Gode utsikter
ENDA BETRE: Arbeidsløysa i Møre og Romsdal har kome ned omlag på landsgjennomsnittet, og SSB spår ytterlegare fall. Er Nordvestlandet heldige kan vi få ein ny oljeopptur utan at resten av næringslivet får det tøffare. Bildet er frå kåringa av vinnaren av Næringsteftkonkurransen under investorkonferansen Børs og Bacalao denne veka. 
Analyser

Gode utsikter

Statistisk Sentralbyrå sin ferske konjunkturrapport for Møre og Romsdal er hyggeleg lesning. Kanskje er den til og med for forsiktig.

11.03.2018

ANALYSE

Kort sagt fortel SSB at det blir fleire i jobb, færre arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken, oppsving i inntektene for store delar av næringslivet og auke i investeringane. Ei viss uvisse ligg i ein mogleg renteauke, i bustadprisutviklinga og i ei mogleg sterkare krone, som svekkjer norske bedrifter i konkurrranse med utlandet, men alt i alt ein positiv prognose.SSB har i tidlegare analyser vist at Møre og Romsdal får ein blanda effekt av slike oljeprisfall som vi hadde i 2014.Alle bedrifter som leverer varer og tenester til oljebransjen blir sjølvsagt råka når oljeprisen fell og oljeselskapa strammar inn på pengebruken.Men når oljeprisen fell påverkar det valutakursen i gunstig retning. Norske bedrifter får styrka si konkurranseevne mot utlandet. Det betyr mellom anna meir å hente på fiske- og møbeleksporten, og rimelegare ferie i Noreg for utanlandske turistar. Dei postive effektane er ikkje store nok til å oppvege dei negative, målt i sysselsetting, men dei dempar svingingane. Skipsverfta - i gjennomsnitt - har vist at dei har greidd å skaffe oppdrag i nye nisjer. Dessverre førebels utan at lønsemda er tilbake, men det betyr i alle fall arbeidsplassar og ringverknadar.NETT NO har i fleire artiklar så langt i år, vist at det er blitt ei meir positiv stemning i bedrifter som er direkte knytta til oljeutvinninga, som Vertikalservice og Norwegian Group i Volda - som alt i fjor starta å bemanne opp.Hos Mare Safety i Ulsteinvik, som mellom anna lagar redningsbåtar, merka dei omslaget i oljebransjen om våren i fjor - og dei første bestillingane frå oljebransjen har også tikka forsiktig inn.I tillegg til den generelle vurderinga av utviklinga på Nordvestlandet, ligg det og ei uvisse i kva som skjer med eit eventuelt sal av marinedivisjonen i Rolls-Royce, medrekna det norske datterselskapet Rolls-Royce Marine. Det førebelse årsrekneskapet til Rolls-Royce Marine, som kom denne veka, gav inga avklaring. Det viste gode tal for konsernet, men framleis minus for marinedivisjonen (1,1 milliardar pund i driftsinntekter og 25 millionar pund i driftsunderskot).Med rundt 1600 tilsette er Rolls-Royce Marine ein av dei største arbeidsgivarane på Nordvestlandet. Kven som blir ny eigar kan få store ringverknadar. Men sjølv ikkje Rolls-Royce Marine er stort nok til å kunne snu ein positiv utvikling åleine. Om det blir ein ny eigar som ikkje er den beste - sett frå Nordvestlandet - er det likevel sannsynleg at mykje av aktiviteten som Rolls-Royce har her, blir verande på Nordvestlandet. Det vi på Nordvestlandet kan håpe på, er at det ikkje blir ein altfor bratt opptur i oljebransjen. Nok til å gi nye arbeidsplassar, fylle slunkne ordrebøker og etterkvart få skip i opplag ut i arbeid, men ikkje så bratt at kostnadane skyt i veret, andre næringar blir tappa for arbeidskraft og kronekursen stig - og dermed tappar alle dei bedriftene som i nokre år har hatt drahjelp av ein gunstig valutakurs.Er vi heldige kan vi få akkurat passe dose. Det som kan hjelpe er at oljeselskapa førebels neppe har gløymt kostnadsgaloppen dei var med på førre gang.

Publisert: 11.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59