Meir pengar aa hente fraa oppdrett
NYE TIDER: Oppdrettsnæringa satsar på nye metodar for å få lov til å vekse vidare. Marine Harvest vil teste lukka eggeforma anlegg (dataanimasjon) i stor skala.
Analyser

Meir pengar å hente frå oppdrett

Mørenot er partnar i Salmar si satsing på å flytte oppdrett til havs. Ny vekst i oppdrett vil gi større oppdrag til utstyrsleverandørane enn før. Industrien i nordvest må kjenne si besøkelsetid.

14.02.2016
ANALYSE-Vi ser at vi står på kanten til å starte vår neste industrielle revolusjon innan havbrukssektoren, seier Stål Heggelund.I oktober ifjor starta han i jobben som fagsjef for leverandørindustrien til havbruksnæringa i bransje-og arbeidsgivarforeininga Norsk Industri. Det er ei ny satsing for organisasjonen, etter at bransjeorganisasjonen Havbruksleverandørene gjekk inn i Norsk Industri i fjor. Heggelund spår ein markert auke i investeringsnivået i oppdrettsnæringa framover. Det gir nye sjansar for leverandørindustrien. Ein meir kapitalintensiv oppdrettsbransje er fine greier for alle som byggjer anlegg og utstyr til oppdrettselskapa.Organisasjonen anslår at havbruksnæringane (oppdrett og fiskeri, der oppdrett er storebror) samla sett investerte for rundt 19 milliardar kroner i 2013. Leverandørindustrien omfattar rundt 260 selskap, med 2000 tilsette, og med Møre og Romsdal og Trøndelag som tyngdepunkt. Mange av bedriftene er små og ikkje organisert. Anslag over storleik og talet på tilsette er difor usikre. Heggelund varslar difor at Norsk Industri vil leggje fram ei grundigare analyse av bransjen i løpet av året. Men det som uansett er sikkert er at den vil bli større.Mørenot si deltaking i er eit døme den veksten for leverandørindustrien som kan kome.Styresmaktene styrer veksten i oppdrettsnæringa med stramme tøylar, fordi næringa ikkje har kontroll med lakselus og sjukdom. Det er eit problem som råkar nærings sjølv også. Den før ikkje vekse, og må bruke pengar på å halde lakselusa i sjakk. Det siste anslaget over kva lakselus kostar oppdrettsnæringsa er på fem milliardar kroner i året.Men om oppdrett i tradisjonelle opne oppdrettsnøter ikkje får vekse, er det fritt fram for produserer laks i såkalla utviklingkonsesjonar. Har du ein idé om produksjonsanlegg som ikkje skadar miljøet i sjøen så køyr på og søk om utviklingskonsesjon for å teste den ut.Hittil har det å drive lakseoppdrett vore ei næring for oppdrettselskapa. Med utviklingskonsesjonane opnar det seg ein veg inn også for industri- og teknologi-selskapa. Og ikkje minst opnar det for ny vekst.Det er difor Salmar satsar på si løysing, eit oppdrettsanlegg basert på oljeinstallasjonsteknologi, og så soldid at anlegget kan plasserast heilt ut mot havet, der problem med lakselus, smitte og lokal forureining er langt mindre enn i meir skjerma farvatn på kysten.Det er difor Marine Harvest søkjer om 14 utviklingskonsesjonar og vil satse inntil 600 millionar kroner på ei løysing med lukka oppdrettsanlegg, . Lyngøy arbeidde med teknologi, miljø og fiskehelse i Marine Harvest fram til han etablerte eiga verksemd i 2013. No er han attende i stor stil, med det lukka oppdrettsanlegget "Egget", i samarbeid med Mundal Gruppen i Radøy i Hordaland. Mundal Gruppen har spesialisert seg på støyping av kompositt-konstruksjonar i FRP-sandwich, som mellom anna også blir brukt i større fiskebåtar.I første omgang skal det byggast og testast ut eit pilotanlegg i mindre skala. Lukkast det blir det bygd eit anlegg i full skala. Er også det vellukka, skal ti anlegg byggast og utplasserast på ein av Marine Harvest sine lokalitet i Hordaland eller Sogn og Fjordane, seier Lyngøy.- Den maritime industrien på Nordvestlandet bør kjenne si besøkelsetid og sjølv, eller i samarbeid med oppdrettselskap, satse på å utvikle eigne løysingar for oppdrettsnæringa, seier Glenn Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein.Bradley er truleg vel verdt å lytte til. Det er ideen som er viktigast. Verft-og utstyrsindustrien på Nordvestlandet hadde neppe vore så stor utan at den også hadde idear til nye løysingar å tilby, utvikla innomhus eller av utviklingsselskap i regionen. Produksjonskapasitet er neppe nok. Lukkast Cato Lyngøy med sin ide kan det godt bli Mundal Gruppen i Radøy som blir den store produsenten, fordi dei var med på ideen.Torsdag denne veka deltok Bradley på Haramskonferansen, der siste tredjepart av konferansen var via oppdrettsnæringa og ringverknadane av den.Bradley meiner utviklingskonsesjonane gir ein unik sjanse for næringslivet på Nordvestlandet til å få eit større innpass i oppdrettsnæringa. I staden for å vente på inititativ frå oppdrettselskapa kan maritime bedrifter sjølve ta inititativ og søkje på utviklingskonsesjonar med utgangspunkt i eigne idear, meiner Bradley.- Dette opnar for ei stor leverandørklynge, som veks seg sterkare, seier Bradley.Toget er ikkje godt for industrien i nordvest, meiner han, og viser til at offshore-næringa vaks fram bygd på kompetansen frå fiskeri.No er det på tide å ta den same kompetansen inn i oppdrett.

Publisert: 14.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59