Sylvi Listhaug Erna Solbrerg Trygve Slagvold Vedum foto Sp Foto Hans Kristian Thorbjornsen
KONKURRANSE: Sylvi Listhaug i Frp og Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet har begge markerte motstand mot deler av klimapolitikken. Også Høgre-leier Erna Solberg blir utfordra frå eigen rekker. Foto: Kristian Haugtorn/Frp, Senterpartiet, Hans Kristian Thorbjørnsen/H.
Analyser

Ny verd i klimapolitikken

Senterpartiet gjekk til angrep på klimapolitikken straks partiet gjekk ut av regjering. Og delar av Høgre vil skrote CO2-avgifta partiet sjølv gjekk inn for.

09.02.2025

ANALYSE

Det er ei tydeleg negativ utvikling når det gjeld arbeidet for å få ned klimagassutslepp sa prosjektleiar Katrine Vestbøstad i NCE Blue Legasea i samband med eit berekraftarrangement i Ålesund denne veka. 

Ho sikta spesielt til USA og politikken til Donald Trump, og sette sin lit til at EU ikke vil slå inn på same lina.  EU er den viktigaste handelspartnaren for Noreg, slik at EU er ein sentral retningsgivar her til lands, sjølv om Europa sitt gjennomslag i resten av verda krympar.

Vi treng imidlertid ikkje sjå til USA for å registrere ei endring. Det kan vi sjå på heimebane. 

Frp har blitt mykje tydlegare og legg større vekt på klimapolitikk i det offentlege ordskiftet.

«Vi vil motsette oss en symbolpolitikk som har liten eller ingen påvirkning på globale utslipp, 48 men som gjør hverdagen vanskeligere for folk flest. Eksempler på dette er forbud mot salg 49 av nye bensin- og dieselbiler, avgift på produksjon av rødt kjøtt, elektrifisering av sokkelen 50 som vil kreve massiv utbygging av nye vindmøller på land, eller miljøavgifter uten effekt som 51 bare henter penger til statskassen. Det er heller ingen løsning å pålegge økt CO2-avgift før 52 alternativ teknologi er tilgjengelig. Dette vil ramme blant annet transportbransjen og maritim sektor», heiter det i utkast til partiprogram for 2025-2029.

Senterpartiet var knapt ute av regjeringssamarbeidet med Arbeiderpartiet før partileiar Trygve Slagsvold Vedum let seg intervjue av NTB og varsla at folk får sjå eit anna Senterpartiet når regjeringa si klimamelding blir behandla til våren.

– Det er for mange dyre grep som blir løfta fram som gode klimatiltak, grep som er meir symbolpolitikk enn realpolitikk. Eg kjem til å vere veldig tydeleg på at vi må føre ein klimapolitikk som er meir røyndomsnær og meir effektiv. Noreg må gjere store grep på klima, men det må vere meir aktive, gode grep, som gjer at støtta til klimapolitikken vil auke i befolkninga, sa Vedum.

Dette betyr at det no er to parti som konkurrerer med veljarar med eit bodskap som er kritisk og utfordrande til klimapolitikken som det - i alle fall tilsynelatande - har vore relativt brei semje om på den nasjonale politiske arenaen.

Høgre i Møre og Romsdal vil samtidig at partiet skal snu i spørsmålet om CO2-avgifta på drivstoff til fiskeflåten. 

Regjeringa leia av Erna Solberg ville trappe opp avgifta fram til 2030, medan bransjeorganisasjonen Fiskebåt vil fjerne den fordi organisasjonen meiner det ikkje er realistiske alternativ til diesel - og at avgifta er konkurransevridande, til fordel for utanlandske fiskarar og drivstoffleverandørar. 

No vil Høgres fylkeslag i Møre og Romsdal de same som Fiskebåt. Det gjenstår å sjå om Høgre sine folk i Møre og Romsdal får landsmøtet med seg. Framlegget er uansett eit varsel om ei endring. 

No er det klima for eit slikt framlegg. Tre-fire år tilbake var det neppe det.

At USA var i endring i klimapolitikken, var klart allereie før Donald Trump tok over som president. Mellom anna har USA meldt seg ut av den såkalla Parisavtalen. 

Det store investeringsselskapet Blackrock trekte seg frå samarbeidet i Net Zero Asset Managers-inititativet tidleg i januar. I 2020 var bodskapen frå Blakcrock at klimarisiko er investeringsrisiko. No er den tona ned, og Blackrock er ikkje åleine om det i næringslivet, skriv Wall Street Journal. 

Med Trump i presidentstolen vil det i alle fall gå fire år før EU får ein alliert i sin klimapolitikk på den andre sida av Atlanteren. Dermed er EU nokså åleine - for Kina og India har ikkje forplikta seg til stor kutt - og Kina er allereie størst i verda på CO2-utslepp.

Tidlegare endra selskap korleis dei oppførte seg rundt om i verda for å innfri påbod frå Brussel. Risikoen no er at dei berre ignorerer Europa, skriv Wall Street Journal på kommentarplass. 

På toppen av alt, er det krig i Ukraina og auka spenning og handelskrig i verda. Samstundes har Europa svakare økonomisk vekst enn USA og Asia. Klimatiltak kostar - og enno er dei ikkje kraftige nok til å verkeleg monne. 

EU er ein tungrodd organisasjon som har gått i front i å innføre tiltak for å redusere eigne utslepp av CO2. Men også tungrodde organisasjonar kan snu.

I fjor kom tidlegare sjef for den europeisk sentralbanken, Mario Dreghi, med ein rapport om konkurranseevna til EU-landa. Den har også løfta temaet opp i den politiske debatten. Sjølv om rapporten ikkje talar for å avlyse satsing klimatiltak, løfter den konkurranseevne og behov for produksjonskapasitet fram som faktorar det også må takast omsyn til.  Det er nødvendigvis ikke mål som er i samsvar med kvarandre.

Last ned og les rapporten her

Fleire klimatiltak treng ikkje vere ein valvinnar. I det komande stortingsvalet kan det kanskje bli tvert i mot.

 

Publisert: 09.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 09.02.2025 11:03

Mer om