Nye tider for destinasjonsselskap
KLIKK: Huska på Trandal i Hjørundfjorden er eit klassisk fotomotiv for gjestane i den veglause bygda. Reiselivet på Nordvestlandet er i vekst, men kven som har har æra for det er vanskeleg å måle. 
Analyser

Nye tider for destinasjonsselskap

Om Destinasjon Ålesund & Sunnmøre overlever det ekstraordinære årsmøtet 1. oktober blir det truleg store endringar.

16.09.2018
ANALYSEKva som er den utløysande årsaka til medlemsflukta i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er førebels ikkje godt utdjupa av partane, men den grunnleggande tvisten er klar nok: Misnøye med kva medlemane får att for medlemskapet.Difor er økonomien den første grunnen til at destinasjonsselskapet blir endra.Hotella er den største private bidragsytaren inn i destinasjonselskapet. Utan dei på laget får destinasjonselskapet fort preg av eit B-lag, utan den tyngda som oppslutning frå ei samla næring kan gi. Skal destinasjonselskapet ha med hotella må truleg avgifta dei betalar ned. Men å få erstatta inntektene hotella bidrar med i dag er kan hende ikkje råd, og i alle fall ikkje på kort sikt. Om det er enkelt ville det truleg blitt gjort for lenge sidan. Dermed må det bli kostnadskutt - som truleg betyr færre folk. Selskapet sysselsette sju årsverk i fjor og hadde 10,1 millionar kroner i driftsinntekter. Kostnadane er omlag likeleg fordelt mellom lønskostnadar og andre kostnadar.Den sannsynlege inntektsreduksjonen er nok til å konkluderer med at destinasjonsselskapet må tenke gjennom kva det skal drive med. Det er sjølvsagt eit alternativ å kutte kostnadar etter ostehøvelprinsippet og gjere litt mindre av alt selskapet har gjort hittil.Men det er neppe det som skjer. Grunnen er framveksten av internett. Då destinasjonselskapa, også kalla reiselivsselskap, oppsto, var internett ingen faktor å rekne med.Det er det no, og bruken av midlane på marknadsføring der kan målast nokså presist.Hotella får storparten av sine kundar gjennom booking-sider som til dømes hotels.com og booking.com. Sjølv om prisen hotella må betale til bookingselskapa for kvar kunde er høg nok til å skape debatt i bransjen om bookingsidene si rolle så har booking-sidene ein stor fordel; du får kundar for kvar krone du betalar.Det same gjeld marknadsføring på nettet, klikk på annonser, bilde og bruk av søkeord kan registrerast, sporast og følgjast opp. Det er den effekten du får når du søkjer på eit reisemål, eit tema eller ei bok, og deretter registrer at annonser som er knytt til det du søkte på dukkar opp både her og der. Effekten av kampanjar kan målast og justerast undervegs og reiselivsbedriftene får også gode indikasjonar på om kampanjen utløyser kjøp.Førebels er det først og fremst for individuelle reisande nettet er mest nærliggande å tenkje på som marknadsføring-og kjøpskanal, medan marknadsføringa mot turoperatørar - som dreg store turistmengder - framleis går for seg gjennom direkte kontakt og på store reiselivsmesser.Men også ein kinesar på gruppereise til Noreg har tatt ei individuell beslutning, nemleg å bestille ei reise til Noreg. Den ideen kan kome frå nettet.Poenget er at nettet gjer det råd å måle resultatet av marknadsføring betre enn før. Dei som betalar veit kva dei får att. Den gamle vitsen om at halvparten av all reklame virka, men vi veit berre ikkje kva for halvpart, gjeld ikkje lenger.Dette skjerpar forventingane til destinasjonsselskapa.Spørsmålet - og det gjeld ikkje Destinasjon Ålesund & Sunnmøre spesielt - er kva dei som betalar får att for pengane. Heng destinasjonsselskapa att i fortida, eller er dei på veg mot å bli ein leverandør av marknadsføring som gir medlemane målbar valuta for pengane?Treng destinasjonsselskapa færre folk som reiser på messer og fleire som sit inne og overvakar datatrafikk?Seinast 1. oktober får vi vite om styre og administrasjon i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre klarer å kome opp med ei løysing som sikrar framtida til selskapet.I mellomtida kan vi lure på kvifor destinasjonsselskapet ikkje har fanga opp misnøyen og funne ei løysing før usemja blei sett på spissen.Grunnen kan vere organiseringa. På Sunnmøre er destinasjonsselskapet ein medlemsorganisasjon, med med kommunane som største økonomisk bidragsytarar og ordførarar blant styremedlemene.Kommunene si store rolle er ein modell destinasjonsselskapet i Nordfjord, Visit Nordfjord, tok farvel med i 2015. Aktørane i næringslivet blei større eigarar (Visit Nordfjord er eit aksjeselskap), kommunene fekk ei mindre rolle.Kommunene si rolle som viktigaste finansieringskjelde for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre kan ha fungert som ei sovepute, som har gjort at dei private aktørane som tener på reiselivet tek organisasjonen for gitt, og ikkje engasjerer seg i drifta.

Publisert: 16.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59