Geiranger vestlandske ferje turister reiseliv foto M Arius
ULIKE VILKÅR: Regelverket er laga slik at Vestlandske Trafikk og Fjord 1 frå og med juli skal konkurrere på ulike vilkår på Geirangerfjorden. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Ny spikar i kista for tilliten til det grøne skiftet

Sjøfartsdirektoratet har nettopp levert eit nytt bidrag til å sette det såkalla grøne skiftet i vanry.

17.05.2026

Bakgrunnen for saka er kravet om at bilferjer og mindre fartøy frå og med i år ikkje har lov å sleppe ut CO2 når dei trafikkerer Geirangerfjorden. Det såkalla nullutsleppskravet betyr i praksis at dieselmotorar ikkje lenger kan brukast.

10. april i fjor gjorde Sjøfartsdirektoratet ei lita endring i «Forskrift om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger». Inn i paragraf 14f, om «særlige regler om skip vernet eller fredet av Riksantikvaren i verdensarvfjordene», vart det føyd til at høvet til å gi unntak frå nullutsleppskravet, også kan gjelde for skip som «er vernet eller fredet av Riksantikvaren». 

Frå 1. januar i år vart endringa gjeldande.

Mellom dei to datoane skreiv selskapet Vestlandske Trafikk kontrakt om å bygge om to ferjer til batteridrift for å frakte bilar og passasjerar mellom Geiranger og Hellesylt. Det skal først og fremst gjerast i i turistsesongen, men målet er nesten heilårleg drift for den eine ferja. 

Det er ei investering på rundt 250 millionar kroner for reiarlaget. 

Konkurrenten, Fjord1, har i staden satsa på at vernestatusen som Riksantikvaren har gitt selskapet sine to gamle ferjer, Veøy og Bolsøy, skal gi selskapet lov til å halde fram på fjorden med dieseldrift. Det målet gjeld i år, men også vidare framover.

Sjøfartsdirektoratet sa først ja til å gi dispensasjon berre ut juni, men snudde i førre veke og gav løyve til Fjord 1 ut heile 2026-sesongen.

Poenget her er ikkje om Fjord1 har handla rett eller gale. Poenget er heller ikkje om nullutsleppskravet og tidspunktet når det skulle gjelde frå, var fornuftig eller ikkje.

Poenget er at det er laga eit regelverk som ikkje tek omsyn til at det bør vere lik konkurranse, og ikkje minst at aktørar kan investere i trygg forvissing om at politiske vedtak blir sett ut i livet. 

Det er slikt som i dette tilfelle set det såkalla grøne skiftet i vanry spesielt, og politiske prosesssar generelt. 

I sommar er det slik at ferjeselskapet som har investert for å innfri nullutsleppsmålet, må konkurrere med eit selskap som ikkje har gjort det. Finanskostnadar er også kostnadar, og konkurransen no er ikkje på like vilkår. 

Vestlandske Trafikkselskap kan sikkert lastast for å ikkje ha fått med seg den vesle forskriftsendringa, eventuelt for å ha feilvurdert kva konsekvensar den kunne få. 

I så fall er denne saka nok ein gong eit døme på at det er alt for risikabelt å stole på veilmeinte miljøpolitiske vedtak. Dessverre er ikkje første gang døma på den risikoen kan hentast frå Geirangerfjorden.

Opphavleg var målet at all skipstrafikk på Geirangerfjorden - også cruiseskipa - skulle vere utsleppsfri i år. Det vedtok Stortinget i 2018.

2018-vedtaket vart gradvis uthola, og i 2024 vart nullutsleppskravet flytta frå 2026 til 2032. Det fekk Havila Kystruten-sjef Bent Martini til å reagere kraftig. Reiarlaget hadde - som Vestlandske - investert betydeleg med utgangspunkt i politikken som var vedteke.

Det same gjorde Vestlandske Trafikkselskap som investerte i den trua at nullutsleppskravet var eit reelt krav. Dessverre for reiarlaget viste det seg at eit vedtak berre gjeld inntil eit nytt vedtak er gjort. 

Publisert: 17.05.2026 05:00

Sist oppdatert: 19.05.2026 15:21

Mer om