Over landsgjennomsnittet dessverre
UNDER LANDSGJENNOMSNITTET. Ulstein kommune er den einaste kommunen på Sunnmøre der andelen sysselsette over 55 år - i prosent av alle i arbeid, er under landsgjennomsnittet. Dess større andel arbeidstakarar over 55 år, dess fleire må rekrutterast inn i arbeidslivet dei neste 10 åra.
Analyser

Over landsgjennomsnittet, dessverre

Også folk på Sunnmøre bør høyre på banksjefen i Sogn og Fjordane sitt varsku om rekruttering.

17.02.2019
ANALYSEI løpet av dei sju neste åra vil ein fjerdepart av arbeidstakarane i Sogn og Fjordane nå pensjonsalderen. Det har fått sjefen for Sparebanken Sogn og Fjordane til å rope varsku.Bedrifter og offentleg sektor vil ha massevis av jobbar å tilby framover, men må ikkje tru at nye arbeidstakarar kjem av seg sjølv. Tvert i mot, rekruttering krev hard jobbing og nye tankar.- Eg veit om bedrifter som lyser ut godt betalte jobbar, og så blir dei overraska over at ingen søkjarar kjem, sa administrerande direktør Trond Teigene til NETT NO tidlegare denne veka.Sogn og Fjordane har i lang tid vore fylket med lågast arbeidsløyse i landet. Problemet er at den førsteplassen skuldast at mange flyttar frå fylket og finn seg arbeid andre stadar. Det er rett og slett ingen stor reserve av arbeidsledige å ta av i nærleiken, når det skal rekrutterast. Framover, når det skal rekrutterast i stor stil, er dét ei ekstra utfordring.Når fødselstala også peikar nedover blir utfordringa forsterka. Også Møre og Romsdal har dei same utfordringane som Sogn og Fjordane, om enn ikkje i like ekstrem grad.Møre og Romsdal Fylkeskommune er i gang med ei kartlegging av status i fylket. Målet er mellom anna å finne ut kva kompetanse det blir etterspørsel etter framover og kva som kan gjerast for å skaffe den kompetansen. I løpet av 2019 etablerer fylkeskommune Kompetansealliansen. Kompetansealliansen skal vere ein møteplass der utdanningsinstitusjonane, vidaregåande og høgare utdanning, møter representantar frå arbeidslivet for å diskutere kompetansebehova i regionen framover.Førebelse tal frå kartlegginga viser at rundt 31.000 av 130.000 i arbeid i Møre og Romsdal når pensjonsalder dei neste 10 åra. Det utgjer 24 prosent av alle i arbeid.I Sogn og Fjordane når ein fjerdepart av dei sysselsette pensjonsalderen innan

sju

år. Med den same målestokken brukt for Møre og Romsdal er rundt 17 prosent av dei som er i arbeid i dag pensjonistar innan sju år (NETT NO sitt anslag).Tala frå fylkeskommunen i Møre og Romsdal viser altså at den eldste gruppa av dei som er i arbeid ikkje er så langt unna det som er ei normal fordeling - der om næringsliv og offentleg sektor har ein jamn rekrutterings- og pensjoneringstakt.Men det er store skilnadar ulike område i mellom.Ålesund og Ulstein er i den eine enden av skalaen, Ørskog, Norddal og Vanylven i den andre. (Sjå tabell).I Ålesund og Ulstein når berre litt over 21 prosent av alle i arbeid pensjonsalderen innan 10 år.I Ørskog, Norddal og Vanylven er det snakk om over 30 prosent. Det tilsvarar omlag Sogn og Fjordane-nivå.Spreke og arbeidsvillige eldre arbeidstakarar i både Sogn og Fjordane og fleire kommunar på Sunnmøre bør ha gode kort på handa framover. Det er ingenting i vegen for å vere i arbeid til langt inn i 70-åra. Å halde på dei aller eldste arbeidstakarane er eitt bidrag for å redusere rekrutteringsproblemet. Men før eller seinare må dei eldste arbeidstakarane erstattast.Andelen arbeidstakarar over 55 år på Nordvestlandet ligg over landsgjennomsnittet. I denne samanhengen er det dessverre. Ålesund er likt med landsgjennomsnittet, Ulstein er einaste kommunen på Sunnmøre som ligg under gjennomsnittet.Konsekvensen er at sjølv i kommunane på Nordvestlandet som har den relativt største andelen av yngre arbeidstakarar, er det ingen grunn til å slappe av. Til samanlikning: I Oslo utgjer andelen arbeidstakarar over 55 år cirka 17 prosent av arbeidsstyrken, i følgje Statistisk Sentralbyrå. Det fortel noko om attraktiviteten til arbeidsmarknaden der, og om kvar arbeidsmarknaden er i størst vekst.Barnekull som krympar er ikkje eit særsyn for Nordvestlandet, men regionen har ei utflytting som forsterkar effekten av færre fødde. Kvart år flyttar det 7-900 fleire unge vaksne vekk frå fylket enn som flyttar hit frå andre stader i landet, i følgje fylkeskommunen.Dette skjer samstundes som arbeidsinnvandringa har krympa og fleire utanlandske arbeidstakarar - først og fremst frå Aust-Europa - flyttar heim.

Publisert: 17.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59