Arne Rustad Clarksons Norway Leverandorkonferansen foto Marius
FÅ NYE SKIP: Clarksons Norway-meklar Arne Rustad besøkte Leverandørkonferansen tysdag. Han fortel at reiarlaga opplever sterk auke i etterspurnaden til både oljeservice og havvind. Samtidig blir det knapt bygd nye skip til det førstnemnte segmentet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Trur på lang opptur i offshore

Meklar spår fleire nybygg til oljeservice - og ny ratefest for reiarlaga.

Marius Rosbach
08.05.2024

Færre tilgjengelege skip vil halde fram med å drive ratane i offshore vidare opp - og det vil bli bestilt fleire nye skip.

Det var spådommen til Arne Rustad frå Clarksons Norway under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik tysdag.

– Vi ser at det er full fres i næringa. Det er eit behov og det er aukande. Og det er lite reiskap til å ta unna, oppsummerte han situasjonen.

Trur ratane kan bli vesentleg høgare
Bakteppe for innlegget var den langvarige bølgjedalen som har vore i offshore heilt sidan oljeprisfallet for snart ti år sidan.

Dei siste åra har ratane igjen skote i veret, og fleire har opplevd ei femdobling av betalinga på kort tid.

– Vi er i gong med ein bratt og fin opptur for offshore, som kan bli langvarig, sa Rustad.

Med liten kapasitet på veg inn i marknaden dei neste par åra, venter Rustad at ratane blir pressa vidare opp.

– Nybyggingsprosjekt er framleis krevjande å finansiere, så ratane kan bli vesentleg høgare, meiner Clarksons-meklaren.

Nybyggingsprosjekt er framleis krevjande å finansiere, så ratane kan bli vesentleg høgare
Arne Rustad
Leverandorkonferansen 2024 salen foto marius 11
FULL SAL: I underkant av 200 personar hadde meldt seg på Leverandørkonfersen i år, ifølgje arrangøren. Det er om lag på nivå med tidlegare. Foto: Marius Rosbach

Berre bestilt tre nye skip i offshore
Medan det er bestilt ei rekke nye skip til havvindindustrien, består den globale tonnasjen under bygging til subsea av tre prosjekt på til saman fem skip. Eitt av desse er det Herøy-reiarlaget Rem Offshore som skal bygge på Myklebust.

Men nybygg vil kome etter kvart om det ikkje skjer ei brå endring i marknaden, trur Rustad.

Han trur det vil kome bestillingar på nybygg både for PSV-ar og subseaskip, men strekar under at det framleis er utfordrande å sikre finansiering.

– Eg trur ikkje det vil kome noko ny bølgje, men det avhenger også av kor lenge situasjonen varer ved, utdjupar Rustad til Nett No.

Spent på kva grad norske verft får være med
Rustad påpeika vidare at konkurransen innan skipsbygging har blitt tøffare, og at Kina held fram å kapre større delar av marknaden.

– Spørsmålet er i hvilken grad den norske verftsindustrien klarer å ta del i den kontraheringa som vi ser kjem. Det er eg veldig spent på, sa meklaren under sitt innlegg.

Samtidig streka han under at Norge til no har vore «best i verda» på bygging av konstruksjonsskip og servicesskip til vindparkar.

– Om vi klarer å vere skjerpa framover og får god hjelp frå bankar og leverandørar, så skal også Norge og lokalmiljøa her stå godt i åra som kjem, la han til.

Rem illustrasjon bygg Myklebust
NYBYGG TIL REM: Myklebust Verft skal bygge det nye skipet til Rem Offshore som skal jobbe både i vindkraft- og oljebransjen. Reiarlaget har også opsjon på eit skip til. Illustrasjon: Rem Offshore/Myklebust Verft/Skipsteknisk.

Ulstein-sjef er optimist
Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group meiner det er grunn optimisme på vegner av den norske verftsindustrien.

– Eg trur vi får vere med, seier Ulstein til Nett No om kva moglegheiter ho trur norske verft har til å kapre nokre av dei komande nybyggingsoppdraga.

– Vi held til i ein roleg del av verda, leverer på både tid og kvalitet – og i tillegg har vi fordel av ein svak krone. Det gjer at norsk verftsindustri framleis er attraktive, legg ho til.

Har landa fleire Ulstein-kontraktar
Ulstein Verft har for augneblinken ei solid ordrebok med heile sju nybygg, og utsikter til å ha godt med arbeid i fleire år. Heile seks av sju skip er skreddarsydd for vindkraftindustrien.

Rustad påpeiker at Clarksons Norway har vore involvert i fleire av nybygga Ulstein no har sikra seg.

– Vi skal jobbe for at det blir meir, også etter at kronekursen ikkje lengre er så svak at det åleine dreg nybygg til Norge. Den norske krona er no historisk svak, og det kan endre seg, legg han til.

Publisert: 08.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 08.05.2024 21:56

Mer om