dei to gamle ferjene MF Bolsøy og MF Veøy skal gi Fjord1 varig unntak frå nullutsleppskravet - slik at dei kan drivast på diesel som før.

Konkurrenten Vestlandske har derimot investert omlag 250 millionar kroner i å bygge om to ferjer til batteridrift, og skal sette dei inn på fjorden når dei kjem frå verftet i juni. 

Nullutsleppskravet frå og med 2026 har vore kjent i mange år. Når Fjord1 likevel har satsa på at det ikkje skal gjelde for deira ferjer, kan det skuldast at politikarane har vore viljuge til å utsette slik krav før.

Opphavleg skulle nullutsleppskrava gjelde også cruisetrafikken på Geirangerfjorden frå og med i år. 

Men i august 2024 fekk dei store cruiseskipa utsett utsleppskravet til 2032. Stortingsvedtaket om nullutsleppskrav for alle fartøy kom i 2018, og vart stadfesta så seint som i 2021.

Grunnen til utsetjinga var omsynet til aktørane som tener på cruisetrafikken, frå hamnevesen og turistbedrifter, til cruisereiarlaga sjølve.

Havila Kystruten hadde på si side investert i skip med batteripakkkar som gjer at skip kan segle utsleppsfritt på Geirangerfjorden. Reiarlaget meinte at utsetjingar lønna dei som ikkje tilpassa seg krava, og straffa dei som hadde investert for å innfri dei.

– Rett og slett ein skandale for den norske regjeringa si satsing på miljø, sa Havila Kystruten-sjef Bent Martini då utsetjinga vart kjent.

Fleire aktørar som hadde satsa på nullutsleppskravet frå 2026 - mellom anna med planar om å bruke utsleppsfrie mindre fartøy for å frakte cruiseturistar - måtte berre legge planane i ei skuff

Politisk risiko, er også risikoen for at politiske vedtak ikkje betyr noko særleg, skreiv vi i Nett No hausten 2023, då det vart tydeleg at Stortingsvedtaket frå 2018 og fullstendig nullutslepp på Geirangerfjorden frå 2026, kanskje ikke vart sett ut i livet likevel.

Det her faren ligg, sett frå Vestlandske sitt perspektiv. Historia har vist at eit vedtak berre gjeld til eit nytt vedtak er fatta. 

På den andre sida har Sjøfartsdirektoratet brukt fire tettskrivne A4-sider til å grunngi kvifor Fjord1 ikkje skal få unntak frå nullutsleppskrava for Bolsøy og Veøy-ferjene.

Der peikar direktoratet mellom anna på at dersom dei to dieseldrivne ferjene frå halde fram på Geirangerfjorden, vil dei delvis blokkere for lading av dei to batteriferjene til Vestlandske. Då kan ikkj desse brukast fullt ut.

«Når infrastrukturen i Geirangerfjorden er bygget nettopp for å legge  til rette for utslippsfri drift, blir det betydningsfullt at tilgjengelige liggeplasser brukes av fartøy som faktisk kan  oppfylle nullutslippskravene. Innenfor et område med så begrenset plass vil enhver dispensasjon som åpner for videre fossil drift kunne svekke gjennomføringen av nullutslippsmålene, ettersom det i praksis binder opp  kapasitet som ellers kunne vært brukt av fartøy som er tilrettelagt for utslippsfri drift. Dette vil gripe direkte inn i oppnåelsen av formålet med reguleringen, som er å sikre reell utslippsreduksjon i verdensarvfjordene». 

Med ei slik grunngiving blir det vanskeleg å sjå at direktoratet, eller klageinstansen Klima og miljødepartementet vil snu denne gongen.

Når høgsesongen kjem i juli kan det bli utan Fjord1 ferjer på Geirangerfjorden.

Publisert: 19.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 19.04.2026 02:43

Mer om