
Kva skal ein tru?
Signala om framtida for oljebransjen og eventuelle alternative energikjelder er mildt sagt sprikande.
Analyse:
Denne veka har det brasilianske oljeselskapet Petrobras vore på besøk på Nordvestlandet for å lokke bedrifter i regionen til å bli med på Petrobras si satsing på vidare oljeutvinning.
73 milliardar dollar skal investerast fram til og med 2028, og nokon av dei kan hamne på Nordvestlandet, mellom anna hos reiarlag og skipsverft som kan levere offshoreskipa brasilianarane reknar med å trenge.
Rett nok skal dei nye skipa Petrobras vil ha byggast for å kunne bruke mindre diesel. Eventuell skal dei brukdrivstoff som vert rekna som nullutsleppsdrivstoff. Men likefullt er det oljeutvinning det skal satsast på.
Omlag samstundes som Petrobrasdelegasjonen kom til NMK-bygget ved Nørvasundet starta ein godt besøkt, internasjonal konferanse om kjernekraft, i NTNU-bygget rett over vegen for NMK.
Hit kom dei som reknar med at kjernekraft må vere løysinga for å sikre verda nok - og CO2-utsleppsfri - energi - som kan erstatte olje og gass.
Kjernekraft er i vinden, og det blir arbeidd med fleire nye typar anlegg for å få ned kostnadane og redusere mengda med radioaktivt avfall som blir til overs.
Energiminister Terje Aasland varsla nyleg at regjeringa vil ha ei offentleg utgreiing (NOU) om kjernekraft i Noreg.
Regjeringa ønskjer å få belyst alle sider ved kjernekraft, sa Aasland til E24 i mai.
Kjernekraft kan enten brukast direkte, via batteri eller som energi for å produsere CO2-utsleppsfrie energiberarar som metanol, hydrogen og ammoniakk. Og ombord i sivile skip.
På Rederikonferansen onsdag presenterte Eksfin-direktør Olav Rygg sine vurderingar av kva som blir dei nye retningslinene for kva Eksfin kan vere med og finansiere av olje og gassverksemd. Oppdaterte retningsliner er ikkje klare enno, og det skaper uvisse om finansieringa av mellom anna nye offshorefartøy.
På same offshorekonferansen sa Clarkson-meklar Vegard Vollsæter at Clarkson reknar med behov for mange nye offshorefartøy fram til 2030.
Betalingsevna er også større i olje- og gass, samstundes som mange skip som er bygd for vindkraftmarknaden også kan brukast av oljebransjen - og vil ende i marknaden som betala best.
Oljealderen er ikkje over, trur meklarselskapa, som fleire gangar har spådd comeback og opptur for offshorereiarlag som satsar på olje og gass. Den spådomen er framleis gjeldande.
Ein ny sjanse til å få innspel om status for og diskutere konsekvensane av det såkalla grøne skiftet kjem torsdag komande veke. Då arrangererer Sparebank 1 SMN sin årlege sommarkonferanse, Næringsdriv.
Der skal banken mellom anna presentere si måling av kor opptekne bedriftene er av berekraft og oppfylling av berekraftsmål. Det omfattar mellom anna mål om å kutte utslepp av CO2.
Til Næringsdriv kjem også stortingsrepresentant Ola Borten Moe (Sp), som har markert seg i debatten om realismen i måla både dagens og førre regjering har sett for kutt i CO2-utsleppa innan 2030.
Borten Moe skal snakke om realismen i forutsetningane for den såkalla grøne omstillinga, medan mellom andre leiar Tommy Walaunet i offshorereiarlaget Island Offshore skal debattere kva eit fornybart Sunnmøre betyr i praksis.
Publisert: 09.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 09.06.2024 17:02