Pressekonf lakseskatt
OVERRASKA OPPDRETTSNÆRINGA: Auka grunnrenteskatt skal gi 33 milliardar kroner i ekstra skatteinntekter fortalde finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse tysdag 27. september. Kraftbransjen må ta storparten av rekninga, men også oppdrettselskapa får no grunnrenteskatt. For oppdrettselskapa kan det bli inntil 3,8 milliardar ekstra skatt å betale neste år, ifølgje regjeringa sitt anslag.Skjermbilete frå pressekonferansen.
Nytt

Kollisjon mellom tenkesett

Er det best å la alle feite overskot ta vegen innom statskassa, eller satse på at pengane kjem mange til nytte også om bedriftseigane får styre pengane sjølve?

02.10.2022
ANALYSE

Skattesjokket finansminister Trygve Slagsvold Vedum gav oppdrettsnæringa tysdag denne veka er ein glimrande illustrasjon av to ulike tenkesett.

Oppdrettarane skal betale ein såkalla grunnrenteskatt. Næringa har vore svært lønsam over mange år. No får den ein grunnrenteskatt på 40 prosent, på toppen av den vanlege skatten på overskot på 22 prosent som alle må betale.

Sjå pressekonferansen her

Les pressemelding her

Grunnrente er eit ord for den ekstraordinære gevinsten du får ved å kunne hauste av felles naturressursar. Grunnrenteskatt er ein skatt på denne gevinsten. Oljeselskapa har grunnrenteskatt. Det har også kraftselskapa hatt, og for dei blir grunnrenteskatten no auka frå 37 til 45 prosent om regjeringa vinn fram.

Grunnen til skatteauken er openberr. Staten treng meir pengar, mellom anna til forsvar og straumstøtte. Nå regjeringa ikkje vil finansiere nye utgifter med å kutte pengebruken andre stadar eller pøse på med meir oljepengar er skatteauke svaret.

Den vurderinga er ein debatt for seg sjølv. Denne artikkelen handlar om tankegangen bak at det er kraftselskap og oppdrettselskap som må ta støyten.

"Kraftprodusentene og havbruksnæringen tjener milliarder på våre felles ressurser. Nå foreslår regjeringen at fellesskapet skal få tilbake mer av verdiene som skapes." , skriv regjeringa i starten av pressemelding den sende ut tysdag.

Her brukar regjeringa to retoriske grep: Nokon tener milliardar på felles naturressurar (Det er er urimeleg). Fellesskapet skal får meir av verdiane (Det er rettferdig).

Det gjenstår å sjå om det er regjeringa sin retorikk som vinn fram, for det er ein annan måte å sjå saka på, og den alternative tankegangen finn kanskje ekstra grobotn på Nordvestlandet.

Det stemmer at oppdrettarane har hatt mange gode år, og 2022 blir ikkje noko unntak.

Oppdrettspengane har imidlertid fått bein å gå på.

Grunnlaget for brønnbåtreiarlaga Rostein og Sølvtrans - begge med adresse Nordvestlandet - er veksten og lønsemda i oppdrettsbransjen. Begge selskapa har ei lønsemd som fort kan få nye idear til å oppstå i hovudet på finansministeren. Reiarlaga har vore sentrale i halde hjula i gang hos Aak Mek. Verksted i Vestnes, Larsnes Mek. Verksted og Myklebust Verft i Sande. Samstundes er eigarane bak reiarlaga aktive investorar i regionen, mellom anna i etableringa av det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution i Indre Harøy. Salmon Evolution er i sin tur engineering- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund sin største kunde, og har allereie gitt Ålesundselskapet milliardoppdrag.

Ringverknadar blir dette kalla.

På dei få dagane som har gått etter framlegget om skatteauke kom er det fleire selskap i oppdrettsbransjen som har varsla at investeringsplanar blir lagt vekk eller på is. Litt av det må nok skrivast på kontoen for politisk markering, men neppe alt.

Med meir skatt blir det mindre att i selskapa som blir skattlagt. Då blir dei meir forsiktige i pengebruken.

Ringverknadar frå store overskot i oppdrettsnæringa er også ein måte å fordele overskotet til oppdrettarane ut på fleire, men det er ein annan måte å fordele overskotet på enn når det blir betalt meir skatt.

Publisert: 02.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 14.10.2022 13:48