Freistande lokkemat for boendene
ROBOTISERT: Dei som satsar på mjølkeproduksjon i dag satsar stort. Det betyr også robotisering. Her er ei fôringrobot i gang med servering.
Analyser

Freistande lokkemat for bøndene

Regjeringa tilbyr marknadspris for å kjøpe bønder ut av mjølkeproduksjon.

20.10.2019

ANALYSE


Frå å betale 2,50 kroner per liter mjølkekvote vil staten no betale bønder som sluttar med mjølkeproduksjon heile 14 kroner literen. Det er omlag marknadsprisen bøndene betalar seg i mellom, seier Stig Tryggestad, banksjef med ansvar for landbruk i Sparebanken Møre.
Retten til å produsere mjølk er kvoteregulert, og ved å kjøpe kvoter kan staten redusere produksjonen.
Tryggestad si vurdering er at prisen er så høg at mange mjølkeprodusentar som har vurdert om dei skal halde fram no vel å selje og slutte som mjølkebønder. Det har han truleg rett i, mellom anna fordi tilbodet frå staten i realiteten er betre enn bøndene har fått ved sal til andre bønder. No får bøndene marknadspris for alt dei sel. Ved privat sal har staten inndratt ein andel av kvota, til låg pris.
Poenget med tilbodet frå staten er å bidra til å redusere den norske mjølkeproduksjonen med 100 millionar liter, ein reduksjon på sju prosent i høve til dagens produksjon. Tilbodet kom etter forhandlingar mellom bondeorganisasjonane og landbruksdepartementet.
Årsaka til nedskjeringane er redusert etterspørsel etter mjølk, først og på grunn av at Noreg ikke lenger kan eksportert subsidiert Jarlsbergost, men og på grunn av redusert etterspørsel på heimebane.


I dag er det 2.502 gardbruk i drift i Møre og Romsdal, i følgje ei oversikt Tryggestad har laga. Det er meir enn ein halvering sidan 1996. Men færre aktive bønder betyr ikkje at det blir produsert mindre. Dei som er att har auka produksjonen slik at den samla sett er omlag som for 23 år sidan.
Mjølkeprodusentane står for over halvparten av verdiskapinga i landbruket i Møre og Romsdal, og dei er det no 759 igjen av, i følgje oversikta til Tryggestad. Det er blant dess avskalling som redusert mjølkeproduksjon vil føre til kjem.
Trenden dei siste åra er at dei som satsar på mjølkeproduksjon satsar stort, og satsar åleine. Dei slår gras på fleire gardar, slik som blant andre Karl Frode Slettedal i Bondalen i Ørsta.

I tillegg kjem at 30 prosent av mjølkeproduksjonen skje i såkalla samdrifter, der fleire bønder har gått saman om fjøs og anlegg for å få stordriftsfordelar.
Det er altså dei største aktørane - dei som i størst grad har satsa på å vere bønder på heiltid - som blir råka av at mjølkeproduksjonen skal reduserast.
Og alle blir råka. Det er berre 40 prosent av reduksjonen på sju prosent - 100 millionar liter - som skal skje ved at staten er med på å kjøpe ut kvote. Resten av kuttet skjer ved at alle inntil vidare må produserer mindre enn dei maksimalt har kvote til. Det skjer allereie frå og med neste år.
Slettedal seier signala om at det ville bli reduksjonar i mjølkeproduksjonen har vore klare ei stund. Kutta vil merkast, sjølv om han allereie har budd seg på at det ville bli kutt med å auke kjøtproduksjonen, og kan frå neste år sende fleire dyr til slakting enn tidlegare.
Ein annan trend i mjølkeproduksjonen er framveksten av små gardsmeieri.
Selskapet Fjøssystemer, som byggjer og utrustar fjøs, lanserte i vår produksjonsutstyr for små meieri - som gjer at bøndene kan laga ost, smør og rømme med relativt små investeringar. Etterspørselen etter anlegga har gått rett opp, seier selskapet.
Eit poeng med å starte sitt eige meieri er at garden då kan oppretthalde maksimalproduksjonen. Den delen av mjølkekvota som produksjonen må reduserast med, treng ikkje kuttast så sant den blir bruk til eige meieri.
Sjølv om investeringa ikkje er så stor så følgjer det mykje arbeid med å lage ost, smør eller rømme. Dessuten skal produkta slå an i marknaden. Difor blir det truleg berre eit fåtal av bøndene som må kutte produksjonen som endar opp med eige meieri. Men dei som har leika med tanken har i alle fall fått eit påskot til å gå i gang.
Den som lukkast i denne marknaden kan auke verdien på mjølk si.
Den største inspirasjonskjelda for potensielle bønder som vil ha sitt eige meieri er selskapet Tingvollost as på Nordmøre, med den premierte blåmuggosten Kraftkar. Mjølka kjem frå garden til Waagan-familien, som eig tre fjerdepartar av aksjane i Tingvollost.
Selskapet passerte 13 millionar kroner i driftsinntekter i 2018, ei dobling på fire år.

Publisert: 20.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59