Geiranger med cruiseskipsmog foto Miguel Angel Barroso Lorenzo Wikimedia Commons
KVA ER NULLUTSLEPP? Nye definisjonar opnar for både biogass og biodiesel i Geirangerfjorden. Foto: Miguel Angel Barosso Lorentzo/Wikimedia Commons
Analyser

Vingling om nullutslepp i Geirangerfjorden

Politisk risiko, er også risikoen for at politiske vedtak ikkje betyr noko særleg.

15.10.2023
ANALYSE:

I mai 2018 vedtok Stortinget at verdsarvfjordane - mellom dei Geirangerfjorden - skal få krav om nullutslepp frå turistskip og ferjer frå 2026. Verdsarvfjordane skulle bli pioneeren på vegen mot ein utsleppsfri skipsfart.

Det vedtaket er mellom anna ei viktig årsak til satsinga på hydrogenproduksjon på Hellesylt og planar om å bygge, og drive to nye ferjer på hydrogen mellom Geiranger og Hellesylt.

Det er også årsaka til at selskapet The Fjords vil bygge om sine to ferjer, som trafikkerer sambandet i turistsesongen. Dei skal ladast på Hellesylt og gå på batteri fram og tilbake.

Planar om ei cruisekai ved Stranda er eit anna døme. Der skal dieseldrivne cruiseskip kunne sette av passasjerane, før dei går ombord i mindre, CO2-utsleppsfrie sightseeingsbåtar, som tek dei inn til Geiranger.

Om stortingsvedtaket i 2018 er fornuftig eller ei, er ikkje hovudtema i denne artikkelen.

Vedtaket blei gjort, og då er det både naturleg og forventa at nokon går i gang med å finne ut kva som må til for at krava i vedtaket skal oppnåast.

Drivkrafta er gjerne at nye krav og reglar opnar for å gjere forretning av nye idear og løysingar. Det er modellen - og styresmaktene deler gjerne ut støtte og stimulansar for å hjelpe private inititativ fram.

Men det viktigaste er likevel at det grunnleggande vilkåret - i dette tilfellet ein nullutsleppsfri Geirangerfjord frå 2026 - må ligge fast.

Det gjer det ikkje no.

Sjøfartsdirektoratet har ute på høyring eit framlegg om å definere også skip som brukar biogass som nullutsleppsskip.

I praksis er det berre cruisefartøya det handlar om, fordi Sjøfartsdirektoratet meiner mindre fartøy har reelle alternativ til diesel, som batteri og hydrogen.

Ferja skal vere heilt utsleppsfri, men også der har det tatt tid å få ei avklaring.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er samd, men vil utvide definisjonen til også å gjelde skip som brukar biodiesel, ifølgje ein uttale til Sjøfartsdirektoratet sitt framlegg frå Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesutvalet meiner biogass og biodiesel bør kunne brukast fram til 2035.

Om biogass og biodiesel kan reknast som nullutslepp kan diskuterast. Argumentet er at det er drivstoff utvunne av plantemateriale og anna biologisk materiale, som er ein del av krinslaupet i naturen - og dermed ikkje tilfører ekstra CO2. Men det kjem mellom anna an på korleis det er produsert og kva energikjelder som er brukt i produksjonen.

At det var tydeleg frå start at biogass og/eller biodiesel kunne vere alternativ i Geirangerfjorden var i alle fall ikkje tilfelle. Motorar som går på biogass kan i utgangspunktet også gå på naturgass, og tilsvarande kan dieselmotorar også gå på biodiesel, om enn med mindre justeringar.

Dieselmotorar er velkjent teknologi. Naturgass er nyare, men vel utprøvd. Det er teknologiar der brukaren ikkje treng tenkje mykje på utviklingskostnadar og risiko ved å ta i bruk noko nytt og lite utprøvd.

Det i seg sjølv gjer terskelen høgare for å satse på alternativ som hydrogen eller batteri. Det reduserere til dømes sjansen for at ideen om å la cruiseskipa stoppe på Stranda og turistane tek seg vidare på på mindre, utsleppsfrie fartøy, blir sett ut i livet.

Det er bekymringa for økonomiske tap på grunn av eit kraftig fall i cruisetrafikken som ligg bak framlegget frå både Sjøfartsdirektoratat og Fylkesutvalet. Det er forsvinnande få skip i dagens cruiseflåte som kan innfri kravet om å utsleppsfritt inn og ut av Geirangerfjorden.

Det visste - eller burde vite - stortingsfleirtalet bak 2018-vedtaket også. Likevel blei det vedtatt, og no er det i ferd med å bli uthola.

Tore Ulstein og Stig Remøy kritserte nyleg regjeringa for å ikkje har forstått at satsinga for å få ned utslepp frå fossile energikjelder i skipsfarten er kostbar, og krev auka offentleg innsats. Det er eit manglande samsvar mellom mål og midlar.

Det er vanskeleg å satse tid og pengar på å tilpasse seg eit politisk vedtak, berre for å sjå at det ikkje blir etterlevd.

Dessverre er det fare for at det blir ei erfaring på fleire felt, etterkvart som fristen for å nå både Solberg- og Støre-regjeringa sine mål for utsleppskutt innan 2030 rykkjer nærare og nærare.

Publisert: 15.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.10.2023 02:06

Mer om