Analyser
Kjapp vekst for ny aktør
I området som omfattar sentrumshotella i Ålesund ligg det 25 bustadar til leige gjennom Airbnb, kvar med plass til fire personar. Det tilsvarar eit lite hotell.
28.04.2019
ANALYSEUtvidar vi søket til heile Sunnmøre og Nordfjord passerer tilbodet 300 bustadar til utleige, vel og merke om vi avgrensar søket til at det må vere plass til fire personar og at vi skal ha bustaden for oss sjølve. Det tilsvarar fleire, større hotell.Den som kjem åleine eller som par har enda meir å velje i, og ytterlegare tilbod blir det til dei som vil dele bustad med verten eller andre reisande.Utleigeverksemda i privat regi er blitt ein stor, men lite synleg del av reiselivsbransjen. Å leige ut til reisande i privat regi er gamalt, men grunnen til at det er blitt ei stor verksemd kan forklarast med suksessen til Airbnb. Airbnb har gjort det enkelt og sikkert både å leige og leige ut, samstundes som utleigarar og reisande frå heile verda når kvarandre på nettet.I fjor anslo analyseselskapet Menon Economics at det var 38.500 soverom tilgjengeleg gjennom privat utleige ein gjennomsnittsdag. Menon Economics sitt anslag kom i ein rapport bestilt av NHO Reiseliv, som er bekymra av følgjene av at den samla kapasiteten gjennom Airbnb og liknande ordningar no tilsvarar 50 prosent av talet på hotellrom i Noreg.Veksten har kome fort. For 2015 har Menon rekna ut at det var snakk om 2.300 rom, i 2016 12.900 rom, i 2017 27.500 rom og i fjor altså 38.500 rom tilgjengeleg.– Vi må passe på at alt gir skattbare inntekter og kvit økonomi, sa leiar for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, i sitt foredrag om reiselivsutvikling på The North West-konferansen i Ålesund denne veka.Uroa over Airbnb-effekten er også reiselivssjefane Marita Lindvik i Visit Nordfjord og Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord, ei bekymring dei tok opp då dei presenterte reiselivsutviklinga i Sogn og Fjordane for statsminister Erna Solberg på Sogn og Fjordane Næringsråd sin generalforsamlingskonferanse i Loen denne veka.Dei har stussa over at den offisielle statistikken over talet på overnattingsgjestar ikkje har vore så god som dei hadde venta. Veksten skulle vore større. No ser det ut som om forklaringa er at utleige gjennom Airbnb har tatt ein stor bit av veksten.Brandshaug gjennomførte ei lokal måling i Sogndal i fjor og kom til at cirka 20 prosent av dei reisande hadde leigd gjennom Airbnb. Det er eit omfang som Lindvik meiner er eit realistisk anslag også for hennar område. - Det er ingenting gale med privat utleige, men privat utleige må ha same rammevilkår som kommersiell utleige, seier Brandshaug. Lindvik og Brandshaug etterlyser mellom anna rapporteringsplikt på line med kommersielle bedrifter, like krav til miljø- og tryggleikskrav, i tillegg til skattlegging - i alle fall for dei som leiger ut meir enn deler av husvere dei sjølve bur i.Danmark har fått ein avtale som gjer at Airbnb-selskapet må rapportere til skattestyresmaktene om inntektene utleigarar får av å leige ut gjennom Airbnb. Regjeringa i Noreg har foreslått eit liknande system frå neste år.Lindvik og Brandshaug vil også ha rapportering til reiselivsstatistikken frå utleigarar som driv med utleige av bustadar dei ikkje bur i sjølve. Det handlar mellom anna om å sikre destinasjonsselskapa sin kunnskap om utviklinga i heile reiselivet. For destinasjonsselskapa har dessutan talet på reisande betydning for finansieringa av destinasjonsselskapa sjølve.I Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er dagleg leiar Tom Anker Skrede i full gang med å hente inn data om omfanget av privat utleige og meir kunnskap om den delen av reiselivet. Han reknar med å ha oversikt i løpet av kort tid. Skrede er også opptatt av like konkurransevilkår, men kartlegginga har også eit anna formål.Dei som kjem til Nordvestlandet og skaffar seg hus gjennom Airbnb er ei potensiell kundegruppe for andre deler av reiselivsbransjen, som destinasjonsselskapet i dag ikkje når like godt som reisande som bur på hotell og campingplassar. Det vil Skrede gjere noko med. Ein del av kartlegginga går også ut på å finne ut meir om tilreisande som bur hos slekt og vener, ei gruppe som Skrede anslår er like stor som dei som leiger bustad, men som i enda større grad går under radaren til den tradisjonelle reiselivsnæringa.
Publisert: 28.04.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59