Per Vidar Kjølmoen Jan Christian Vestre foto Nærings og fiskeridepartementet 11
VERFTSBESØK: På bildet lyttar Per Vidar Kjølmoen og Jan Christian Vestre (midt i bildet) til Tore Ulstein under eit besøk på Sunnmøre i fjor. Statsråden kom ikkje til Ocean Summit denne veka. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Analyser

Pussig politisk prioritering

Regjeringa seier den satsar på maritim industri. Men fann ikkje plass til eit besøk då den mest komplette klynga i bransjen møttest.

Marius Rosbach
12.03.2023

Analyse:

Denne veka møttest den maritime klynga på Nordvestlandet til Ocean Summit. Arrangementet var nytt i fjor, og lansert som ein årleg møteplass for beslutningstakarar i politikk og maritime næringar.

Til skilnad frå årlege arrangement som klyngekonferansen - som gjer opp status for kvar dei maritime næringane står, eller verftskonferansen – som i første rekke er eit bransjetreff, skal Ocean Summit vere ein plass for diskusjonar om kvar vegen går vidare.

Til toppmøte kom bedriftsleiarar frå verft, reiarlag og leverandørindustrien, i tillegg til andre bransjefolk. Hit kom lokale politikarar og størsteparten av Mørebenken frå Stortinget og akademia. Det same gjorde kystdirektøren, som kunne oppdatere forsamlinga om Stad skipstunnel.

Arrangørane i Maritimt Forum Nordvest lokka deltakarane med eit møte med næringsministeren, etter å ha fått positive signal frå departementet om at statsråden ville kome. Kort tid i forkant kom kontrabeskjeden om at næringsministeren ikkje kom – og heller ingen andre frå departementet. Det er synd på fleire vis. At programposten «Regjeringens maritime politikk» vart utan innhald, var berre ein av konsekvensane.

Ein anna er at regjeringa missa moglegheita til å få høyre direkte frå den maritime klynga, kvar skoen trykker om dagen. Dei gjekk óg glepp av sjansen til å gi sine innspel tilbake om kva moglegheiter dei ser føre seg.

Sjølvsagt er det slik at uføresette ting kan skje som gjer at stasrådar må legge om programmet i siste lita. Det er også fullt forståeleg at det er mange bransjar og regionar som ønsker merksemd kring sine hjartesaker. Men at verken næringsministeren, fiskeri- og havministeren – som mellom anna har ansvar for verfts- og hamnepolitikk – eller nokre av deira fem statssekretærar hadde sjansen til å møte - er meir enn uflaks.

Det er fleire grunnar til at regjeringa burde ha ønske om å kome på offensiven mellom dei maritime næringane på Nordvestlandet nett no.

Den maritime klynga med tyngdepunktet i Ålesund, er ingen kven som helst. Dei er peika på som den mest komplette klynga i landet, i ein industri som regjeringa sjølv har sagt dei skal satse på for å nå måla om auka eksport. Saman med havvind, var maritim industri det første næringsministeren drog fram som eit prioritert område då han la fram regjeringas eksportstrategi i fjor.

Samtidig er det ein industri prega av usikkerheit. Sjølv om bransjerapportar viser gode tal for dei maritime næringane samla, slit dei store nybyggingsverfta og ordrebøkene er på botnnivå.

Rapportar dei siste åra har også vist at klynga på Nordvestlandet har forvitra. Dei tette banda mellom reiar, verft og utstyrsleverandørar som har vore styrken til skipsbyggjarar i regionen, er svekka.

Alt dette er regjeringa klar over. Og det burde vere gode argument for at den politiske leiinga i næringsdepartementet fann det verdt å vere med på seglasen frå Ålesund til Stad denne veka.

Nordvestlandet kan framleis ha eitt og anna å lære vekk når det kjem til å drive business med den store verda. Lovorda om bedriftskulturen som har blomstra gjennom generasjonar, er ikkje tomme flosklar. Tala for eksport frå fastlandet har i ein årrekke vist at regionen er i landstoppen.

Og når vi snakkar om eksport: Det høyrer med at det har murra med misnøye i regionen, heilt sidan skrotinga av det planlagde eksportstrategirådet i Ålesund. Plasteret på såret med å opprette meir enn ti nye arbeidsplassar hos Eksfin og Innovasjon Norge, ser førebels ganske halvhjerta ut. Eitt år etter lovnaden er det tilsett to personar – og den eine jobbar halvparten av tida i Oslo.

Sjølv om næringsministeren sine besøk til lokale bedrifter har vore godt motteke, har regjeringa hausta mykje kritikk. Lakseskatt og andre skatteaukar frå regjeringa har gjort situasjonen vanskeleg, ikkje minst for lokaleigde bedrifter i leverandørindustrien. At ein aksjon for norske eigarskap starta her i regionen, er ikkje tilfeldig.

Det burde også vere gode argument for at regjeringa ville ønske å markere seg under eit arrangement som Ocean Summit.

I staden måtte Arbeiderpartiets næringspolitiske talsperson, Per Vidar Kjølmoen, forsvare regjeringa sine prioriteringar. At stortingspolitikaren i eit intervju med Sunnmørsposten etterpå rår maritim bransje til å lære lobbyverksemd av bøndene, kan ein sjå på som eit godt råd. Eller ei flau orsak for regjeringa si manglande evne til å lytte til fornuftige argument.

Sett frå kysten er det innlysande at Norge med sine tradisjonar bør satse på den maritime industrien. Frå hovudstaden verkar kanskje havvind, hydrogen og batteri like naturleg.

Publisert: 12.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.03.2023 00:30

Mer om