Henrik dalelid vedde foto ogne øyehaug 11
HÅPAR PÅ FELLES KURS: Henrik Dalelid Vedde i Maritimt Forum Nordvest fortel at målet er at aktørane i løpet av oppholdet på Sunnmøre skal bli samde om ein felles kurs for maritim næring som kan styrke konkurransekrafta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kallar inn til maritimt toppmøte

Det er ikkje noko problem å fylle opp plassane når Maritimt Forum samlar beslutningstakarar for å stake ut kursen for havnæringane.

Marius Rosbach
14.02.2022

I starten av mars sett «alt som kan krype og gå» av aktørar i og rundt dei maritime næringane kursen for Sunnmøre.

Maritimt Forum Nordvest arrangerer 3. mars for første gong det dei håpar blir ein årleg møteplass for beslutningstakere innan politikk og maritime næringar, kalla «Ocean Summit».

– Situasjonen for bransjen har vore samansett med oljeprisfall, grøn omstilling og pandemi. Det har prega næringa på godt og vondt. No er det behov for sette fokus på neste trekk, fortel konstituert dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde i Maritimt Forum Nordvest til NETT NO om bakgrunnen for arrangementet.

Med «Ocean Summit» vil dei lage «ein arena og møteplass for beslutningstakere innen politikk og maritim næring», som det heiter i invitasjonen.

– Vi har samla aktørar som er viktige for å sette kursen framover, oppsummerer Vedde.

Henrik dalelid vedde foto ogne øyehaug 22
BÅTTUR: Henrik Dalelid Vedde og Maritimt Forum Nordvest inviterer deltakarane på «Ocean Summit» om bord i MS Bruvik i Ålesund. Om bord på seglasen til Sæbø får dei høyre frå både verft, reiarlag og leverandørindustrien i maritim næring. Foto: Ogne Øyehaug

– Interessa har vore kjempestor
Allereie kort tid etter invitasjonane gjekk ut i førre veke blei det klart at arrangementet kom til å bli fullbooka.

– Arrangementet har vekse underveis og interessa har vore kjempestor, fortel Vedde.

Arrangementet startar i Ålesund der deltakarane vil gå om bord i i MS Bruvik. Undervegs på seglasen til Hjørundfjorden og Sæbø vil dei få innspel frå både reiarlag, verft, og leverandørindustrien.

Arrangementet har vekse underveis og interessa har vore kjempestor
Henrik Dalelid Vedde

Håpar på felles mål
Andre del av arrangementet skjer på Rekkedal Gjestehus i Bondalen. Det blir innleia ved at statssekretær Vidar Ulriksen frå Nærings- og fiskeridepartementet fortel om regjeringas satsingsområder.

Etterpå blir det middag med innslag frå Mørebenken ved Sylvi Listhaug (Frp) og Per Vidar Kjølmoen (Ap).

– Det er sjeldan ein kan samla desse aktørane over tid slik vi får gjort her. Vi veit at når toppane både frå bedriftene, politikken, organisasjonar og akademia møtest, så kan beslutningar bli fatta fort og ting kan bli gjennomført, seier Vedde.

– Vi håpar at dei undervegs blir samde om felles mål, legg han til.

Grøne skiftet: «Ein perfekt storm»
Viserektor Annik Magerholm Fet ved NTNU, ESA-direktør Gjermund Mathiesen og Kvale-advokat Robert Lund skal snakke om det politiske og økonomiske handlingsrommet på veg inn i lågutsleppssamfunnet.

– Det grøne skiftet opplevast som «ein perfekt storm», som også gir moglegheiter. Vi spør mellom anna om det er plass til verfta, og korleis utstyrsleverandørane kan bli påverka. Vi tek også tak i rammevilkåra for reiarlaga etter at det blei innført tak på nettolønnsordninga, fortel Vedde.

(saka fortsetter under)

Svein leon aure foto norwind 11
GLER SEG: – Administrasjonen har teke initiativ til Ocean Summit 2022 og set saman eit rikhalding program med dagsaktuelle tema, fortel styreleiar Svein Leon Aure i Maritimt Forum Nordvest.

Jobbar aktivt med politiske spørsmål
Styreleiar Svein Leon Aure i Maritimt Forum Nordvest påpeiker at det er deira rolle å jobbe aktivt med politiske spørsmål som gagnar medlemane. Både Mørebenken og Næringskomiteen på Stortinget er naturlege kontaktar i det arbeidet.

– Oppslutninga har vore veldig bra og vi ser fram til ein innhaldsrik dag med god diskusjonar, som vi håpar vil bidra til å sette retning for det maritime næringslivet på Nordvestlandet, fortel styreleiaren.

Også leiinga i både rederiforbundet og Maritimt Forum sentralt vil halde innlegg, før det er klart for debatt på kvelden.

Toppleiarar i debatt
Under debatten møtast kobbelet Tore Ulstein (Ulstein), Hans Jørgen Fedog (Green Yard Kleven), Stig Remøy (Olympic), Harald Fotland (Odfjell), Harald Tom Nesvik (Sølvtrans), Arne Otto Rogne (Fellesforbundet) Kristin Hide Truelsen (Brunvoll) til diskusjon om korleis maritim næring skal lukkast i det grøne skiftet.

Kvelden skal oppsummerast saman med politikarane frå Mørebenken på Stortinget og statssekretæren frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Publisert: 14.02.2022 05:55

Sist oppdatert: 18.02.2022 10:45

Mer om
Annonsørinnhold