Brødrene Sperre produksjon
ULIKE LØNSEMD: Medan fiskarane har hatt mnge lønsame år, er lønsemda i fiskeindustrien meir pressa og er blitt sett ytterlegare under press i den delen av industrien som vidareforedlar torsk, der kvotane har gått ned fleire år på rad. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Analyser

God ide, tøff oppgåve

Fiskarane treng hjelp frå fiskeindustrien når torskefisket krympar, men kan den bidra?

12.01.2025

ANALYSE

Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea lanserte sju bod for å handtere den store nedgangen i torskekvotane i eit innlegg på Ombordfrystkonferansen i Ålesund denne veka.

Det handlar om store pengar. Torsken er det økonomisk viktigaste fiskeslaget og Nordea ventar at førstehandsverdien av den norske torskefangsten blir omlag sju milliardar kroner i år. Det er framleis høgt i historisk samanheng, sjølv om det er godt under toppen på over ni milliardar i 2021. 

Eitt av boda var å auke kvaliteten på fisken, eitt anna meir produktutvikling.

Poenget er at når det er mindre fisk å fiske på, må fiskarane prøve å få betre betalt for den fangsten dei får. Då må fisken gå til dei kundane som betalar best - og dei stiller gjerne høgare krav til kvalitet på fisken. Og/eller må fisken kome til butikkane, storkjøkkena eller restaurantane i form av produkt som gjer at kundane vil kjøpe meir og betale betre.

Forbetringar i fangstmetodar og handtering ombord har fiskarane hand om sjølve, men når fisken er levert er det andre som har hand om den - og som kan påverke kvaliteten og produktutviklinga før fisken til slutt ligg på tallerkenen.

Andre i denne samanhengen er i stor grad fiskeindustrien. Utfordringa for den er lønsemda. I samband med ein rapport om lønsemda i fiskeindustrien som forskingsinstituttet Nofima lanserte i desember i fjor, sa forskar Audun Iversen i ei pressemelding at: 
"Flåten har evnet å ta ut økte marginer over tid, og hadde også gode marginer i 2023, noe fiskeindustrien ikke har klart. De økte prisene på blant annet torsk demper fallet for flåten, mens fiskeindustrien ikke har klart å hente ut nok av prisøkningene i markedet".

I fjor hadde villfiskindustrien i gjennomsnitt eit resultat før skatt på berre 0,1 prosent av driftsinntektene, ifølgje Nofima-rapporten. Det er ikkje tal som fortel om stor evne til å eksperimentere med nye produkt og betre metodar i produksjon og handtering av fisken.

Det er rett nok skilnadar mellom dei ulike gruppene fiskeindustribedrifter. Klippfiskindustrien, som har sitt tyngdepunkt i Ålesund og Sula, kjem klart betre ut enn gjennomsnittet. 

Det er likevel ikkje snakk om ei lønsemd, heller ikke for klippfiskindustrien, som gjer det lett å gire opp investeringstakten i produksjon og produktutvikling.

Eitt dilemma er om fiskarane må vere med på å ta ein del av børa. Det kan skje ved å gi industrien betre vilkår - gjennom betre prisar eller andre vilkår. . Sett frå fiskarane si side betyr det lågare inntekt - i alle fall på kort sikt. Det er dilemmaet.

Eitt alternativ er og at det er fiskeindustrien i utlandet, først og fremst i EU, som kan og vil stå for produkt- og kvalitetsutvikling. Det vil i så fall bety større eksport av råstoff dit, på bekostning av foredling i Noreg. Det vil vere omstridd, både i næringa og politisk. 

Eit anna alternativ er å opne for meir såkalla integrerte selskap - som eig både båtar og industri og har hand om fisken frå den kjem opp av havet til den blir sendt ut til butikkar, storhushaldningar og restaurantar. Det er ikkje utan vidare sikkert at det vil vere lønsamt, og per i dag er det heller ikkje noko politisk ønskje om ei slik utvikling.

Publisert: 12.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 11.01.2025 18:32