Kollisjon mellom tenkesett
Er det best å la alle feite overskot ta vegen innom statskassa, eller satse på at pengane kjem mange til nytte også om bedriftseigane får styre pengane sjølve?
ANALYSE
Skattesjokket finansminister Trygve Slagsvold Vedum gav oppdrettsnæringa tysdag denne veka er ein glimrande illustrasjon av to ulike tenkesett.
Oppdrettarane skal betale ein såkalla grunnrenteskatt. Næringa har vore svært lønsam over mange år. No får den ein grunnrenteskatt på 40 prosent, på toppen av den vanlege skatten på overskot på 22 prosent som alle må betale.
Grunnrente er eit ord for den ekstraordinære gevinsten du får ved å kunne hauste av felles naturressursar. Grunnrenteskatt er ein skatt på denne gevinsten. Oljeselskapa har grunnrenteskatt. Det har også kraftselskapa hatt, og for dei blir grunnrenteskatten no auka frå 37 til 45 prosent om regjeringa vinn fram.
Grunnen til skatteauken er openberr. Staten treng meir pengar, mellom anna til forsvar og straumstøtte. Nå regjeringa ikkje vil finansiere nye utgifter med å kutte pengebruken andre stadar eller pøse på med meir oljepengar er skatteauke svaret.
Den vurderinga er ein debatt for seg sjølv. Denne artikkelen handlar om tankegangen bak at det er kraftselskap og oppdrettselskap som må ta støyten.
"Kraftprodusentene og havbruksnæringen tjener milliarder på våre felles ressurser. Nå foreslår regjeringen at fellesskapet skal få tilbake mer av verdiene som skapes." , skriv regjeringa i starten av pressemelding den sende ut tysdag.
Her brukar regjeringa to retoriske grep: Nokon tener milliardar på felles naturressurar (Det er er urimeleg). Fellesskapet skal får meir av verdiane (Det er rettferdig).
Det gjenstår å sjå om det er regjeringa sin retorikk som vinn fram, for det er ein annan måte å sjå saka på, og den alternative tankegangen finn kanskje ekstra grobotn på Nordvestlandet.
Det stemmer at oppdrettarane har hatt mange gode år, og 2022 blir ikkje noko unntak.
På dei få dagane som har gått etter framlegget om skatteauke kom er det fleire selskap i oppdrettsbransjen som har varsla at investeringsplanar blir lagt vekk eller på is. Litt av det må nok skrivast på kontoen for politisk markering, men neppe alt.
Med meir skatt blir det mindre att i selskapa som blir skattlagt. Då blir dei meir forsiktige i pengebruken.
Ringverknadar frå store overskot i oppdrettsnæringa er også ein måte å fordele overskotet til oppdrettarane ut på fleire, men det er ein annan måte å fordele overskotet på enn når det blir betalt meir skatt.
Les også
Tafjord hadde henta fram utbyggingsplaner for 100 millionar. No blir dei lagt tilbake i skuffa.
Skatteøkningen for oppdrettselskapene er årsaken, opplyser brønnbåtrederiet Rostein.
Publisert: 02.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 07.10.2024 14:31