Krigen endrar det grøne skiftet
Russlands krig mot Ukraina endrar også det såkalla grøne skiftet - truleg for godt.
ANALYSE:
Det er lett å prioritere om du har bestemt deg for at eitt mål er viktigare enn alle andre. Det målet har lenge vore klima.
Med krigen har vestlege demokrati, deira allierte og Europa spesielt, fått ei brutal påminning om at energi- og miljøpolitikk også har tryggleikpolitiske og økonomiske konsekvensar.
Kor mykje vekt Solberg-regjereringa la på dei spørsmåla kan du lese i klimameldinga som kom i 2021.
Forbrukarar og næringsliv i Europa har sidan i fjor måtte leve med stigande energikostnadar, noko som også har smitta over på norske kraftprisar.
Med det russiske angrepet på Ukraina er det i tillegg klart for dei fleste at Europa også har gitt Russland eit maktmiddel. Europeiske land har basert seg for mykje på forsyningar av russisk olje- og gass.
No har tryggleik og økonomi rykka øverst på prioriteringslista. Det får følgjer også for klimapolitikken.
Tilliten mellom Russland og Vesten er skada for lang tid, uansett korleis kva som blir utfallet av Ukraina-krigen. Vesten vann den kalde krigen til slutt, men den varte i 44 år, frå andre verdskrig slutta i 1945 til Berlinmuren fall i 1989.
På kort sikt er konsekvensane allereie klare.
Det svenske energiselskapet Vattenfall har utsett demonteringa av kolkraftverket sitt ved Hamburg, som ein reaksjon den russiske invasjonen, melder det tyske kringkastingselskapet NDR.
Då kraftverket vart bygd var planen at det skulle vere i drift til 2038, og levere nok straum til å dekkje nesten heile straumforbruket i Hamburg.
Strengare miljøkrav og strid om anlegget gjorde det tre milliardar euro dyrare enn opphavleg planlagt, og etter seks og eit halvt års drift vedtok Vattenfall å stenge og demontere anlegget. No er demonteringa utsett på uviss tid. Kolkraftverket kan dermed kome i drift igjen, for å gjere Tyskland mindre avhengig av naturgass frå Russland.
Naturgass gir mindre CO2-utslepp enn kol, og har vore sett på som ei god overgangsløysing fram til Europa kan basere seg på fornybar kraft. Mange EU-land, med Tyskland i spissen, har basert seg på å kjøpe gassen frå Russland. Dei har halde fram med det også etter at Russland med militærmakt tok over Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.
På kort sikt er meir kolkraft ein veg for å fri seg frå å vere avhengig av russisk gass.
Seinare utfasing av kol er prisen for å betale for solidaritet, seier den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock til kringkastingselskapet 2DF.
- Det er rett å betale denne prisen, seier ho.
Baerbock representerer partiet Dei Grøne, ein viktig pådrivar for det tyske «Energiwende», der det uttalte målet er å redusere bruken av fossile energikjelde og atomkraft, og i staden basere seg på fornybar energi som sol og vind.
Men no tvingar krigen fram ei ny prioritering, og sjølv Dei Grøne prioriterer tryggleik mot russisk aggresjon over klimapolitiske mål.
Planen om å nå Tyskland sine ambisiøse mål om å legge om energiforsyninga med hjelp av russisk gass fordampar etter kvart som konflikta mellom EU og Moskva aukar, skriv skriv Clean Energy Wire, ei nettavis som har spesialisert seg på å dekkje omlegginga til meir bruk av fornybare energikjelder, spesielt i Tyskland.
Clean Energy Wire har ein illustrasjon som viser kor avhengig - ikkje berre Tyskland, men heile EU - har gjort seg av Russland, basert på tal frå EU statistikkbyrå: 46,7 prosent av gassimporten i første halvår i fjor kom frå Russland.
I den same artikkelen er der også ein illustrasjon som viser kor langt unna Tyskland er unna å basere seg på fornybar kraft. Berre 5,8 prosent av energiforbruket er dekt av vind-, sol- og vasskraft. Biogass dekkjer 8,6 prosent.
Resten kjem frå olje (31,8 prosent), naturgass (26,7), kol (17,9 prosent) og atomkraft (6,2 prosent). Atomkraft-anlegga skal etter planen - før krigen i Ukraina - stengast. Om Tyskland vil stå fast ved sin nei til atomkraft-politikk no gjenstår å sjå.
På lengre sikt er konsekvensane for klimapolitikken meir uvisse, men truleg blir klimapolitiske mål framover i større grad vurdert opp mot andre - og også motstridande - politiske mål.
Forsvarsbudsjetta blir truleg auka i heile Europa, som også vil tvinge fram hardare politiske prioriteringar.
Det vil vere endå tyngre enn før å nå fram med krav om å stenge norsk olje- og gassproduksjon. Kanskje blir det til og med større aksept for meir leiting og utvinning - som er ein viktig faktor for oljerelatert aktivitet for næringslivet på Nordvestlandet.
Europa har eigne gassreservar som kan utvinnast, akkurat som USA har vunne ut olje og gass gjennom såkalla fracking. Det er ein metode som gjer det råd å få opp olje og gass frå reservoar som ikkje var tilgjengleg med gamle metodar. Men fracking har vore svært omstridd i Europa, og difor ikkje tatt i bruk. Det kan endre seg etter Ukraina-angrepet.
Også USA kan endre energipolitikken sin i favør av både produksjon- og eksport av olje og gass. Det første vil gjere USA mindre avhengig av verdsmarknaden. Det andre vil vere eit bidrag til å gjere Europa mindre avhengig av gass og olje frå Russland.
Truleg blir det også større fart og aksept for utvikling og utbygging av atomkraft, som gir energi utan CO2-utslepp. Også FNs klimapanel har peika på atomkraft som ein del av løysinga for å gjennomføre det grøne skiftet.
Likevel blir det neppe slutten på satsinga på fornybar energi.
Vindkraft, sol- og vasskraft frå eige territorium reduserer også grepet Russland har om europeisk energiforsyning i dag.
Men truleg blir det mykje større merksemd om i kor stor grad, og kor raskt, slike energikjelder kan erstatte kol, olje og gass.
Publisert: 06.03.2022 06:00
Sist oppdatert: 09.03.2022 10:38