Meir enn veg som maa byggast
HENG I HOP: Korleis kraftlinjer, tunnelbygging og maritim industri heng i saman er tema for denne kommentaren.
Analyser

Meir enn veg som må byggast

Når kraftselskapa kjem seint inn i nye vegprosjekt kan resultatet blir dårlege løysingar. Tilhengarane av ny tunnel på Strynefjellet fekk ein vekkjar denne veka som fleire truleg kan lære av.

Marius Rosbach
13.09.2020

ANALYSE

Alt heng saman med alt, seier eit ordtak. Det gjeld i høgste grad når ein skal planlegge infrastrukturen som skal takle det storstilte grøne skifte som krevst for å nå klimamåla.
Under var det tilnærma unison støtte til bygging av ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellet. Men tilhengarane fekk ei utfordring på bordet frå kraftbransjen, som påpeika at straumforsyninga må takast med i planlegginga.
Éin ting er å klare å overtyde regjering og storting til å bruke drygt fire milliardar på ein tunnel i komande Nasjonale Transportplan for 2022 til 2033. I den kampen står tre fylker, kommunar og mesteparten av næringslivet samla kring ein ny løysing for som.
Men for at det skal byggast veg må også straumnettet rustast opp. Straumnettet er i dag for dårleg til å takle effektbehovet ved sjølve tunnelbygginga, men også drifta av ein tunnel med dagens krav til ventilasjon og branntryggleik.
Prosessar med å rusta opp straumnetta tek tid, påpeika kraftselskapa. Avdelingssjef Hans Ørjasæter i Stryn Energi fortel til NETT NO at erfaringane er at nettselskapa ofte kjem for seint inn – og dei ønsker seg meir samkøyring.
– Utfordringa vår er at vi gjerne blir spurt når entreprenøren er valt. Vi bygger ut straumnettet utifrå dei bestillingane vi får inn til dømes frå Statens vegvesen. Men vi ser at i dette prosjektet er det fleire aktørar som vil ha behov for eit betre straumnett. Det burde ha vore ei betre samordning mellom alle desse i ein tidleg fase for å sikre at ein for gode samfunnsmessige løysingar totalt sett, forklarar Ørjasæter.
Først må det bli løyva pengar til opprusting av linjenettet – og deretter treng nettselskapa minst to år til å bygge den kapasiteten som trengst. I arbeidet med å bygge ny Strynefjellstunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen i Skjåk – og ein arm til Geiranger, er fleire regionar involvert. Det betyr at det kan gå endå nokre år.
– Vi er løysingsorienterte, men vi må ha nok tid til å gjere vår jobb, for ikkje å ende opp med dårlege reserveløysingar, seier Ørjasæter og legg til at ein i verste fall endar med aggregatdrift.
Problemstillinga kring riksveg 15 på Strynefjellet er berre ei lita brikke i prioriteringane som må gjerast framover. Det gjeld også visjonane for bruk av landstraum i skipstrafikken, og ladestasjonar for lastebilar og bussar langs vegnettet.
Strengare krav til utslepp gjer at cruiseskip kan ha store behov for landstraum i åra framover. Per no er planen at verdsarvfjordar som Geiranger skal vere . Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har uttalt at det innan 2030 må vere vanleg for skip og kople seg til landstraum når dei ligg til kai.
Enova ga i år støtte for åfleire stader langs kysten, mellom anna i Stranda og Nordfjord. Også i Ålesund, Molde og Åndalsnes er det planar om landstraum. Allereie under verftskonferansen i 2018 påpeika Bellona at om meir miljøvenleg skipsfart.
Den siste tida har hydrogen segla opp som eit satsingsområde i arbeidet med det grøne skiftet. Men om det skal skje med «grøn» hydrogen – frå fornybar energi – vil også dette krevje nye utbyggingar, eller større investeringar i straumnettet.
Statsminister Erna Solberg tok seinast på. Den skal legge til rette for at det blir etablert infrastruktur med «hubs» langs kysten for skipstrafikk og ferjer. Energiministeren har fått i oppgåve å teikne eit vegkart med knutepunkt, som også skal peike på transportruter der det kan vere aktuelt med tungtransport på hydrogen.
Lokalt fekk hydrogentilhengarar eit skot for baugen då Møre og Romsdal fylke for Hjørundfjorden. Samtidig har Knut Flakk og fleire lokale aksjonærar gått inn i selskapet Norwegian Hydrogen, som har planar om produsere hydrogen ved hjelp av lokale kraftverk som kan forsyne ferjetrafikken.
Då regjeringa la fram sin hydrogenstrategi tidlegare i år, fekk den lunken mottaking frå fleire i næringslivet som har . Den nye planen frå Erna Solberg og haldningane til hydrogensatsing hos dei andre partia på stortinget, vil truleg føre til at ting skjer. På Nordvestlandet kan det vere godt nytt både for tunneltilhengarar i Stryn, leverandørar i den maritime klynga og cruiseturismen.

Les også:





Analyse:



Publisert: 13.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59